Porno og likestilling
Samfunn
Staten er som eit menneske. Ikkje heilt, men på mange måtar. Statar lyt som menneske stundom velja. No kan jo sjølvsagt eit menneske prøva unngå valets tunge ansvar ved å syna til grunnar utfor si makt. Dette er det Sartre kallar vond tru. Statar kan òg vera i vond tru. I tilfellet porno er vår stat det.
Mennesket er som ei plante. Ikkje heilt, men på mange måtar. Menneske har som planter trivselsvilkår. I eit drivhus sørger gartnaren for sine planters trivsel. Han vatnar dei, gjødslar dei, ser til at det er nok ljos, ser til at dei har gode vekstvilkår. I vår stat vel borgarane representantar som skal sørga for at dei trivst. Vel dei klokt, vil menneskevekstane kunna blomstra og bogna av livets gode, av kjærleik, av alvor, av venleik, før dei visnar og døyr. Ein god gartnar held giftige dunstar som trugar plantene sine trivselsvilkår, ute av sitt drivhus. Vårt samfunn osar av pornoluft, som kvinner ikkje kan trivast i, men vår stat er i vond tru, og tvungen av ytringsfridomens heilage idol kan han ikkje velja, vil han ikkje velja.
Likestillinga er ein skjørt spirande blom, og våre leiarar stemmer alle i denne blomens hymne, og hyllar hans venleik, hans heilagdom, hans trivsels avgjerande tyngd. Porno er eit olmt fe i næringssorg som grasar likestillingsblomens hage med fortærande hunger, og som våre leiarar ikkje ser, ikkje talar om, ikkje vil vita av. Sensurens straumgjerde kunne nok redda blomen, kan nok redda blomen, men vår stat er i vond tru, og tvungen av ytringsfridomens heilage idol kan han ikkje velja, vil han ikkje velja.
Vanen er som ein sti gjennom skogen, eit tråkk som ved si gjentaking dannar kvardagen. Norske mannfolks stiar går om horeframstillinga si kjelde, som ligg fritt og tilgjengeleg. Der drikk dei godt, der fyller dei seg med fantasiar om kvinners fornedring, kvinners audmjuking, om kvinners vellyst i dette, let blodet brusa og stormen rasa i sinnets vêr. Skulle ikkje desse fantasiane gjera seg gjeldande i språket, i rommet? Gjer dei ikkje det?
Vanen er som ein sti gjennom skogen, eit tråkk som ved si gjentaking dannar kvardagen. Norske kvinnfolks stiar går om horeframstillinga si kjelde, der dei speglar seg og let sine sjelers blad visna, speglar seg og fortvila ikkje vil vera seg sjølve. Sorgtungt erkjenner dei sin fattige kulturs fordringar av kjønnet, sorgtungt erkjenner dei sin plass i verda, sorgtungt erkjenner dei sin forms skam. Skulle ikkje desse refleksjonane gjera seg gjeldande i språket, i rommet? Gjer dei ikkje det?
Ja, vår stat er i vond tru, han vil ikkje velja. Staten er som sagt ikkje heilt som eit menneske, eit menneske i vond tru blir seg sjølv kontinuerleg, fornektar sin fridom aktivt, og det at mennesket blir i vond tru, kviler på eit einaste moment, menneskets sjølv. Med staten kan kvar vesle celle som ropar høgt nok, gjera seg gjeldande, få med seg andre og krevja eit val frå sine representantar, tvinga staten ut av si vonde tru. Ironisk nok er det ytringsfridomens gåve som gjer dette mogleg, men denne vesle cella såg gjerne at me ofra ein flik av denne, dersom det er slik at me meiner alvor med likestillinga.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Albumet som no er ute, tek utgangspunkt i spesifikke Aphex Twin-konsertar.
Skjermdump frå YouTube
Raritetar i utval
Enkeltpersonorkesteret Aphex Twin samlar «djupe kutt» i utval til glede for store og små.
Den svenske Duo SolRoos, med luttspelaren Dohyo Sol og blokkfløytisten Emilie Roos.
Foto: Alf Ljungquist
Meistermøtet
Duo SolRoos gjev oss atterklangar av Weiss og Bach i samspel.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?