Om «Den fyrste songen»
DIKT
Dette er vel det mest kjende diktet av Per Sivle frå songbøker og andre publikasjonar av og om Vossa-diktaren. Diktet, eller songen, er kjend med dei tre versa om stod på trykk fyrste gongen i 1877 då Per hadde starta på 20-åra. Han hadde au skrive nok eit vers, men det er ukjent for dei som ikkje har gjort noko for å få tak i det. Per høyrer liksom songen frå mor si stige opp or grava – den song som allting heilar. Og så konkluderar han med:
Den songen er om Jesus Krist,
vår frelsar og forsonar,
den syng ho no, det veit eg visst
blant himmelens millionar.
Årsaka til at det siste verset er utelatt, har eg lese å vere at mora Susanna Ryen prøvde sjølmord ved drukning (som ugift og med tvillingar i magen). Etter den tids offisielle moral var slike ikkje «kvalifisert» til å få ei grav i vigsla jord. Er det då slik å forstå at ettertida har gjort seg til doms og meiner at mora ikkje er å finne «blant himmelens millionar»? Susanna fekk tvillingar tre gonger på to og eit halvt år, fem var dødfødde og Per var den einaste som jordmora greidde å få liv i.
Ikkje noko merkeleg at bildet av mor steig fram i han og kunne framkalle minne både dag og natt.
Per var som ein veit, alt frå tidleg ungdom langt få ukjend med «god gamaldags kristendom», og hadde jamvel tatt mål av seg til å bli prest. Men den vegen var, og er, lang. Fyrste steg på utdanningsvegen var artium, og denne løypa reiste han til Kristiania for å starte. Han kom godt igang, men helsa svikta så han laut gje opp det heile. Resten av livslagnaden kjenner me.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
DIKT
Dette er vel det mest kjende diktet av Per Sivle frå songbøker og andre publikasjonar av og om Vossa-diktaren. Diktet, eller songen, er kjend med dei tre versa om stod på trykk fyrste gongen i 1877 då Per hadde starta på 20-åra. Han hadde au skrive nok eit vers, men det er ukjent for dei som ikkje har gjort noko for å få tak i det. Per høyrer liksom songen frå mor si stige opp or grava – den song som allting heilar. Og så konkluderar han med:
Den songen er om Jesus Krist,
vår frelsar og forsonar,
den syng ho no, det veit eg visst
blant himmelens millionar.
Årsaka til at det siste verset er utelatt, har eg lese å vere at mora Susanna Ryen prøvde sjølmord ved drukning (som ugift og med tvillingar i magen). Etter den tids offisielle moral var slike ikkje «kvalifisert» til å få ei grav i vigsla jord. Er det då slik å forstå at ettertida har gjort seg til doms og meiner at mora ikkje er å finne «blant himmelens millionar»? Susanna fekk tvillingar tre gonger på to og eit halvt år, fem var dødfødde og Per var den einaste som jordmora greidde å få liv i.
Ikkje noko merkeleg at bildet av mor steig fram i han og kunne framkalle minne både dag og natt.
Per var som ein veit, alt frå tidleg ungdom langt få ukjend med «god gamaldags kristendom», og hadde jamvel tatt mål av seg til å bli prest. Men den vegen var, og er, lang. Fyrste steg på utdanningsvegen var artium, og denne løypa reiste han til Kristiania for å starte. Han kom godt igang, men helsa svikta så han laut gje opp det heile. Resten av livslagnaden kjenner me.
Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.