JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Av folket, for folket

Arbeidarpartiet kan framleis leie kampen mot eit nytt klassesamfunn, meiner Jonas Bals. Men utan arbeidarar går det ikkje.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Arbeidarpartiet må rekruttere breiare om partiet skal vinne attende oppslutnaden, meiner Jonas Bals.

Foto: Per Anders Todal

13624
20201016

Jonas Bals

Fødd i 1977

Rådgjevar i LO

Tidlegare fagleg rådgjevar for Jonas Gahr Støre

Fagutdanna målar og historikar

Samarbeidde med Støre om boka I bevegelse: Veivalg for det 21. århundre (2014)

Forfattar av Hvem skal bygge landet? (2017)

Politikk

peranders@dagogtid.no

Jonas Bals kjem ut av folkemengda for å møte meg, og møtestaden er høveleg: Youngstorget i Oslo, der det er ei støttemarkering for vektarane som har streika sidan 16. september. Frå talarstolen har Brede Edvardsen, nestleiar i Norsk Arbeidsmandsforbund, nett sagt: «Grunnpilaren i norsk arbeidsliv er faste stillingar med ei løn ein kan leve av.»

Det er noko av dette eg skal snakke med Bals om. I dagens Noreg kan Hurtigruten betale sine filippinske tilsette 29 kroner i timen, medan toppsjefen tener 14,5 millionar i året. Talet på milliardærar og lausarbeidarar aukar, regjeringa kuttar vidare i formuesskatten, og dei økonomiske skilnadene veks. Samtidig når Arbeidarpartiet stadig nye lågmål i oppslutnad. Dette er underleg, og Jonas Bals er godt kvalifisert for å meine noko om saka. Han er rådgjevar i LO og vararepresentant til Stortinget for Oslo Ap, er fagutdanna målar og har studert historie. Han har òg vore rådgjevar for Ap-leiar Jonas Gahr Støre og var medforfattar av Støre-boka I bevegelse frå 2014.

Bøygd rygg

Bals er ingen mektig person verken i Ap eller i LO, men han er ein av dei som skriv skarpast om framveksten av eit nytt klassesamfunn. I ein artikkel i Klassekampen i fjor nytta han eit slåande bilete på utviklinga: I det nye Nasjonalmuseet er det åtte meter under taket i utstillingslokala. I den tekniske etasjen, der teknisk personell skal arbeide med drift og vedlikehald, er det 1,65 meter under taket. Og da den tillitsvalde elektrikaren Kristine J. Wendt fortalde ein journalist om dette, fekk ho ei skriftleg åtvaring frå arbeidsgjevaren.

– Nasjonalmuseet er eit godt bilete på vår tid. Publikum skal nyte den nasjonale kunstarven i luftige lokale med åtte meters takhøgd, og nede i den tekniske etasjen må arbeidarane gå rundt krokrygga. For arbeidsfolk har det vore ein lang kamp for å kunne gå med rak rygg, og no går dette i revers, seier Bals.

– Det skjer ei alvorleg maktforskyving i arbeidslivet i Noreg no. Og det er berre eitt svar på dette, og det er organisering. Men vi veit at fagrørsla ikkje kan stå imot åleine. Politikarane må bidra til å skape eit arbeidsliv som det er mogleg å organisere seg i.

Noreg har framleis mange fagorganiserte i internasjonal målestokk. Men andelen fell, påpeikar Bals.

– For 20 år sidan var det 57 prosent fagorganiserte i yrkeslivet i Noreg, no er det under 50 prosent, og i nokre bransjar er andelen veldig mykje lågare. Under bygningsarbeidarstreiken i 2010 sleit vi med å få stengt fleire av dei store byggjeplassane, fordi det var så få fagorganiserte der. Og det blir færre faste tilsetjingar, mykje på grunn av bruken av bemanningsselskap.

Ei årsak til veksten til bemanningsselskapa er vikarbyrådirektivet til EU, som vart gjeldande i Noreg i 2012. Direktivet fekk tilslutnad frå Arbeidarpartiet. Det kosta partiet dyrt, meiner Bals.

