JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1850
20170929
1850
20170929

– Er det gut eller jente?

– Bitch, har eg lyst til å frese gjennom stramme lepper på grov sunnmørsdialekt, men eg tek meg i det og byr på eit ord som opnar for ein grimase som kan likne på eit smil:

– Tispe.

For tida går eg rundt i Oslo med ein hohund i band. På eit halvt år har eg snakka med fleire framande sambyarar enn eg gjorde i dei over 20 åra eg budde fast i byen. Ofte vil hundeeigarar vite kva kjønn hunden min har, for å unngå trøbbel om hunden deira er hannevond.

Dei færraste seier hanne, hoe eller tispe. Det går i gut og jente. På meg verkar det som om somme hundeeigarar unngår ord som bikkje og tispe fordi dei synest orda er for stygge for «barnet» deira.

Mang ein gong har eg undra meg over dei som gjev hundar menneskelege eigenskapar. Det er ingen tvil om at mange meiner at ein hund ikkje berre er ein hund.

Ein hundeeigar som eg har møtt fleire gonger, påstår at hunden hennar er så glad i det ho kallar det positive kroppsspråket til hunden min. Eit par gonger har dei stått og venta på at vi skulle kome forbi. Ja vel? Hundane snusar på kvarandre som alle andre hundar, tenkjer eg. Skulle eg ha påstått noko om hunden hennar, er det at han ser redd og kald ut.

Somme såkalla veskehundar er så søte at eg har vanskar med å forstå at dei kan finnast i hannkjønnsutgåver. Ofte er det berre så vidt dei når opp til det dei ynskjer å snuse på òg.

– Å så søt, får eg ofte høyre om hunden min.

Eg nikkar eller mullar ein takk medan eg lurer på om eg skulle ha kvittert med å seie at hunden deira òg er søt, sjølv om det er ein gneldrande dvergdachs med burberrygenser og grorudpalme eller ein olm, kvesande kjøter med pustevanskar bak alle hakene.

– Snill bisk, kunne eg kan hende ha strekt meg til å seie, fordi eg aldri høyrer uttrykket lenger, men eg trur ikkje på alle som seier at hunden min er fin, heller.

Tiriltunga

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis