Bart
– Sånn snakkar du ikkje her! Er du tjukk i huet? ropar servitøren.
– Nei, det er du som er tjukk i huet! svarar mannen.
Så slår dei begge over til eit framandspråk eg ikkje forstår, og kjeftar vidare.
Vi er inne på ein «pub og pizza» ein sundag kveld ein stad i Groruddalen. Ein mann talar høgrøysta med servitøren. Det er ein tydeleg amper tone mellom dei to.
Brått tek ordskiftet ei vending. Mannen kaukar høgt og slår inn eit vindauga så glasbrot fyk ikring i heile lokalet. Kundane skvett i vêret. Så stikk han av garde.
«Æsj, glasbrot på pizzaen», «og i kebaben og brusen», «at det går an», kjem det frå ei gruppe ungdomar som sit ved vindauga.
Servitøren handlar momentant. Han spring inn i bakromet, hentar eit balltre og legg på sprang etter mannen, men stamkundar hiv seg over han og held han att før han når fram til døra. Tydelegvis kjenner dei servitøren godt. Det er truleg ikkje fyrste gongen dette hender.
Om ikkje lenge kjem både ambulanse og politi. Ingen er skadde, så ambulansen køyrer fort vidare. Politiet har sine rutinar med spørsmål og rapport, og så fer dei etter kvart, dei òg.
Når det stilnar, går eg bort til servitøren og spør han kva som eigenleg skjedde.
– Det var rein rasisme! Du veit, vi muslimar har respekt for folk, det har ikkje han der.
– Kor kom han frå, då?
– Frå India.
– De tala same språket?
– Ja, panjabi. Eg er frå Pakistan og han frå India.
– Var han rasistisk mot deg?
– Nei, mot kundane mine! Han kjem hit, ser du, så stiller han seg i eit hjørne ved disken og talar stygt om kundane mine på panjabi, så dei ikkje skjønar kva han seier. Det er ikkje fyrste gongen. Han har gjort det før, ser du. Men denne gongen gjekk det for langt.
– Kva sa han då?
– Den eine jenta der kom hit og bestilte kebab. Så sa han: Sjå ho jenta der, ho har bart! Slikt tolererer eg ikkje om kundane mine.
Ynnor
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.