Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Om djupt og grunt hos jordbokforfattarar og bokmeldarar

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2670
20171110
2670
20171110

LITTERATUR

Eg har ikkje for vane å kommentera meldingar av mine bøker. Unnataket er når meldaren kjem med direkte feilinformasjon.

Diverre er det til dels dette Siri Helle gjer i si melding av Jordboka i Dag og Tid 27. oktober. I ein lang passasje siterer ho meir eller mindre ordrett frå boka om det rike og varierte mikrolivet i molda (utan å kreditera), før ho deretter konkluderer med at det står lite om slikt i boka. Dette er underleg meldingsteknikk. Det er tilsvarande underleg at Helle ikkje nemner noko om alt det som står i boka om korleis menneske kan spela på lag med mikrolivet i molda – med meir berekraft og auka produktivitet som resultat.

Eg klør meg òg litt i hovudet av at Helle hevdar at eg ikkje tek «motstandarane» på alvor når eg hevdar at gift og kunstgjødsel drep livet i molda. Dersom Helle les Jordboka som ei «objektiv debattbok» og jordbrukskjemiens fordelar og ulemper, les ho den definitivt med feil blikk. Om det er slikt ho er på jakt etter, bør ho heller lesa andre ting eg har skrive. Jordboka er basert på veldig mange forskingsartiklar, ja, men først og fremst på møte med mange nyskaparar innanfor landbruk og hagebruk over heile verda – nyskaparar som arbeider fram både meir berekraft og meir produktivitet. Det er deira røyster og erfaringar boka formidlar.

Vridinga og vrenginga på det eg skriv i boka om korleis aerobe og anaerobe bakteriar i all hovudsak verkar i mold og kompost, gjer meg oppgitt. Det er ein grunn til at me søkjer lufttilgang i kompostering. Det er for å gje best mogleg vilkår for dei «gode, aerobe, bakteriane». Når Helle, med basis i dette, retorisk spør om eg også er mot anaerobe ostebakteriar, blir meldinga noko platt.

Eg grev ikkje djupt nok, hevdar Helle. Vel, vel, no imponerer nok ikkje bokmeldaren med så veldig med djupne ho heller. Til dømes kunne ho med fordel ha gjort lesarane merksame på at boka består av 24 essay, kvar med sitt perspektiv og vinkling på fenomenet mold og tilhøvet mellom menneske og mold. Kvart essay har mange referansar for den som vil grava endå djupare. Temaet som blir tatt opp i kvart av desse essaya, kunne definitivt ha blitt ei bok i seg sjølv, men målet med Jordboka er primært å skapa interesse og engasjement for eit ukjent men uhyre viktig univers.

Boka er meint for «alle». Dette er eit krevjande publikum. Førebels ser likevel Jordboka ut til å ha treft godt. Heile første opplaget er rive bort. Og det på tre veker. Nytt opplag er på veg. Ikkje verst, meiner eg sjølv, for ei bok om mold.

Professor Dag Jørund Lønning er rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt

Feature

Arvingane til Amundsen

Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.

Hallgeir Opedal

Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Naturplan utan samling

Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.

Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Foto: Universitetet i Bergen

MinneordSamfunn
Svein Gjerdåker

Øyvind Vågnes (1972–2025)

«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»

Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.

Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Den livsviktige satiren

Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.

I fleire år har Odd Nerdrum arbeidd med det store målarstykket «Tre menn i båt». Kunstnar Elisabeth Werp rosar verket, men juryen for Haustutstillinga i år er ikkje imponert.

Foto: Janne Møller-Hansen VG / NTB

KunstKultur

Femti års einsemd

Odd Nerdrum er aktuell med NRK-serien Familien Nerdrum. I 2021 skreiv Kaj Skagen om paradokset Nerdrum. Les dei tre artiklane her.

Kaj Skagen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis