Om Folketrygda og IPS
PENSJON
I pensjonsranet 2005–2008 tok politikarane mange tusen i pensjon frå store grupper pensjonistar. Jens Stoltenberg var kjempestolt over at han hadde fått på plass det han kallar eit berekraftig pensjonssystem. Dei framtidige pensjonsbudsjetta til staten vart sett på brutal slankekur. Mange av oss syntest dette var frekt, på grensa til svindel. Vi var mykje rikare enn ved innføringa av Folketrygda i 1967. Likevel skulle dei kutte i pensjonen.
Nå vert IPS lansert, og Jon Hustad omtaler denne pensjonspareordninga som «Meir pengar til rike pensjonistar». Det er ein del av sanninga. Men IPS er også eit nytt døme på dobbeltmoralen til politikarene: Privat sparing til pensjon har vorte framelska og skattesubsidiert med brei pensel sidan 2005. Dette har vi råd til. Det er offentleg pensjonssparing gjennom Folketrygda som trugar velferdsstatens berekraft. Den har vi ikkje råd til. Her er det noko som skurrar.
Vekst i privat pensjonssparing har vore formidabel. Dette gjeld både individuell pensjonssparing og sparing gjennom tenestepensjonsordningar. Det er ikkje berre finansnæringa som tener på dette. Også dei som uansett ligg an til å få ein god pensjon, trygger framtida si på dette viset. På den andre sida har vi arbeidsuføre og folk med hardt arbeid og låg løn. Dei uføre har ingen tenestepensjonsordning. Dei fleste låglønte har lovas minimum.
Det er ein viktig skilnad mellom Folketrygdfondet og finansnæringa. Folketrygdfondet har ingen eigarar som krev utbytte. For eigarane, det er oss. Finansnæringa jobbar døgnet rundt for å finne nye produkt slik at eigarane kan verte nøgde med resultata. Eit slikt produkt er IPS. Men for at salet av IPS-avtaler skal ta av, treng dei skattesubsidiar. Ingen problem. Regjeringa elskar å kunne subsidiere finansnæringa.
For mange av oss er det eit mål å redusere forskjellane. Stor forskjell mellom fattig og rik gjev eit dårleg samfunn på mange område. Vi har lenge vore klare over at forskjellane frå dei yrkesaktive åra blir tatt med over i pensjonistlivet. Men kan det vere ei prioritert oppgåve å auke denne forskjellen mellom rike og fattige pensjonsister til det ekstreme?
Markus Hansen er
arbeidslivspolitisk ansvarleg i Raudt.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.