Utdanning

Teori og praksis, teoretisk og praktisk

Yrkesfaga skal bli meir praktiske. Spørsmålet om kvar grensa mellom teori og praksis går, har mange svar.
Publisert Sist oppdatert

I leiaren i Dag og Tid 11. april vert det løfta fram at søkjartala til yrkesfag aukar. Det gjev von om ei haldningsendring, at nordmenn kjem til å hugse tida før EU-utvidinga i førsten av 2000-talet, då ein ikkje berre kunne få ein austeuropear til å snikre og legge fliser for ein rimeleg penge, men at dette er naudsynte ferdigheiter som må hegnast om og forvaltast. Og framover skal yrkesfaga verte meir praktiske og mindre teoretiske, står det å lesa.

Når ministrane òg opnar for ei reorganisering av delar av lærarutdanninga, kan det for alt eg veit, ligge gode argument bak. Redaktøren nyttar høvet til å slå masteroppgåva i lærarutdanninga i same hartkorn, ein prygelknabe for debattantar og politikarar – og lærarutdannarar – sidan ho vart sett i verk med 2017-kullet.

Årsaka til at oppgåva vart gjort framlegg om og vedteken, er ein fagleg og politisk storleik, og kva oppgåva skal vere, vert stadig handsama i ulike fagforum, så eg let det ligge, men eg har ein replikk til det leiaren omtalar som ei «rein masteroppgåve», kva no det tyder. Ut ifrå synsmåten over kan ei tolking vere at ho bør verte mindre teoretisk.

Den offentlege og politiske debatten om utdanning kling med hakk i plata når teori (frå gresk, ’å betrakte’) og praksis (frå gresk, ’å gjere’) støtt vert stilt opp som ein håplaust forenkla dikotomi. Som lærar for lærarstudentar undrast eg då på kvar ein meiner at kunnskap skal plasserast. Kunnskap kan sjølvsagt vere røynsle, som ein opparbeider seg med yrkesfagleg praksis, eller i lærarutdanninga, om korleis ein skal formidle. Men kva skal ein lære bort til elevar? Teori og praksis? Sjølvsagt ikkje.

Mi erfaring er at ei masteroppgåve gir studentane høve til å fordjupe seg i eit fagleg tema, ofte ved å teste ut undervisningsopplegg og reflektere over dei, eksempelvis om korleis ein les, samtalar om og stiller spørsmål til elevar om tekst av ulikt slag – for dei som skal verte lærarar for dei minste, til dømes om eventyr eller biletbøker, eller på ungdomstrinnet meir tematisk eller kontekstuelt om tekstar av Ibsen, Sandel eller i andre genrar.

Eit slikt arbeid gjer – forhåpentlegvis både teoretisk og i praksis – at studentane vert rusta med praktisk fagkunnskap. Fordjupinga gir høve til å verte fortruleg med til dømes litteraturhistoria og genreforståing opp mot læreplanen (fagkunnskap), noko eit enkelt emne tidlegare i studiet, som skal dekke over altfor mykje, sjeldan gjev høve til, og korleis ein kan nytte denne fagkunnskapen som kunnskapskjelde også overfor elevar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement