– Det er ikkje rasistisk å bruke «indianar»
– «Indianar» har ikkje same negative klangen på norsk som på engelsk, seier språkvitarar.
Heile vegen ser vi denne redsla for å krenkje eller støyte nokon, og gløymer lett at vi europearar ikkje er åleine om å diskriminere folk, seier Rolf Theil.
Foto: UiO
Korleis er bruken av termen i norske ordbøker? Engelske ordbøker åtvarar no mot bruk av ordet. Collins Dictionary er tydeleg på at «Indians» om amerikanarar er «old-fashioned, taboo», medan «Red-indians» er «an old-fashioned term, now considered highly offensive». Begge oppslaga tilrår «Native Americans».
I bokmåls- og nynorskordboka har det den siste tida kome inn merknader til bruken av ord som «hottentott» og «neger». Når det gjeld det sistnemnde, heiter det at det «kan oppfattast som nedsetjande». «Indianar» har derimot ingen merknad om negative konnotasjonar knytte til seg.
– Ver varsam
Dag og Tid har spurt ein lingvist og Språkrådet om arbeidet i leksikonet bør fylgjast opp i ordbøkene.
Rolf Theil, professor emeritus i allmenn og afrikansk lingvistikk, har jobba med liknande problemstellingar knytte til språk i Afrika. Han har lagt merke til at «buskmenn» er bytt med «san» i Store norske leksikon:
«San er en folkegruppe i Kalahariørkenen i Botswana og Namibia» og «San kommer fra khoispråk og betyr urbefolkning», står det no.
Men Theil meiner dette ikkje løyser problemet:
– Dei menneska som her er omtala som «san», er ikkje éi folkegruppe, men ei lang rekkje folkegrupper som snakkar fleire språk som ikkje eingong er i slekt med kvarandre. Dei har det til felles at dei tradisjonelt har vore jegerar og samlarar og at dei ikkje talar bantuspråk. Og ordet san tyder ikkje «urbefolkning». Det tyder «buskmenn». På språket khoekhoegowab er san akkurat som vårt «buskmenn» ei like nedsetjande fellesnemning for ei lang rekkje folkeslag.
– Heile vegen ser vi denne redsla for å krenkje eller støyte nokon, og gløymer lett at vi europearar ikkje er åleine om å diskriminere folk. Det tippar lett over i ein mange hakk for hårsår nordamerikansk identitets- og krenkingsdebatt.
Misforståing er vanleg
Daniel Ims, seksjonssjef i Språkrådet, meiner vi må gå varsam fram:
– På norsk har indianar ikkje same negative klangen som indian på engelsk i USA. Vi ser difor ingen grunn til å måtte endre tydinga med det same. Når det gjeld det historisk opphavet til nemninga «indianar», altså Amerika som Vest-India, bør vi hugse at mange ord og namn vi brukar i dag, var bruka annleis tidlegare. India («Indias», «Indies») var eit monaleg større område for europearar på 1500-talet enn for oss i dag.
Men Ims strekar samtidig under at ordbøkene rettar seg etter endringar hjå språkbrukarane:
– Dersom «indianar» går ut av bruk eller endrar tyding, vil det få fylgjer for oppslaget i ordbøkene. Bokmåls- og nynorskordboka har elles fått ei løyving på seks millionar til ein større revisjon. Då kan det bli aktuelt å kike på eit omgrep som «indianar».
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.