– Vikarbyrådirektivet er viktig for å forstå kvifor Ap har tapt tillit i delar av grunnfjellet i fagrørsla. Men den skaden har skjedd, og det er ikkje nokon vits i å dvele ved det.

Det store fallet

– Fallet til Arbeidarpartiet er del av eit større bilete. Dei sosialdemokratiske partia har gått attende i heile Europa?

– Partia i ulike land har kollapsa på ulike måtar og av ulike grunnar. Men eit fellestrekk er at dei ser ut til å ha gløymt at eit sosialdemokratisk parti må vere for nokon – først og fremst for arbeidarar og lågare funksjonærar. Dei skal ha folk frå alle samfunnslag, men ein kan ikkje vere eit breitt folkeparti utan å vere eit arbeidarparti.

Dette heng saman med rekrutteringa, meiner Bals.

– Rekrutteringa til topposisjonane har vore einsidig, og leiarane har kome frå nokre få sjikt i befolkninga. Forskinga syner nokså klart at politisk representasjon er viktig, men sosial representasjon er vel så viktig.

Dette har gjort dei sosialdemokratiske partia dårlegare rusta til å møte offensiven frå høgresida dei siste tiåra, meiner Bals.

– Utslaga har vore mindre ekstreme i Skandinavia enn andre stader, men skilnadene har skote i vêret også her. Og mange snakkar om utviklinga som ei naturlov: «Det kjem av globaliseringa», «det kjem av innvandringa», og det høyrest ut som om kapitalen veks av seg sjølv, utan at vi kan gjere noko med det. Men det handlar om politikk.

– Også Jonas Gahr Støre har tenkt i slike banar: «Det er sterke, nesten naturgitte drivkrefter som bidrar til at vi får større forskjeller i Noreg», sa han i 2017.

–?Han vart nok tolka i verste meining der. Men sosialdemokratiet kviler på ideen om at folk sjølve skal vere med på å forme sine eigne liv og samfunnet gjennom kollektiv handling. Verdien av eit verktøy må målast på kor eigna det er til å løyse oppgåva det er laga for. Dei siste 20–30 åra har dei sosialdemokratiske partia framstått som sløve og dårlege verktøy for veljarane sine. Da ser veljarane etter noko anna, eller dei gjev opp politikken.

Verdigrunnlaget

– Sjølv om skilnadene har auka, har folk i Noreg hatt stor velstandauke dei siste tiåra. Vi har ein ganske mett majoritet?

– Auken i skilnader har to hovudtrekk: Det eine er at toppane dreg ifrå – ikkje berre milliardærane, men òg leiarane i både statlege og private selskap. Men det som skjer i andre enden, er òg dramatisk. Vi har ikkje mange arbeidande fattige i Noreg enno, men for mange grupper er det ikkje langt unna. Det handlar om låg organiseringsgrad og mangel på tariffavtalar. Og det skjer fagforeiningsknusing i Noreg òg.

– Eit parti i fall er ein underleg ønskebrønn: Kvar og ein kan hevde at fallet kjem fordi partiet ikkje har prioritert deira hjartesaker. Kva er din variant?

– Det er ein kombinasjon av mange ting. Men eg ønskjer meg eit tydelegare oppgjer med klassesamfunnet. Det handlar om å finne attende til verdigrunnlaget til Arbeidarpartiet. Målet for eit arbeidarparti kan ikkje vere at alle skal utdanne seg vekk frå arbeidarklassa. Målet må vere at alle jobbar skal vere bra, med ei anstendig løn og rett til medbestemming, utan å bli overstyrt av leiingsmetodar henta frå land der fagrørsla er knust.

Dette er òg populære saker å kjempe for, meiner Bals.

– Tilslutnaden til sosialdemokratiske verdiar i Noreg har aldri vore sterkare enn no. Folk flest er veldig positive til fagforeiningar, dei er skeptiske til privatisering, og dei ønskjer ikkje større skilnader.

