Sykkelsatsing i Oslo
SYKKEL
Jon Hustad tillet seg adskillig ironi over byrådet si satsing på utbygging av sykkelvegnett i Oslo dei næraste åra i Dag og Tid nr. 41. «Kvifor skal så bilistane betala meir for at dei syklande skal få betre sykkelvegar?», spør han retorisk, og viser til at reduksjonen i utslepp av klimagass som fylgje av tiltaket vil koste 353 tusen kroner per tonn. Men det han gløymer å spørje om, er korleis eit slikt reknestykke vil sjå ut for satsing på vegutbygging. Grunnen er sjølsagt at milliardsatsing på vegutbygging faktisk gjev auke i utslepp av klimagass. Sitatet ovanfor syner at Hustad har ei grunnhaldning om at dei eigentlege trafikantane er bilistar, og at fotgjengarar og syklistar kun er bry og heft for desse.
Men ei slik haldning kan ikkje ein gong rike Noreg halde på lenger. Når byrådet satsar forsiktig på ei forbetring for syklistane, er det tilpasning til ei utvikling som er godt i gong i europeiske byar, og som også vil koma hjå oss. Det er knapt nok snø lenger i Oslo, og det kuperte terrenget er ikkje noko stort problem for elektrifiserte syklar. Så utbygginga er ikkje berre for å få ned klimautsleppa, men for å frakte folk på ein praktisk måte dit dei vil og treng. Tida for fri bruk av privatbil i storbyar er nok definitivt forbi. Då er satsing på auka sykkelbruk både fornuftig og framsynt. At ein i tillegg oppnår positiv klimaeffekt, må ein ta som ein bonus.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
SYKKEL
Jon Hustad tillet seg adskillig ironi over byrådet si satsing på utbygging av sykkelvegnett i Oslo dei næraste åra i Dag og Tid nr. 41. «Kvifor skal så bilistane betala meir for at dei syklande skal få betre sykkelvegar?», spør han retorisk, og viser til at reduksjonen i utslepp av klimagass som fylgje av tiltaket vil koste 353 tusen kroner per tonn. Men det han gløymer å spørje om, er korleis eit slikt reknestykke vil sjå ut for satsing på vegutbygging. Grunnen er sjølsagt at milliardsatsing på vegutbygging faktisk gjev auke i utslepp av klimagass. Sitatet ovanfor syner at Hustad har ei grunnhaldning om at dei eigentlege trafikantane er bilistar, og at fotgjengarar og syklistar kun er bry og heft for desse.
Men ei slik haldning kan ikkje ein gong rike Noreg halde på lenger. Når byrådet satsar forsiktig på ei forbetring for syklistane, er det tilpasning til ei utvikling som er godt i gong i europeiske byar, og som også vil koma hjå oss. Det er knapt nok snø lenger i Oslo, og det kuperte terrenget er ikkje noko stort problem for elektrifiserte syklar. Så utbygginga er ikkje berre for å få ned klimautsleppa, men for å frakte folk på ein praktisk måte dit dei vil og treng. Tida for fri bruk av privatbil i storbyar er nok definitivt forbi. Då er satsing på auka sykkelbruk både fornuftig og framsynt. At ein i tillegg oppnår positiv klimaeffekt, må ein ta som ein bonus.
Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.