– Pandemien syner kor veik USAs stat er
– Høgresida har sidan 1980-talet hatt som overgripande prosjekt å svekkja det føderale statsapparatet, meiner Michael Dewar jr., som var aktivt med i presidentnominasjonskampanjen til Sanders i 2020.
– Eg vil åtvara mot å overdriva styrken vår. Tek me utgangspunkt i presidentvalet i 2016, utgjer det 7,9 prosent av det samla røystetalet, omtrent det same som SV har i Noreg, seier Michael Dewar jr.
Foto: Privat
USA
bernt.hagtvedt@stv.uio.no
Skal Biden lukkast med å vinna presidentvalet, er han i stor grad avhengig av at tilhengjarane til Bernie Sanders røystar på han. Sanders spelar no ei aktiv rolle i valkampen for å medverka til at det skal skje.
Heilt tilfeldig kjenner eg ein som var aktivt med i presidentnominasjonskampanjen til Sanders i 2020, Michael Dewar jr.
Eg møtte Michael som liten gut i Guilford i Connecticut. Han var son til nokre naboar vi hadde mykje med å gjera då vi budde der tidleg på 2000-talet.
Eg tok difor kontakt med han for å få eit intervju om USA-valet og Sanders’ rolle i valkampinnspurten.
Krisa i fokus
– Vil Sanders lukkast med å få tilhengjarane sine til å røysta på Biden?
– Ja, det store fleirtalet av dei som støtta Sanders, vil røysta på Biden, sjølv om Sanders i vinter reiste land og strand rundt for å freista å slå han i nominasjonen. Og sjølv om Biden i all hovudsak står for «business as usual» i politikken.
– Biden har jo hatt ein tendens til å tabba seg ut med uheldige replikkar. Har han unngått det no?
– Nei, men konsekvensane av pandemien – den økonomiske krisa og strenge budsjettinnsparingar – har trengt alle andre saker i bakgrunnen. Alt dreier seg om dette no. Det verkeleg avgjerande no er å takla krisa – etter covid-19 og den kraftige nedgangen i talet på arbeidsplassar – og å innsjå at den amerikanske staten må byggjast heilt om, så å seia, frå botnen. Det som gjev meg litt optimisme, er at sjølv i sentrumskrinsar ser dei dette no. Me vart tekne med buksene nede då økonomien måtte takast ned for å byggja barrierar mot pesten. Den desentraliserte staten vår opna for at sjølv liberale lokalpolitikarar gav etter for presset og opna mellom anna barar av økonomiske årsaker, endå dei i ikkje skulle ha gjort det.
Berre ved hjelp av stimulanspakkar gjennom sentralbanken og finansdepartementet lukkast det å berga økonomien, men det finst ikkje planar for den reelle økonomien. USA er no i ferd med å bli teken att av meir dynamiske regionale statar og veksande stormakter, og det er openbert at dei som ønskjer eit sterkt Amerika i ei multipolar verd, må innsjå at vi må ha eit helsesystem av den typen dei har i Canada. Vi må òg kunna garantera folket ein levestandard omtrent som det Nord-Europa har.
Anten Biden vil eller ikkje, vil tida hans som president såleis innebera omveltande inngrep frå styresmaktene. Dette er eit avgjerande tidsskilje; tida krev sant å seia det. Årsaka til situasjonen vi er i no, er klar: Høgresida har sidan 1980-talet hatt som overgripande prosjekt å svekkja det føderale statsapparatet.
Resultatet synte pandemien oss: ingen sentrale opplegg (føderalt) for å stogga pesten, elendig testregime, elendig apparat til å spora opp smitteberarar, elendig med pustemaskiner og overfylte sjukehus.
Epokegjerande
– Kva vil du seia er den historiske verdien av at Sanders, ein som kallar seg demokratisk sosialist, kom så nær å vinna i eit land som notorisk er kjent for aldri å ha hatt eit arbeidarparti av noka tyngd?