Lamma av EØS

– Arbeidsinnvandringa frå Aust-Europa har sett norske løner og arbeidsvilkår under press. Du forsvarer EØS-avtalen?

– Lat oss kalle det ei realpolitisk vurdering. Eg trur ikkje vi kan forhandle oss fram til ein mykje betre avtale med EU, og nokre av problema vi har fått med EØS, måtte vi uansett ha handtert. Så må vi diskutere kva politikk vi kan bruke for å handtere dei problema. Og vi må våge å seie nei når det trengst.

Eit alvorleg problem med EØS er at avtalen kan ha lammande verknad også på lokalpolitikken, meiner Bals.

– Det er ikkje bra når lokallaget mitt i Ap diskuterer krav om fleire lærlingar, fagarbeidarar og faste tilsetjingar, og folk spør seg: «Kan vi gjere det? Er det ikkje i strid med EØS-avtalen?» Det spreier ei kjensle av at ein er makteslaus, at ein ikkje kan slåst imot utviklinga. EU og EØS-avtalen forsterkar tendensen til å gjere politikk til juss. Men det finst framleis handlingsrom.

– Men når Senterpartiet ganske enkelt seier at Noreg må ut av EØS, hjelper det dei truleg med å bli eit breitt folkeparti?

– Det er eg samd i, men eg synest Senterpartiet oversel det standpunktet. Det er for lettvint å seie «ut av EØS». Vi får ikkje skikk på arbeidslivet berre vi seier opp EØS-avtalen. Men politikarane våre må jo våge å seie nei når det trengst.

Eit klassespørsmål

Vi må attende til spørsmålet om representativitet. Jonas Bals har tidlegare kritisert sitt eige parti for å rekruttere for få med arbeidarbakgrunn til leiande verv.

– Kva har det å seie kven som snakkar for arbeidsfolket?

– Eg meiner det har veldig mykje å seie. Da meiner eg ikkje at dei som skal representere arbeidarklassa, må sjå ut som statuen av ein mann med sleggje på Youngstorget. Svært mange i den norske arbeidarklassa er kvinner, og mange har bakgrunn frå andre land. Poenget er at partiet må representerer heile breidda i det norske folket. Det treng ikkje vere eit problem at Arbeidarpartiet har ein leiar med bakgrunn som den Jonas har. Men det føreset at partiet har mange andre leiande folk med bakgrunn frå arbeidslivet, folk frå ulike landsdelar og av båe kjønn. Dei siste åra har vi hatt høgare medvit om kjønn enn om klasse når det gjeld representasjon.

– Kanskje arbeidarane har blitt tekne for gjevne? Det heiter jo Arbeidarpartiet?

– Og det er mange arbeidsfolk i Arbeidarpartiet. Utfordringa er å få dei inn i dei leiande tillitsverva. Det er ein gyllen sjanse i nominasjonsprosessen no til å få fram kandidatar med erfaring frå arbeidslivet. Da meiner eg ikkje heiltidstilsette LO-folk som meg, men folk med tillitsverv ute på arbeidsplassane.

Ap til NHO

I Oslo Ap skal Tone Tellevik Dahl leie nominasjonskomiteen. Ho er tidlegare byråd for Ap, men har sidan april vore administrerande direktør i NHO-foreininga Norsk Eiendom.

– Korleis kan ein sjef i ei NHO-foreining leie arbeidet med å plukke ut stortingskandidatar for Oslo Arbeidarparti?

– Nei, spør du meg, så spør eg deg. Eg har ikkje lyst til å snakke så mykje om einskildpersonar. Men eit sosialdemokratisk parti kan ikkje berre rekruttere frå eit elitesjikt. Da er vi attende til tida før arbeidarrørsla vart skapt. Om ingen av dei leiande i eit sosialdemokratisk parti har arbeidarbakgrunn, blir vi fort tolka som betrevitarar som snakkar ovanfrå og ned. Og om noko kan få klassehatet til å ulme, er det kjensla av å bli snakka ned til.

– Men kva mekanismar gjer at folk med arbeidarbakgrunn forsvinn frå stortingslistene?

