– Tilfeldig korleis biblioteka er
Forfattar Linn T. Sunne har sett bibliotek med berre éi lita, rotete hylle. – Det gir eit signal om at lesing ikkje er viktig.
Skulebibliotek
elovereide@gmail.com
– Eg har besøkt mange skular som lærar og forfattar. Etter mi erfaring er det heilt tilfeldig korleis tilstanden til skulebiblioteket er, fortel Linn T. Sunne, som har fotografert fleire skulebibliotek for Norsk Forfattersentrum.
Forfattaren meiner at dei rektorane og lærarane som forstår kor viktig skulebiblioteket er for elevane, klarer å prioritere det. På reisene sine har ho sett mange stusselege bibliotek, men også flotte lokale som blir lite brukte fordi skulen nedprioriterer å drive dei. Andre stadar finst skulebibliotek med engasjerte bibliotekarar som formidlar litteratur til klassene.
– Det verste eg har sett var éi lita, rotete hylle med gamle bøker. Det gir eit signal om at lesing ikkje er viktig, seier Sunne.
Ho meiner at dårlege skulebibliotek først og fremst går ut over elevane.
– Det er mange som ikkje blir lesne for heime og som aldri får oppleve den spennande verda bøkene gir.
Fagorganisasjonen Den norske Forfatterforening (DnF) har nedfelt i handlingsplanen sin at dei vil arbeide for ei skulebibliotekslov. Skulebiblioteka må vere bemanna, opne og oppdaterte.
– Per no er det få forpliktingar anna enn at biblioteket skal vere tilgjengeleg. I dag er skulebiblioteka eit lågterkseltilbod, seier Heidi Marie Kriznik, leiar i DnF.
Kriznik fortel at forfattar- og bibliotekorganisasjonar no legg press på politikarane, og har etter det ho kjenner til, også hatt møte med politikarar på Stortinget.
Kriznik har for eksempel opplevd at skulebiblioteket på Tøyen skule, der barna hennar går, har vore stengt over lang tid fordi bibliotekaren er sjuk.
– Kva med skulane som ikkje har råd? Burde det ikkje vore eit spørsmål om auka tilskot til grunnskulane generelt?
– Eg meiner sjølvsagt at skulane bør få meir økonomiske midlar enn dei får i dag. Skulane har ei unik rolle ved at dei kan utjamne sosiale forskjellar.
– Men om dei har lite pengar, og må velje mellom betre skulebibliotek og ein ekstra lærar?
– Det tenkjer eg er umogleg å svare på, og problematisk å setje opp mot kvarandre. Begge delar er med på å gje kompetanse, men eit bibliotek kan gje ein litt annan tilgang til litteratur enn det ein lærar kan. Men eg trur skulane treng auka løyve og øyremerkte midlar til skulebibliotek som ikkje går på kostnad av ein lærar, seier Kriznik.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Albumet som no er ute, tek utgangspunkt i spesifikke Aphex Twin-konsertar.
Skjermdump frå YouTube
Raritetar i utval
Enkeltpersonorkesteret Aphex Twin samlar «djupe kutt» i utval til glede for store og små.
Den svenske Duo SolRoos, med luttspelaren Dohyo Sol og blokkfløytisten Emilie Roos.
Foto: Alf Ljungquist
Meistermøtet
Duo SolRoos gjev oss atterklangar av Weiss og Bach i samspel.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?