Skog som klimafaktor
Skogbruket har endra seg. I sommar brann skogen på Vindslandsheia mellom Birkeland og Grimstad.
Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix
Klima
Skogen skaper sitt eige klima – og næring han sjølv treng. På landjorda byggjer også skogen med sitt artsmangfald opp levevilkår både klimatisk og næringsmessig for planter, dyr, insekt og menneske. For meg er det derfor uforståeleg at vi sist på 50-talet fullstendig forandra oppfatning om korleis vi skulle drive skogbruk. Haustingsskogbruk, eller bledning, som det blei kalla, tok omsyn til korleis skogen hadde bygd opp livsgrunnlaget for seg sjølv og alt liv rundt seg. Det kallar vi suksesjon. Ifølgje Ola Børset, professor i skogskjøtsel ved Noregs landbrukshøgskole i si tid, tok denne suksesjonsperioden 3000 år, frå klimaet blei kaldare i yngre bronsealder til vi fekk den tresamansetnaden vi har i dag. Da kom den norske grana inn i skogfaunaen vår.
På 50-talet tok det moderne kulturskogbruket til, med 50 meter breie striper med monokulturar av gran frå fjellet og ned til lågaste punkt i skogområdet. Lauvskogen blei vår største fiende, bekjempa både mekanisk og kjemisk. På 60-talet fortsette galskapen med å avskoge også desse 150 til 200 meters mellomstripene med naturskog og plante til med gran, eller i nokre få tilfelle med furu på skrinnare mark. Skoggrensa frå 1932 blei fullstendig neglisjert. Store, snaulagde skogsområde gjorde det vanskeleg for ny skog å etablere seg. Utover 70- og 80-talet begynte også aukande klimaskadar å kome til syne på kulturskog som hadde klart å etablere seg. På avstand kunne denne ungskogen for eit ukyndig auge sjå frisk, frodig og vekstvital ut. Dette gav store moglegheiter til å overbevise min foreldre- og besteforeldregenerasjon på 50-talet, som ofte var svært skeptiske til det moderne kulturskogbruket.
I dag kjem problema stadig meir til syne for alle med eit nokolunde normalt gangsyn: barmassetap, mogningsproblem, borkbrann, soppangrep og så vidare. Store, snaulagde skogsområde og klimaskadd kulturskog er langt meir sårbar for skogbrannar i varme og tørre periodar. Snaulagde område fører til lågare luftfuktigheit og aukar vindstyrken, trekker kaldare luft ned frå snaufjellet og aukar problemet med frostskadar. Vi får større temperatursvingingar mellom årstidene og mellom dag og natt i område der vekststabil og dampande skog er borte. Myr og sumpområde blir grøfta ut av både jordbruk og skogbruk og øydelegg magasin for vatn, fuktigheit og fordamping i naturen. Det aukar faren for flomskadar i sterke nedbørsperiodar og for tørkeskadar i tørre og varme periodar. Klimaproblema aukar med avstanden frå havet og med høgda opp mot snaufjellet.
Dei som går i slike område, kan i dag sjå problema for etablering av ny skog i både naturskog og kulturskog, og barmassen som tørkar ut både i 50-talets monokulturar og i yngre kulturskog. I uttørka og daud barmasse som ligg på bakken, skal det lite fukt til for at han ikkje er brennbar, men det som enno heng att på kvisten, brenn omtrent som krut og bør helst ikkje kome halvnær ei fyrstikk eller ein gnist av noko slag.
Så seint som på 60-talet hadde vi ofte 15–20 årgangar med grøn barmasse i vekstvital skog i både naturskog og kulturskog. Vital og dampande skog avgjev også fukt til høgare luftlag og fell etter kvart ned som regn i meir normale megder. I dag er det berre tre–fire årgangar att, og desse årgangane er svekte av før nemnde klimaskadar. Alt dette er eit resultat av moderne kulturskogbruk, spesielt i klimamarginale fjellskogsområde. Alle som tvilar, kan ta med seg ein forstpatolog (skogdokter) for å høyre om han meiner at underteikna lyg eller overdriv.
At desse formene for klimaendringer og skadar i skogområda våre er skapte av oss menneske, er det truleg liten grunn til å diskutere.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.