Når den raude hanen gjel, då syng eg saman med sola
Partiet Raudt
For Jan Inge Sørbø kan samtida sine politiske hovudproblemstillingar komprimerast til spørsmålet om tilhøvet mellom stat og marknad (Dag og Tid nr. 27, 6. juni). Han konstaterer at logikken frå marknaden slår meir og meir inn i staten, gjennom ein politikk starta opp av Thatcher og vidareført av Blair og Stoltenberg. Denne politikken skapar eit elende som dersom ein skal tru Sørbø, utgjer det reelle grunnlaget for aukande misnøye hjå breie veljargrupper. Av di marknadslogikken har ført heile det politiske feltet mot høgre (motsett det Kaj Skagen i fleire grundige artiklar i Dag og Tid nyleg har påvist), slår misnøya ut i at mange vender seg mot ein høgreside som – feilaktig – peiker på innvandringa som eit hovudproblem.
I røynda burde dei misnøgde, om dei forstod interessene sine rett, vende seg mot venstre og stø ein politikk for meir gamaldags sosialdemokrati. Jau, folk er ufatteleg dumme tvers over den vestlege verda som ikkje ser kva som trer så klårt fram frå parnasset i Volda. Dei diktar opp problem som ikkje har rot annan stad enn i hovudet på demagogar.
I forlenginga av Sørbøs samfunnsanalyse er partiet Raudt ingen fare, men utgjer ei positiv kraft (han seier ikkje det rett ut, men det følgjer av resonnementet). Den sterkaste kritikken Sørbø kan få seg til å uttrykke mot programmet til Raudt, er at «det er uklart kva slags økonomisk modell dei ser føre seg». Jaha. Bør det ikkje vere klart nok i ljos av den ideologiske tradisjon partiet står i, og kva røynsler verda har med praktiseringa av denne, at deira modell i alle høve tyder katastrofe, økonomisk så vel som for demokrati og liberale rettar? Er det då noko anna som tilseier at Raudt ikkje er noko trugsmål enn den framleis svake oppslutnaden deira? Og når ein no ser at denne oppslutnaden aukar ganske dramatisk, spesielt i hovudstaden, rettferdiggjer ikkje det ein konfrontasjon med ideologien bak Moxnes’ smilande andlet?
Ikkje for Sørbø, som ikkje kan sjå at Raudt, partiet som samlar alle dei mest ytterleggåande marxistiske kreftene i landet, skulle vere noko trugsmål mot det liberale demokratiet i det heile. Dette i motsetnad til høgrepopulismen og Frp, som manglar all respekt for liberale rettar. Jau, dette seier faktisk Sørbø i klårtekst (sjølv om han ikkje nemner Frp ved namn). Like reservasjonslaus som han er i si godkjenning av Raudts demokratisk-liberale akkreditiv, er han i underkjenninga av Frp på det same området. Kvar plasserer han då Frp og andre parti som artikulerer protestar mot masseinnvandringa som snur om på dei europeiske samfunna?
Dersom Sørbøs ståstad er den same som Raudts, så gjev det han skriv, meining. Elles ligg det nær å tenkje på Lenins omgrep «nyttige idiotar».
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Albumet som no er ute, tek utgangspunkt i spesifikke Aphex Twin-konsertar.
Skjermdump frå YouTube
Raritetar i utval
Enkeltpersonorkesteret Aphex Twin samlar «djupe kutt» i utval til glede for store og små.
Den svenske Duo SolRoos, med luttspelaren Dohyo Sol og blokkfløytisten Emilie Roos.
Foto: Alf Ljungquist
Meistermøtet
Duo SolRoos gjev oss atterklangar av Weiss og Bach i samspel.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?