– Det digitale er politisk
Krafta i den teknologiske utviklinga er så omfattande at vi manglar både politiske ordningar og vokabular for å handtere rekkjevidda og konsekvensane, meiner forfattaren Jamie Susskind.
Britiske Jamie Susskind har skrive om korleis teknologien utfordrar tenkjemåtar og politiske styringssystem.
Teknologi, digitalisering, samfunn
I ein serie på fire reportasjar set Dag og Tid søkjelys på nokre sider ved korleis teknologi og digitalisering påverkar samfunnet. Del 1

Teknologi
agnarkaarbo@gmail.com
– Korleis vi regulerer teknologien, seier meir om oss som samfunn enn nesten noko anna, hevdar den britiske juristen.
Han har skrive seg inn i det internasjonale ordskiftet om korleis teknologi og digitalisering festar grepet om samfunn og einskildmenneske med boka Future Politics. Living Together in a World Transformed by Tech (Oxford University Press 2018).
I boka syner Susskind korleis vitskap og teknologi endrar måten vi lever på, og kva for djuptpløyande konsekvensar dette har for politikk og samfunn.
Susskind har dei siste åra reist verda rundt for å snakke om
– at verda vil bli endra av ein teknologien som kan stadig meir
– at teknologien er integrert i stadig meir
– at teknologien kan måle og registrere stadig meir
Det er desse tre utviklingstrekka Susskind meiner bind menneske, maskinar og rikeleg med data saman – på usynleg vis – i det han altså kallar ei digital livsverd. Ei verd vi ikkje kan unndra oss.
Eit døme vi kjenner igjen, er korleis den smarte telefonen snart er ein del av kroppen vår. Alt det som skjer via telefonen, et seg inn i sinn og sjel. Merksemdsøkonomien eller overvakingsøkonomi blir det også kalla.
Endring utan diskusjon
For Susskind er ikkje innfallsvinkelen til temaet alarmistisk. Kjernespørsmålet i boka, som har ei mengd referansar til statsvitskap, politiske tenkjarar og filosofar, er korleis teknologien vil endre og påverke det politiske systemet vårt.
– Problemet no er at diskusjonen om desse spørsmåla er for teknokratisk og usystematisk. Vi må engasjere oss grundigare, slik vi gjer med helse og klima, seier Susskind i ein samtale med Dag og Tid.
Han legg til:
– Dei viktigaste revolusjonane skjer ikkje hos filosofar, i parlament eller på eit torg, men i laboratorium, forskingsavdelingar, teknologifirma og datasenter. Men desse ekstraordinære framstega skjer under intellektuell og kulturell isolasjon. Det er alarmerande.
– Må forstå teknologi
Susskind er ikkje teknolog, men interessa for tematikken oppstod då han studerte historie og politisk teori for vel ti år sidan. Undervisninga var utan referansar til internett, kunstig intelligens eller annan teknologi som generasjonen hans var oppteken og påverka av. Seinare tok han ei juridisk grad. Men spørsmåla heldt fram med å kverne i hovudet. Eit gjesteopphald ved Harvard, universitetet ved Boston, gav han høve til å skrive boka.
– Vi må ikkje kunne lage teknologien for å diskutere dette, men vi må forstå korleis teknologien blir laga, kva maskinlæring og kunstig intelligens er. Målet mitt var å skrive ei bok som alle oppegåande menneske kan forstå, seier Susskind, som har formulert problemstillinga med ein vri på eit gamalt slagord: Det digitale er politisk.
Samstundes som han peiker på store endringar, minner han oss også om at teknologi alltid har forandra verda, og at det alltid har vore vanskeleg å forstå kor mykje og kva det vil innebere. Susskind fortel ei historie om då ein framståande vitskapsmann freista å forklare William Gladstone, britisk statsminister i ulike periodar frå 1868 til 1894, kva elektrisitet var. Det var ikkje enkelt.
– Men kva nytte vil vi ha av det, skal Gladstone ha spurt fleire gonger.
Til slutt svarte ein oppgjeven vitskapsmann at Gladstone truleg ville kunne skattleggje bruken.
Når framståande amerikanske senatorar ikkje forstår kva for selskap Facebook-stiftar Mark Zuckerberg leier, eller korleis selskapet tener pengar, er vi langt på veg vitne til same kunnskapsløyse.
I tillegg peiker Susskind på at det er stor avstand mellom samfunnsvitskapen, dei humanistiske faga og naturvitskapen. Ein som studerer klassiske fag som historie og politikk kan ikkje gje noko avansert svar på korleis ein datamaskin er bygd opp. Ingeniørane – på si side – er i lita grad opptekne av dei systemiske konsekvensane av arbeidet dei gjer. Dei skal løyse avgrensa teknologiske problem, påpeiker Susskind. Han meiner vi delegerer viktige politiske spørsmål til ei lita gruppe som tilfeldigvis har oppgåva med å utvikle digital teknologi på eit gjeve tidspunkt.
Konsekvensar
For Susskind er den store utfordringa å fatte kor omfattande dei teknologiske endringane er. Den teknologien som gjer livet tryggare, lettare, meir morosamt og komfortabelt, har også samfunnsmessige konsekvensar som ikkje utan vidare råkar oss som individ.
– Vi står i ein vanskeleg posisjon. Å leve eit fullverdig sosialt, kommersielt, romantisk og kulturelt liv krev at vi bruker teknologien. Det er ei løgn å tru at vi har noko val. Om eg sluttar å nytte Facebook, så spelar det inga rolle. Facebook har større oppslutning enn kristendommen. Om vi verkeleg ønskjer endring, krev det kollektiv handling, og då gjennom dei organa vi har til å gjere det, truleg staten, seier Susskind.
