Målgrupper for dei to nye ordlistene
NYNORSK
Lars S. Vikør skriv i Dag og Tid 13. oktober at ein bør motverka ein språkpolitisk skyttargravskrig mellom brukarar av ulike nynorskvariantar med å basera seg på «ein felles nynorskideologi». Problemet er at det ikkje finst nokon slik felles ideologi for normering av nynorsk i dag. Det finst to leirar, og dei står langt frå kvarandre.
Nynorsk ordliste av Arvid Langeland baserer seg på det som var hovudmandatet for nemnda Språkrådet utpeikte til å laga ei ny rettskriving i 2012: Ein tydeleg, enkel og stram nynorsk normert på eigen grunn. Diverre viste nemnda seg ute av stand til å oppfylla dette oppdraget, og resultatet vart det normkaoset me no kjenner som 2012-rettskrivinga.
Det er interessant å notera seg at Aud Søyland, som var sekretær for nemnda, sjølv ser ut til å erkjenna at resultatet ikkje vart serleg enkelt sidan ordlista ho og to andre no har gjeve ut med utvalde former, har fått tittelen Enkel nynorsk ordliste. Det er elles forståeleg at dei ikkje har teke med ordet «tydeleg» i tittelen, for det er verkeleg ikkje lett å sjå skilnaden på bokmål og mange av dei normvala som er gjorde i denne ordlista, til dømes «bygge», «tenke», «følge» og «ønske». Ideologien bak boka til Søyland/Utgård/Rauset synest å vera den gamle samnorskideologien: Ein plukkar bort serprega til nynorsken, eitt etter eitt, heilt til byggverket rasar saman, og restane kan rakast saman med bokmål til ein slags samnorsk. Problemet er berre at bokmålet no har forlate denne tankegangen heilt i og med den nye rettskrivinga frå 2005. Ein gjekk då bort frå tilnærmingslinja og fekk ei rettskriving som gjorde det mogleg å skriva tradisjonelt riksmål. Dermed vert ikkje det etterlengta endepunktet samnorsk, men reint bokmål.
Vikør trur at ordlista til Langeland berre vil appellera til ei sekt av nynorsktradisjonalistar. Her baserer nok samnorskmannen Vikør seg meir på ynsketenking enn på fakta. Ei ny doktoravhandling av Stig Jarle Helset tek for seg bruken av moderate og radikale formval i nynorsk hjå ei gruppe kompetente nynorskbrukarar og i eit stort utval nynorsktekstar frå 1980–2010. Eit tydeleg funn er at nynorskbrukarar flest føretrekkjer moderate framfor radikale nynorskformer, til dømes former som då, no, skule, rekkje og skuld framfor radikale former som da, nå, skole, rekke og skyld.
Den bokmålsnære minimumsnynorsken som Enkel nynorsk ordliste representerer, vil nok appellera mest til bokmålsfolk som må skriva nynorsk, til dømes lærebokforfattarar og byråkratar i dei store byane, medan Arvid Langelands ordliste rettar seg mot folk som vil skriva nynorsk, det vil seia vanlege nynorskbrukarar som ynskjer rettleiing til ein stilsikker og ekte nynorsk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.