– Konsekvensane av ein siger for Sanders hadde vorte enorme. Berre det at omgrepet demokratisk sosialisme er gått inn i den politiske kvardagen i USA, er epokegjerande. Men eg undervurder ikkje vanskane med å få gjennom ein human innanrikspolitisk agenda frå venstre. Men tenk kva skilnad det hadde ført til i utanrikspolitikken, til dømes overfor Latin-Amerika, om Bernie hadde vorte vald.
– Har Sanders-fløya ei framtid?
– Eg vil åtvara mot å overdriva styrken vår. I primærvala i USA fekk Sanders 9,5 millionar røyster. Tek me utgangspunkt i presidentvalet i 2016, utgjer det 7,9 prosent av det samla røystetalet, omtrent det same som SV har i Noreg. Men fordi den amerikanske forfatninga gjev store føremoner til majoriteten, er det ikkje råd å få noko gjort frå venstre utan at den breie venstrealliansen har fleirtalet. Ved ei samanlikning med Noreg ville det vera det same som at SV vart den sterkaste parten i ein brei venstreallianse med Arbeidarpartiet.
Eit todelt svar
– Kvifor samla så mange unge seg kring Sanders?
– Svaret må vera todelt, i ei materiell og ei ideologisk side. Lat oss fyrst slå fast at Sanders trekte til seg unge, men skauv frå seg eldre. Her er det noko felles i den engelskspråklege verda nett no. Ved siste val fekk til dømes Labour i Storbritannia fleirtal i aldersgruppa 18–29, men berre 14 prosent i gruppa eldre enn 70.
Så det materielle: I USA har politikken i andre halvdel av det 20. hundreåret vore prega av to føresetnader, eller kontraktar, om du vil. Båe desse kontraktane er brotne no. All forståing av amerikansk politikk bør byrja her.
Om ein var ein del av den ekspanderande majoriteten, hadde kome inn på arbeidsmarknaden og var aktiv i det politiske systemet, var ein stort sett sikra eit godt liv i forstadene. Men om ein høyrde til mindretalet og var til dømes afroamerikanar eller innvandrarkvinne, ville ein vera sikra borgarrettar og politiske og sivile rettar gjennom politisk deltaking, men ikkje meir, og knapt det.
Dei som lever i permanent fattigdom, og som vil ha meir enn borgarrettar, som ein sikker jobb, eit husvære og sosial mobilitet, ser seg mindre tente med det ordinære politiske systemet. Dei tyr oftare til demonstrasjonar og irregulær politikk.
På den andre sida, dei som meiner rettane deira er truga, som no – økonomisk, politisk og ikkje minst kulturelt – dei ser det som legitimt å få kontroll med det «normale» politiske systemet. I den andre gruppa er det von i ein meir sosialdemokratisk politikk, i den fyrste vil sosialdemokrati utløysa fiendskap.
– Og det ideologiske?
– Kombinasjonen av djuptgåande antikommunisme under den kalde krigen i USA og forfallet til leninismen internasjonalt, gjorde det umogeleg å byggja opp eit politisk alternativ til venstre for sentrum i det demokratiske partiet, trass i dei mange underprivilegerte gruppene i dette landet. Dette galdt for fleirtalet av amerikanarane (men sjølvsagt ikkje om ein var del av studentrørsla i 1968). Sosialismen appellerte rett og slett ikkje til dei vilkåra ein levde under.
No er både materielle og ideologiske faktorar annleise og meir opne for ei sosialdemokratisk line. Sjølv folk i mi aldersgruppe som er konvensjonelt liberale, omtalar i dag sosialismen positivt, noko som ville vore utenkjeleg for berre ti år sidan. Sanders er sentral for dette omskiftet.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Anten Biden vil eller ikkje, vil tida hans som president innebera omveltande inngrep frå styresmaktene.
Michael Dewar jr.
Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.