Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Norsk reaksjon etter «Kårstein»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Torstein Dahle, som leier Ship to Gaza Norway, på ei markering framfor Utanriksdepartementet 30. juli i år.

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

2515
20180810
2515
20180810

Gaza

I Dag og Tid 3. august etterlyser professor Alla Pozdnakova ein norsk reaksjon på den israelske handsaminga av skipet «Kårstein» utanfor Gaza. Denne etterlysinga føyer seg godt inn i biletet av sjølve ekspedisjonen som «Kårstein» var berar av. Tilsynelatande ynskjer «Kårstein»-ekspedisjonen å skipa ei last av medisinar, i tillegg til sjølve båten, til Gaza for å stø befolkninga der.

Eg er varm tilhengjar av humanitær hjelp der det kan gjera nytte, men denne ekspedisjonen ser mest ut som ei handling med føremål å stanga hovudet i murveggen. Det er ikkje ei øving som får godkjenning av meg.

Professor Pozdnakova stør seg til folkeretten i sitt krav om avlevering av ein norsk statleg protest mot det som aktørane kallar «sjørøveri». «Alle» veit om den israelske blokaden. Alle veit at den har stått ved lag i fleire tiår, og at tidlegare liknande ekspedisjonar har fått akkurat same lagnad som «Kårstein». Alle veit òg at Israel bryt folkeretten på alle moglege måtar – noko som klårt går fram av til dømes 79 resultatlause resolusjonar i FN.

Professoren burde vera den fyrste til å vita at lovgjeving utan handheving er den veikaste peikefingeren som finst. Ingen nasjonar har prøvd å handheva forbodet mot denne blokaden. Ingen har prøvd å handheva forbodet mot busetjing på okkupert område. Ingen har prøvd å handheva forbodet mot grensemuren, berre for å nemna tre aktuelle saker. Resolusjonar og prat er det lengste vi hittil er komne til.

Når Israel kan halda ved lag blokaden av Gaza, i strid med folkeretten, er det fordi ingen statar har sett seg i stand til å hindra det, av ymse årsaker vi skal la liggje. Dermed måtte alle om bord i «Kårstein» vita at dei ville bli borda og hindra i å nå Gaza. Om det ikkje var så, var det særs mangelfull førebuing om bord i «Kårstein». Om det faktisk var så, då er Israel i sin fulle rett til å hevda at ekspedisjonen fyrst og fremst var ein provokasjon mot Israel, meir enn ein hjelpeekspedisjon.

Om hjelpesending var målet, så kunne ein ha unngått konfiskasjon ved å senda hjelpa på annan måte. Om målet var å gje ein båt i gåve, måtte ein vita at ein måtte gå gjennom israelske myndigheiter for å koma fram – ikkje fordi det ville vera etter folkeretten – men fordi det er status quo i området, folkerett eller ikkje.

For å vera litt folkeleg i avslutninga, så meiner eg at heile ekspedisjonen ber preg av ein filosofi som seier at det er tenleg å pissa i motvind. Få med praktisk erfaring vil vera einige.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Marita Liabø

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis