Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Vi treng post seks dagar i veka

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4092
20181102
4092
20181102

Posten

Infrastrukturen Postverket vart oppretta med kongeleg privilegium i 1647, mykje på grunn av press frå forretningar og framveksten av byråkratiet i København. Bøndene fekk oppgåva med å transportera post frå gard til gard. Det var dei sentrale byane i Sør-Noreg som fyrst fekk postsamband, og alle rutene starta i Kristiania. Postomberinga var organisera som ein stafett med postbønder som tok seg av frakta mot fritak frå skatt, skyssplikt, innkvartering, vegplikt og militærteneste.

Fram til 2016 hadde Posten Noreg einerett på å handsame lukka adresserte brev under 50 gram med heimel i postlova. For å ha denne eineretten var det krav om å oppfylle konsesjonspålagde oppgåver, mellom anna levering av post til heile landet, seks dagar i veka, til same pris. Samferdsledepartementet dekte meirkostnadar ved å halde oppe eit tenestenivå i postnettet utover det som var økonomisk lønsamt – men då hadde Postverket allereie, med signing frå politikarane, starta ei avskaling av lønsame delar av verksemda, pakkepost vart til dømes flytt til dottera Bring.

Rest-Posten er meir enn brev under 50 gram til private, ikkje minst lokalaviser og små riksaviser som med dette grepet, omdeling to–tre gongar i veka hjå Posten, vil få ei usikker framtid. Ikkje nok med at politikarane vengestekkjer Posten med å sette bort laurdagsomdelinga av aviser (der ein kunne fått med brevpost i same slengen) til en underbodsleverandør som Kvikkas, med det resultatet at fredagsaviser, til dømes Arbeidets Rett, som kjem ut på Røros og ikkje når fram til sorteringspunktet tidleg nok fredag, i beste fall kjem i postkassa måndag, men oftast tysdag i byar på sentrale Austlandet der 1/3 av innbyggjarane i Noreg bur. Det er ikkje bra! Bergensarar i Oslo som tingar papiravisa Bergens Tidende, får ho diverre dagen etter av same årsak – det gjeld truleg ikkje regjeringskontora og statsministerbustaden, men folk flest – medan laurdagsavisa har blitt tysdagsavis i Oslo!

Medisinar til folk og fe blir sende med posten i grisgrendte strøk, distriktslækjarane (som det naturlegvis ikkje heiter lenger) sender ulike prøver som held seg berre kort tid, kjøkenverksemder i privat og offentleg eige sender regelbunde vassprøver til godkjende laboratorium og så bortetter.

Der dei private transportselskapa ikkje har rute, på tallause mil med fylkeskommunalt og kommunalt eigde vegar i distriktsnoreg, der må folk sjølve køyre milevis med bil eller mange nautiske mil med småbåt for å hente pakker kjøpte over den digitale handledisken. Lokale småbutikkar går ein heller snøgg undergang i møte i både bygd og by, og utan ei hyppig postteneste nyttar det ikkje å starte netthandel for snøgg levering av lokalprodusert ost, pølse og indrefilet av sau og rein, kresne kundar krev kjappe leveransar. Slakt av spedkje krev ein snøgg sendemåte utanom dei store butikkjedene om forbrukarane skal få det før kjøtet er på grensa av å bli skjemt.

Dette får vere nok i denne omgangen, men folk har fleire røynsler på lager! Folk blir oppgjevne når byråkratar og styresmakter over tid systematisk svekkjer infrastrukturverksemder i det langstrekte landet vårt. Fjordar på tvers av vegar og fjell så høge at det må byggjast tunellar for å kome raskt og trygt fram til den ytste postkassa, er noko av vårt særpreg. Vinterstengde fjellovergangar òg!

Det todelte KrF har skjøna mykje av det som er viktig for folk flest, både på det kristenblå Sørvestlandet og hos dei meir trulause aust og nord i landet. KrF vil at folk som bur spreitt, skal ha gode oppveksttilbod der dei bur og har budd i generasjonar. Det gjeld på mange verdiområde, også der den økonomiske faktoren ikkje går direkte fram i ein budsjettpost, men der folk nærer omsorg for naboane når det blir alvor, sjølv om dei konkurrerer om både sildesteng og beitemark i fjellet. Kunnskapane om lokale tilhøve er viktige i ei tid med omstilling til grønare produksjon og levemåte. Innanfor samferdsle treng vi mykje, til dømes logistikk som både kan og bør bli teken vare på av infrastrukturverksemda i norsk eige: Postverket.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Henry «Tippen» Johanson reddar i kampen mot Tyskland i OL i Berlin i 1936. Då det var 2‒0 til Noreg, gjekk Hitler og følgjet hans.

Foto: arkiv / NTB

BokMeldingar

Året 1936 bak nyhenda

Ingen medvitne nordmenn tvilte på storkrig.

Aage G.Sivertsen

Teikning: May Linn Clement

Feature

Flyplassblues

Ingen stad kjenner eg meg så trygg som på ein flyplass.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis