Målgruppa for Enkel nynorsk ordliste
NYNORSK
I Dag og Tid nr. 39 melde Lars S. Vikør to nye nynorske ordlister: Arvid Langelands Nynorsk ordliste. Tradisjonell og einskapleg form og ordlista som eg har gitt ut saman med Karl Arne Utgård og Margunn Rauset: Enkel nynorsk ordliste. I eit innlegg i Dag og Tid 20. oktober seier Erlend Trones at ein «samnorskideologi» ligg bak vår ordliste, og han seier om nynorskbrukarar: «Det finst to leirar, og dei står langt frå kvarandre.»
Det finst truleg både to og fleire leirar blant nynorskbrukarar. Dei to leirane Trones tenker på, finst – eller fanst – først og fremst innanfor målrørsla: tradisjonalistane og samnorskfløya. I målrørsla er det ikkje lenger nokon som arbeider for samnorsk. Men i tillegg til desse to fløyene finst det – heldigvis – ei mengd nynorskbrukarar som ikkje er interesserte i å krangle om former, men som vil skrive ein moderne midtlinjenynorsk. Det er denne nynorsken vi har prøvd å spegle i Enkel nynorsk ordliste, og som eg bruker i dette innlegget.
Vår tanke med Enkel nynorsk ordliste var å lage ei ordliste for dei som ikkje bruker nynorsk til vanleg, men som skal bruke nynorsk i arbeidet sitt. I alle år har vi fått høyre at folk slit med den store valfridommen i nynorsk. Med søk i store nynorske tekstbasar har vi prøvd å finne fram til ein midtlinjenynorsk – ein nynorsk med dei formene som er mest brukte i dag, og som er innanfor norma. Ordlista er ikkje laga for skuleelevar. Dei skal framleis ha Hellevik, Rauset og Søylands Nynorsk ordliste eller andre ordlister som viser valfridommen i nynorsk. På den måten kan dei sjølv finne fram til den nynorsken som passar for dei.
Langeland kunne òg ha hatt som siktemål at hans ordliste skulle brukast av folk som strevar med valfridommen, og som vil ha hjelp til å velje. Dessverre har han valt å gå utanom norma, mellom anna ved å innføre j framfor endinga -ing (tenkjing). Det gjer at ein byråkrat som vil ha rettleiing om ei trongare norm, ikkje kan bruke Langelands ordliste.
Trones seier om arbeidet til Riise-nemnda at «resultatet vart det normkaoset me no kjenner som 2012-rettskrivinga». Eg trur Trones skal vere glad for at nemnda ikkje laga ei altfor stram rettskriving i 2012. Skulle nemnda ha laga ei norm med éi form av kvart ord, ville nok den nye rettskrivinga ha lege nærare Enkel nynorsk ordliste enn Langelands Nynorsk ordliste. Nynodata (2017) har elles vist at «normkaoset» er redusert betrakteleg med den nye rettskrivinga, men det fører for langt å gå inn på det her.
Det er så lett å tru at det er den nynorsken ein sjølv bruker og ser i nærmiljøet, som er den «gode» nynorsken. Vi som arbeider som språkrettarar for folk frå heile landet, ser at dei som skriv ein tradisjonell nynorsk nær Langelands val, er i mindretal. For meg og mange med meg er det viktig at nynorsken framleis er eit «landsmål» i den tydinga at han femner om heile landet. Derfor meiner eg at rettskrivingsnemnda kom fram til eit bra resultat ved å tillate ein del valfridom, og derfor har eg vore med på å lage ei ordliste med forenkla råd til dei som kjenner seg usikre i nynorsk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.