Symbolikk eller god sykkelpolitikk?
I 2016 auka sykkelbruken i Oslo med 18 prosent frå året før, skriv Isak Slettebø.
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
SYKKEL
Jon Hustad ymtar i Dag og Tid den 13. oktober om at sykkelsatsinga i Oslo er dyr symbolpolitikk. Hadde me kjøpt klimakvotar, kunne me ha kutta langt meir effektivt i CO2-utslepp, meiner han. Hustad bommar dobbelt i kommentaren sin. For det første verkar ikkje kvotesystemet til EU, sidan kvotane er for billege. For det andre har Oslo lenge slite med lokal luftforureining. Folkehelseinstituttet reknar med at rundt 185 osloborgarar dør for tidleg kvart år på grunn av svevestøv, og biltrafikk er saman med vedfyring den viktigaste kjelda til svevestøv og til luftforureining generelt i Oslo. Fæl luft er uheldig òg på andre måtar: Nyare forsking frå mellom anna Umeå og Barcelona tyder på at det rammer både den psykiske helsa og den intellektuelle utviklinga til barn. Eldre og folk med luftvegsproblem er andre sårbare grupper. Har sykkelsatsinga så verka? I 2016 auka sykkelbruken i Oslo med 18 prosent frå året før. Berre nokre få andre byar i verda såg ein liknande vokster. Hustad må elles hugse at òg byar som Amsterdam har hatt store problem med biltrafikk tidlegare – det kravde politisk vilje å fortrengja bilane der au. Det er ikkje den norske vinteren eller dei høge fjella våre som hindrar folk i å sykle, men manglande politisk tilrettelegging. Oslo blei i sommar kåra til Europas miljøhovudstad for 2019, og heile verda fylgjer med. Oslobyrådet blir kopiert av Sverige for elsykkelstøtta, får besøk av lokalpolitikarar frå USA som hentar inspirasjon, og miljø- og samferdselsbyråd Lan Marie Nguyen Berg blir intervjuet i aviser som franske Le Monde. Verda treng symbol som Oslo, men byrådet kan altså vise til heilt konkrete resultat.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
SYKKEL
Jon Hustad ymtar i Dag og Tid den 13. oktober om at sykkelsatsinga i Oslo er dyr symbolpolitikk. Hadde me kjøpt klimakvotar, kunne me ha kutta langt meir effektivt i CO2-utslepp, meiner han. Hustad bommar dobbelt i kommentaren sin. For det første verkar ikkje kvotesystemet til EU, sidan kvotane er for billege. For det andre har Oslo lenge slite med lokal luftforureining. Folkehelseinstituttet reknar med at rundt 185 osloborgarar dør for tidleg kvart år på grunn av svevestøv, og biltrafikk er saman med vedfyring den viktigaste kjelda til svevestøv og til luftforureining generelt i Oslo. Fæl luft er uheldig òg på andre måtar: Nyare forsking frå mellom anna Umeå og Barcelona tyder på at det rammer både den psykiske helsa og den intellektuelle utviklinga til barn. Eldre og folk med luftvegsproblem er andre sårbare grupper. Har sykkelsatsinga så verka? I 2016 auka sykkelbruken i Oslo med 18 prosent frå året før. Berre nokre få andre byar i verda såg ein liknande vokster. Hustad må elles hugse at òg byar som Amsterdam har hatt store problem med biltrafikk tidlegare – det kravde politisk vilje å fortrengja bilane der au. Det er ikkje den norske vinteren eller dei høge fjella våre som hindrar folk i å sykle, men manglande politisk tilrettelegging. Oslo blei i sommar kåra til Europas miljøhovudstad for 2019, og heile verda fylgjer med. Oslobyrådet blir kopiert av Sverige for elsykkelstøtta, får besøk av lokalpolitikarar frå USA som hentar inspirasjon, og miljø- og samferdselsbyråd Lan Marie Nguyen Berg blir intervjuet i aviser som franske Le Monde. Verda treng symbol som Oslo, men byrådet kan altså vise til heilt konkrete resultat.
Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.