Putins klamme tak
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Georgia
Georgia veit kva Vladimir Putins brutale hærmakt er. Russland sende hæren inn i 2008, ein krig få i vest brydde seg om då Putin starta krigersk imperiebygging. Han støtta to utbrytarrepublikkar som berre dei næraste venene hans har anerkjent.
Likevel er det mange i Georgia som vil binde seg til Russland. Eldre kjenner på nostalgien frå sovjettida. Andre verdset Russland som handelspartnar. Regjeringspartiet Georgias Draum er leia av ein oligark som lærte både pengar og makt i Moskva.
26. oktober er det val. I hovudstaden Tbilisi fekk eg nyleg kjenna på konfrontasjonen. Opposisjonen vil ta Georgia mot vest og Europa.
Mariam Gavtadze i demokrati- og menneskerettsinstituttet TDI seier rett ut valet er det mest avgjerande sidan Georgia blei sjølvstendig i 1991 då Sovjetunionen braut saman: «Georgia har aldri før hatt ei regjering som vil gje landet i hendene på Russland.»
Pastor Zaal Theskelashvili leier ei lita, evangelikal kyrkje med 100 medlemmer i Tbilisi. Han deltok sjølv då det før sommaren var store demonstrasjonar mot ei ny lov regjeringa pressa gjennom. Regimet svarte demonstrantane med hardhendt makt.
Lova krev at alle organisasjonar som får meir enn femteparten av inntektene frå kjelder utanfor Georgia, må registrera seg som «utanlandske agentar». Dette er ein kopi av ei lov Putin innførte i 2012, for å ta nakketak på og stigmatisera sivilsamfunnet.
President Salome Zourabichvili omtalte lova som «den russiske lova» då ho la ned veto. Vetoet vart overstyrt av presidenten i nasjonalforsamlinga. Lova blei sett ut i livet 3. juni.
Også kyrkjer og religiøse organisasjonar fekk då 60 dagar på seg til å registrera seg som «utanlandske agentar». Dei må gje frå seg sensitiv informasjon også om medlemmer. Pastor Zaal samanliknar lova med at «staten installerer overvakingskamera i kvart einaste hjørne for å kontrollera det religiøse eller private livet til dei truande».
Mariam Gavtadze i TDI seier ho knapt kan førestilla seg kva press det vil bli retta mot religiøse organisasjonar for å spora gåver. Lova trugar med høge bøter.
TDI fryktar for si eiga framtid. Instituttet får viktige tilskot frå EU. Det er naturleg sidan Georgia i desember fekk ja på søknaden om å bli EU-kandidat. Absurd nok er kravet no at TDI på grunn av tilskot mellom anna frå EU, må registrera seg som «utanlandsk agent».
TDI og andre menneskerettsorganisasjonar nektar å registrera seg som «agentar». Framtida for TDI etter ein valsiger for regjeringspartiet Georgias Draum er difor svært usikker. «Vi har ingen planar for tida etter valdagen», fortel Gavtadze. «Vi må kjempa for å vinna. Vi reknar med høge bøter, men kalkulerer med at regjeringa ikkje vil klara å likvidera organisasjonen før valet».
Pastor Zaal har frykt på fleire plan. Dersom TDI blir stengt, vil kyrkja ikkje lenger ha hjelp i nye tvistar med makta.
Pastor Zaal veit heller ikkje om kyrkja overlever. I ti år har Georgia hatt eit statleg kontor for religiøse spørsmål, underlagt statsministeren. Pastor Zaal nekta å registrera kyrkja der. Han meiner det hemmelege politiet styrer kontoret. Mengder av lekte dokument dokumenterer statleg overvaking.
Pastoren har fått rettens medhald i at kyrkja kan vera uregistrert. Men dersom Georgias Draum vinn, bur han seg på at det kjem ei religionslov som vil stoppa fridommen. «Autoritære regime tek seg stor rett til å definera eit trussamfunn for å sikra seg sjølv kontroll», forklarar Gavtadze.
På toppen kjem «den russiske lova». EU åtvara og sa at dette var eit tilbakeslag for prosessen mot medlemskap og demokrati. No har EU varsla at 121 millionar euro blir haldne tilbake.
Regjeringa har på si side varsla at den Europa-venlege presidenten, ho som la ned veto mot «den russiske lova», skal stillast for riksrett. Det er, seier Gavtadze, berre å venta på fleire «hysteriske, antidemokratiske og antivestlege handlingar».
Makta festar grepet i tospann med den ortodokse kyrkja, ein av dei sterkaste institusjonane i landet. Georgias Draum vil gjera ortodoks kristendom til statsreligion. Kyrkja avviser det og vil heller byggja vidare på dagens avtale med staten.
Oligarken Bidzina Ivanishvili, den verkelege sjefen i regjeringspartiet, vil at den ortodokse kyrkja skal framhevast endå sterkare i grunnlova som «statens fundament», gitt stort nok fleirtal.
Pastor Zaal fryktar «propagandaen som seier at staten er i fare som følgje av religiøst mangfald. Ikkje-ortodokse vil ikkje bli rekna som truverdige borgarar».
Georgia har vore kristen nasjon sidan år 330. Landet kan enda som Russland: ein autoritær stat som i fellesskap med ei nasjonalreligiøs kyrkje stemplar Vesten som farleg og knekkjer kritiske stemmer, religiøse minoritetar og eit uavhengig sivilsamfunn.
Johannes Morken er redaktør i Stefanusalliansen.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.