– Det har fleire årsaker. Det fagleg-politiske samarbeidet kan ha blitt ei kvilepute, folk i partiet meiner at dei har fått det dei treng frå fagrørsla. Det kan vere ein misforstått idé om arbeidsdeling, seier Bals.

– Mange i partilaga fortel òg om ei anna side av saka: Når nominasjonskomiteen ringjer, seier folk som er vande med å uttrykkje seg offentleg, gjerne ja med ein gong. Arbeidsfolk tenkjer seg derimot om både to og tre gonger. Det går ikkje av seg sjølv, det krev meir innsats å få dei med.

– Politikk har òg blitt eit levebrød for fleire enn før. Du kan gå rett frå AUF til ymse rådgjevarstillingar i ung alder?

– Eg er veldig redd for profesjonaliseringa av politikken. Det er sunt om ein kan gå litt inn og ut av politikken og hauste andre erfaringar. Men dette er ikkje ein konflikt mellom fagrørsla og AUF. Det er bra å ha unge folk i politikken.

First House

–?Politikk har òg blitt ein kompetanse som kan seljast dyrt. Mange har gått frå leiande verv i Ap til First House og andre PR-byrå. Om folk berre går pliktteneste i politikken for å cashe inn etterpå, gjer det noko med tilliten?

– Ja, det der råkar Ap hardt. Rett etter at Jonas hadde teke over, klatra partiet høgt på 30-talet på meiningsmålingane, og eg trur ein av grunnane var kritikken hans av First House.

Oppgjeret til Støre kom i eit VG-intervju i 2014. Da sa han mellom anna: «Jeg ser at tidligere kolleger går ut og markedsfører at de har jobbet ved Statsministerens kontor eller andre departement og selger sin kompetanse derfra til høye priser. Det byr meg imot».

– Eg trur folk har det der jævlig langt opp i halsen, seier Bals.

– Og dette gjeld ikkje berre Arbeidarpartiet, det er eit stort problem for demokratiet. Vi ser det ekstra tydeleg under denne regjeringa. Om du har ei svingdør mellom politikken og dei som påverkar politikken, undergrev det tilliten til folkestyret. Dersom politisk kapital er noko du tek med deg og sel til dei med mest økonomisk kapital, er det gift for demokratiet.

– Dette er truleg meir skadeleg for Arbeidarpartiet enn for Høgre og Venstre?

– Absolutt. Men politikk skal ikkje vere business. Påverknaden til PR-byråa er nok overvurdert, men uansett er dei undergravande. Om politikarane i tillegg gjer seg avhengige av slike kommunikasjonstenester, lagar dei ein buffer mellom folkestyret og politikken.

Den siste proletaren

Som rådgjevar for Jonas Gahr Støre og stortingsgruppa var Jonas Bals sjølv ein av dei få med arbeidarerfaring som sat nær partitoppen. No er han ute, og han stiller heller ikkje som stortingskandidat for Ap.

– «Den siste proletaren», skreiv Aftenposten da du slutta. Kunne du ikkje påverka politikken meir i Arbeidarpartiet enn der du er no?

– Eg er ein sterk tilhengar av at folk engasjerer seg i politikken, helst ved å søkje verv, lokalt, sentralt, kor som helst. Men fagrørsla er òg ein veldig viktig arena for politikkutvikling. I LO er eg så tett på det som skjer i arbeidslivet, og der skjer det mykje for tida.

– Kva gjer at du framleis ser på Ap som partiet ditt?

–?Eg var partilaus i alle år, og melde meg ikkje inn i Arbeidarpartiet før etter 22. juli. Men for meg er Ap det einaste alternativet om eg skal vere med i eit politisk parti. Eg er demokratisk sosialist, og eg meiner at sosialdemokratiet er den krafta som kan gjere Noreg til eit egalitært land med små klasseskilnader. Og det har eigenverdi at Ap er eit breitt folkeparti.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Målet for eit arbeidarparti kan ikkje vere at alle skal utdanne seg vekk frå arbeidarklassa.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis