– Lagnadstime for Libanon
Ei korrupt leiing har ansvaret for at ammoniumnitrat vart lagra på usikkert vis på hamna i Beirut og utløyste ein katastrofe i eit kriseråka land, meiner Cecilie Hellestveit.
Ein mann evakuerer frå ein øydelagd heim i Beirut onsdag denne veka.
Foto: REUTERS/Aziz Taher/NTB/Scanpix
SAMTALEN
Cecilie
Hellestveit
Forskar og forfattar, tilknytt Folkeretts-
instituttet
AKTUELT
Katastrofen i Libanon

christiane@dagogtid.no
Tysdag vart hamnebyen Beirut, hovudstaden i Libanon, råka av kraftige eksplosjonar. 2750 tonn ammoniumnitrat gjekk i lufta. Onsdag kveld var talet på omkomne 135, 4000 er skadde og opptil 300.000 heimlause. Tre sjukehus vart øydelagde.
Landet var i djup krise alt før eksplosjonane. Ifølgje forskar, forfattar og midtaustenekspert Cecilie Hellestveit handlar det no om ei rekkje kriser, som alle er svært alvorlege. Mellom dei ei helsekrise.
– Enkelte sjukehus er øydelagde, andre er fulle av covid-19-pasientar. På grunn av den økonomiske krisa Libanon er i, har private sjukehus gått konkurs. Helsetilbodet i Libanon var dårleg alt før covid-19. Det største medisindepotet vart øydelagt fordi det låg i hamna. Når det gjeld helse, er situasjonen heilt prekær, fordi helsevesenet var i kneståande frå før. Talet på skadde er høgt.
– Kva for andre kriser er landet råka av?
– Hovudhamna i Libanon tek inn ekstremt mykje av kveiteimporten, heile 90 prosent. Tre års kveitelager forsvann i eksplosjonen, og hamna er no øydelagd. Ein kan spørje om dei kan ta inn kveite via naboland. Men i sør er det ei stengd grense til eit land som Libanon ikkje har diplomatisk samband med og formelt er i krig med, Israel. Om ein opna grensa for mat, ville det vere ein revolusjon i det politiske forholdet. Den andre grensa er til Syria, som okkuperte Libanon i mange år før dei trekte seg ut i 2005. Syria er sjølv i kneståande når det gjeld økonomi. Men libanesarane fryktar at Syria skal bli meir dominerande i Libanon att. Med hamna i grus er Libanon meir avhengig av naboane sine no, med ei krise i matsituasjonen.
– Kva kan du seie om den økonomiske krisa?
– Libanon har vore i ei valutakrise. Den siste månaden har inflasjon gått over i hyperinflasjon. Kring 300.000 har mista jobben sidan oktober i fjor, det gjeld særleg middelklassen. I Libanon har ein ikkje noko tryggleiksnett om ein mistar jobben, og ei rekkje konkursar har ført mange i middelklassen under fattigdomsgrensa. Mykje mat vert importert og kjem inn gjennom hamna i Beirut. No framover vil tilgangen på mat gå ned, og prisane vil gå endå meir opp.
– Mange kjem ikkje til å ha råd til å kjøpe mat. Det gjeld alle libanesarar, også dei som ikkje er direkte råka av eksplosjonane, og palestinske og syriske flyktningar i Libanon. Det er dessutan vanskeleg å frakte inn humanitær hjelp, som også kjem gjennom hamna. Hyperinflasjonen og valutakrisa gjer at styresmaktene i Libanon ikkje kan importere mat slik statar med fungerande økonomi kan gjere. Så her har vi ein perfekt storm.
– Kva veit vi om årsakene til at 2750 tonn ammoniumnitrat, ein type kunstgjødsel, vart usikkert lagra i eit hamnebygg?
– Her ser vi ein del av Libanons forbanning knytt til korrupsjon. Ammoniumnitratet stammar frå ein russisk båt som gjekk frå Georgia til Mosambik i 2013. Båten vart stansa i Beirut, og så kom det ein rettsordre om å ta beslag i ammoniumnitratet, som kan brukast til kunstgjødsel eller eksplosiv. Så har stoffet vorte liggjande i hamna. Truleg var det fordi dei venta på at dei såkalla krigsherrane i Libanon, som er bakmennene i politikken, skulle omsetje stoffet, innkassere pengane og fordele summen til sine eigne. Det er ein veldig vanleg måte å drive korrupsjon på i Midtausten.
– Er det grunn til å tru at katastrofen kan føre til politiske endringar i Libanon?
– Ja. Libanon har ei teknokratisk regjering som skal vere ikkje-politisk. Det var svaret dei politiske bakmennene i Beirut hadde å komme med etter demonstrasjonane i vinter. Men det er dei same kreftene som har ansvaret for forholda som førte til nitrateksplosjonane. Kva som var årsaka til dette, er faktisk litt underordna. Det viktige her er at sprengstoffet var lagra usikra på hamna så lenge. Spørsmålet er om katastrofen er stor nok til å presse fram endringar. Og i så fall om ein risikerer å bryte den sivile semja etter borgarkrigen i 1980-åra. Dei viktige bakmennene trugar med at det kjem ein ny borgarkrig om semja vert broten, ei viktig forklaring på at det ikkje har komme større endringar i Libanon. Det har vore mange positive teikn dei siste åra, med nye generasjonar libanesarar som ikkje har opplevd krigen, og som drøymer om eit ikkje-sekterisk Libanon. Det er veldig usikkert kva som vil skje. Om ein skal få has på den politiske klikken utan ein krig, er det akkurat ei katastrofal hending som denne eksplosjonen som må til.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Her har vi ein perfekt storm.
Fleire artiklar
Carl Friedrich Abel (1723–1787). Utsnitt av måleri av Thomas Gainsborough frå 1777.
Mellom verder
Carl Friedrich Abel var den siste store viola da gamba-virtuosen.
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.