Susskind peiker på at politikk i det tjuande hundreåret var dominert av eit sentralt spørsmål: Kor mykje av det kollektive livet vårt skal bli kontrollert av staten, og kva skal bli igjen til marknaden og sivilsamfunnet?
– For dei generasjonane som no veks opp og blir politisk modne, blir debatten annleis. I kva omfang skal livet vårt bli dirigert og kontrollert av mektige digitale system – og på kva vilkår? Sjølv er eg instinktivt ukomfortabel med at makt blir konsentrert hos nokre få teknologiske spelarar som ikkje står til ansvar for resten av oss. Men eg er ikkje berre uroa for dei private teknologiselskapa. Eg er òg uroa over kva staten gjer, og maktkonsentrasjonen på statleg hand, seier han.
Eit viktig poeng i boka til Susskind er at vi i nær framtid vil utvikle datasystem med ein kapasitet som vil overgå den menneskelege, vel å merke utan intelligensen vår. Systema blir ein del av den verkelege verda, gøymde i strukturar og objekt som vi ikkje har brukt å sjå på som teknologi.
– Vi må på ny finne ut kva det vil seie å vere fri eller lik, kva det vil seie å ha makt eller eigedom. Ja, til og med kva det inneber for eit politisk system å vere demokratisk. Politikk i framtida vil vere nokså ulikt politikk i fortida, meiner han.
Men sjølv om vi hadde sett framtida klart, har vi ikkje utan vidare eit vokabular for å skildre kva som kjem, meiner Susskin. Han siterer Henry Ford, som introduserte masseproduksjonen av bilar. Ford skal ha sagt at om han hadde spurt folk kva dei ville ha, ville dei svart raskare hestar.
Frigjering og tvang
Susskind er klar på at teknologien vil gje store fordelar for sivilisasjonen. Livet vårt blir rikare av nye måtar å arbeide på, handle, lære, skape, gje uttrykk for oss sjølve, halde kontakt, møte framande, koordinere handlingar, halde oss friske og finne meining.
– I det lange løpet vil vi kunne utvide kropp og sinn utover det vi kan fatte. Vi kan frigjere oss frå dei grensene som den menneskelege biologien har sett, meiner han.
På same tid vil nokre teknologiar også få makt over oss. Nokre vil kunne tvinge oss til å oppføre oss på eit bestemt vis. Sjølvkøyrande bilar vil til dømes ikkje køyre fortare enn fartsgrensa eller parkere ulovleg. Andre teknologiar vil bli mektigare på grunn av den informasjonen dei samlar om oss. Når vi anar at vi blir overvakte, er det mindre sannsynleg at vi gjer noko som er ulovleg. Andre teknologiar vil filtrere kva vi ser av verda, føresjå kva vi veit, forme kva vi tenkjer, påverke kva vi føler og dimed avgjere korleis vi handlar, skriv Susskind.
Teknologi er kontroll
Han konkluderer med at dei som kontrollerer desse teknologiane og denne informasjonen, i stadig aukande grad vil kontrollere resten av oss.
– Dei har makt, det vil seie ein stabil og omfattande kapasitet, til å få oss til gjere ting som vi elles ikkje ville ha gjort. Gradvis vil dei setje grenser for fridommen vår, erklære kva som må gjerast, og kva som er forbode. Dei avgjer korleis demokratiet skal utvikle seg. Og algoritmane vil avgjere vitale spørsmål om sosial rettferd, samle sosiale gode og sortere oss i hierarki av status og kjensler, hevdar Susskind.
Han ber oss sjå på Kina om vi ikkje trur han. Han minner oss også om at dei som skal styre eit samfunn, må kjenne samfunnet. Difor ville herskarane ha sentralisert informasjonsinnsamling. Koplinga mellom informasjon og politikk er fundamental.
Blant dei politiske tenkjarane Susskind trekkjer fram, er Max Weber. Han skreiv at eit effektivt system for politisk kontroll heng saman med god handsaming av og kunnskap om samfunnet. Dei første datasystema i moderne tid sprang ut av at styresmaktene trong å få meir meining ut av informasjonen dei hadde samla inn. Susskind peiker på at korleis vi organiserer informasjonen, er nær knytt til korleis vi organiserer politikken.
Faren Susskind meiner å identifisere, er at vi gradvis, og utan at vi merkar det, blir kua under digitale system som vi knapt kan forstå, langt mindre kontrollere.
Meir optimistisk
Det er lett å bli nervøs av alt Susskind trekkjer fram. Sjølv er han likevel blitt noko meir optimistisk sidan boka kom.
– Eg trur vi kan handle, anten vi er aktivistar, politikarar eller ekspertar. Og det er fleire døme på at regjeringar grip inn, eller freistar å gjere noko. Vi må gje oss sjølve grunn til optimisme ved å gjere dei rette tinga slik at borna våre får ei betre verd enn den vi lever i no, seier Susskind.
I boka lanserer han nokre tankar om korleis vi kan organisere politikk og samfunnsstyring i ei digital livsverd. Stikkord her er innsyn, slik at dei som kontrollerer teknologien, ikkje opererer i mørkeret, og ei maktfordeling som hindrar at eit organ eller selskap blir for mektig.
Han trur den pågåande pandemien i liten grad påverkar analysen hans.
– I krisetider er menneska villige til å gje meir makt til autoritetar og personlege data i tryggleikens namn. Det er ikkje noko gale i det dersom det er autoritetar vi kan stole på, og vi skal slåst mot eit virus. Sånn sett blir vi nok meir vennleg innstilte overfor teknologien av denne situasjonen, seier Susskind.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Vi må forstå korleis teknologien blir laga, kva maskinlæring og kunstig intelligens er.
Jamie Susskind
Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.