VERDIAR
Diskusjonen om norske verdiar og kva som er typisk norsk, går høgt for tida. Eg sit på kafé i Amsterdam og les Dagens Næringsliv og Aftenposten. Samtalepartnarar er bunad- og husflidsdamer frå Noreg og Nederland. Christopher Bruun, Hulda og Arne Garborg og Helge Ytrehus har eg ikkje sett nemnt enno i den norske debatten. Dette trass i at arven etter desse og mange fleire åndshovdingar innafor norskdomsrørsla nok har hatt stor betydning for dagens norske verdiar. Rune Slagstad er i boka Nasjonale strateger (Pax, 2001) inne på at det var læraren som var den norske folkedannaren gjennom 150 år. Kanskje var det læraren – ikkje først og fremst bak kateteret – men like mykje læraren som dirigent i songlaget, venstrepolitikar, avhaldsmann, instruktør på teaterscenen, allsongleiaren, leiklæraren, bunadsberaren og leiar i ungdomslaget som la grunnlaget for det annleislandet som har stemt mot EU-medlemsskap to gonger.
Når koloniane som mellom andre Nederland og England måtte gi fri etter andre verdskrig skulle bygga sine eigne land og eigne kulturar, så var det ofte til Noreg mange politikarar og kulturbyggarar kom frå desse nylanda for å studere solidaritet, demokrati og Ivar Aasens språkbygging. Når NRK-programposten «Sånn er livet» skulle jubilere for ca. 15 år sidan, brukte dei ei heil veke på å leite etter det typisk norske. Hovudkonklusjonen var – litt omskrive: Det typisk norske er at sentrum i Noreg er utkanten og bonden. Det er kanskje ikkje før med debattane mellom Gro og Kåre på 80-talet at Noregs midtpunkt tar til å bevege seg til hovudstaden.
Det var dei velutdanna og embetsmennene som ved nasjonalromantikken midt på 1800-talet plasserte det norske i bygdene. Mellom anna derfor har distriktspolitikk stått sentralt så lenge her. Derfor vart ikkje oljerikdommane gitt bort til storkarane, men plassert i eit fond som skulle koma oss alle til gode. Derfor reagerer så mange utlendingar på at hotella, kjøkkeninnreiinga og sofagruppene er like nye og fine på Ål, i Rørvik, i Henning og i Harstad som i Oslo.
Hadewych van der Werf er ei av dei mange nederlendarane som har stor respekt for norsk kultur. Ho studerte på Akademiet i Rauland på den tida Helge Ytrehus var rektor. For han var tankelivet noko som skulle utløyse handlingsevne og godt handverk. Han var sterkt samfunnsengasjert og deltok lokalt i arbeidet til Amnesty International. Han var oppteken av menneskerettane, av endringar i nasjonalitetsomgrepet og av sysselsetjing, arbeid og fritid i det moderne industrisamfunnet. Han ville i beste gundtvigsånd bygge eit akademi som var tufta på folkeleg grunn – ikkje på latinsk og akademisk teori og universitetsskolering. I 1974 vart Rauland folkehøgskule og Akademi starta. Skulen var ein frilynt folkehøgskule, og initiativtakarane var Noregs Ungdomslag, Noregs mållag og Norsk folkehøgskolelag. Linjene på folkehøgskulen var forming, økologi og friluftsliv, drama, filosofi og idéhistorie.
Hadewych med sin Akademi-bakgrunn har invitert oss til Nederland på museumsbesøk. Utstillinga SITS katoen in bloei på Fries Museum i byen Leeuwarden i Friesland viser fantastiske bomullsstoff som er importerte frå dei nederlandske koloniane i dei Aust-Indiske områda. Desse stoffa kan ein kjenne igjen i europeiske folkedrakter, og dei kan altså danne grunnlaget for detaljar i norske bunader.
Kultur vandrar. Nesten ingen ting er særeige norsk. Vi mottar, omformar og gjenskaper. For å skape er vi avhengige av impulsar, stimuli og inntrykk utanfrå. Satsinga på individet, egoismen og samling av kapital på få hender som ein no ser i verda, kan vera heilt øydeleggande for kulturutviklinga vi har hatt i den vestlege verden dei siste hundreåra. Mange føler at verda er i ferd med å stoppe opp – og kanskje er det tilfelle. Den muren mot inntrykk frå omverda som Trump og Listhaugalliansen synes å ville bygge opp, kan vera dødbringande for den vestlege kulturen og står i sterk kontrast til opplysnings- og demokratitanken som heile tida har lege til grunn for den norske nasjonalismen.
Slike tankar kan ein gjere seg på museumsbesøk i nederlandske Friesland.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Dyrlegen kjem
Joachim Cooder er kjend som perkusjonist frå fleire utgivingar saman med opphavet, Ry Cooder.
Foto: Amanda Charchian
Motellet til drøymaren
Joachim Cooder opnar dørene til sju musikalske rom.
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»