JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Bladstyraren har fått sluttpakke

Dei som ikkje sit på redaktørkrakken for å tena folket, men for å tena pengar for eigarane.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Bladstyraren har fått sparken. No spekulerer han på om han kan kome attende som privatpraktiserande redaktør.

Illustrasjon: May Linn Clement

4875
20171027
4875
20171027

hompland@online.no

Avisredaktørar har vore viktige figurar i norsk historie: Friele, Berner, Thomessen, Tranmæl. Dei hadde ei røyst og ein styrande penn i det offentlege ordskiftet, men dei var også med og forma den politiske utviklinga. Nokre var ihuga framstegsmenn, andre reaksjonære vaktarar av det beståande, men den store hopen la seg ugjerne ut med den kompakte majoritet dersom det truga talet på abonnentar eller inntekter frå annonsar.

FLEIRE BLADSTYRARAR har sett litterære spor etter seg – nokre var sjølv diktarar. Andre blei offer for intense spottedikt og skarpe åtak i romanar og skodespel.

Då dr. Stockmann i Ibsens En folkefiende fann ut at det var noko farleg gale med vatnet i den nye badeanstalten, fekk han ihuga støtte frå den liberale redaktør Hovstad i Folkebudet, men også av boktrykkar Aslaksen som stod bak avisa, for han trudde det kunne brukast mot den politiske høgreleiinga i småbyen.

Men då byfuten troppa opp i bladstova og åtvara om at ei avsløring ville skada dei næringsdrivande og føra til utgifter for skattebetalande småborgarar, snudde boktrykkar Aslaksen. Redaktør Hovstad slutta rekkene og nekta å ta inn Tomas Stockmanns innlegg.

Den soga endar med dr. Stockmanns klassiske: «Den sterkeste mann i verden, det er han som står mest alene.» Slik kan det kjennast når dei som skulle fremja sanning og ytringsfridom, heller vernar seg sjølv og sitt publisistiske kjøpmannskap.

SPALTISTEN har hatt både gode og dårlege bladstyrarar. Dei gode veit mykje og er nyfikne på endå meir; dei vil noko med blekkene sine, omgir seg med sjølvstendige folk, tar det samfunnsmessige redaktøransvaret på alvor og bruker ikkje den om pressa som den fjerde statsmakt berre som ein floskel. Slike finst det stadig færre av.

Dei dårlege er dei som har svak bakgrunn for eigne meiningar når dei ein sjeldan gong meiner noko som ikkje har å gjera med budsjett og nedbemanning, momsfritak og NRK-lisens. Dei satsar i staden på hierarkisk autoritet og vilkårslaus lojalitet – både nedover frå korttidsvikarane og oppover til styre og eigarar.

DEN NYE REDAKTØREN, som gjerne er både sjefredaktør og administrerande direktør og kallar seg Publisher, er meir bedriftsleiar enn meiningsleiande. Meiningar er ikkje deira felt: Det har dei politiske redaktørar og kommentatorar til å ta seg av, gjerne i Dagsnytt 18, på Twitter, Instagram og anna fjas som undergrev papiret dei lever av.

Der bladstyrarane før måtte verna seg med redaktørplakaten mot politiserande eigarar som ville ha ei hand med i kva avisa skreiv og meinte, har dei nå eigarar som ikkje er interesserte i det som står på linjene, men berre i botnlinja. Dei er som disponentar som ikkje sit på redaktørkrakken for å tena folket, men for å tena pengar for eigarane. Tinius er som tinnitus i øyro deira.

BYRÅSJEFEN kjem i slett lune når han legg ut om aviser og redaktørar. I ungdommen var han så nerdete at han abonnerte på Stortingstidende. Han vil ha både dokument, saklege referat, sterke meiningar og klare tilrådingar slik at han har sikkert grunnlag for eigne standpunkt.

Derfor likte han i grunnen den gamle partipressa, for då visste ein kva som var offisielle partiliner, men også kva Bladstyren stod for når det var intern usemje. Det blei berre rot då avisene sa seg frie frå partia og slutta seg kollektivt til journalismen som ideologi. Dei blei uavhengige og kritiske, men det var uråd å vita kva dei var uavhengige av. Men stadig meir avhengige av annonseinntekter og statsstøtte, det blei dei.

Byråsjefen har lært seg mange krokvegar i stortinget.no, men han saknar likevel at medium med truverde held han kontinuerleg orientert om storting og styringsverk. Det irriterer han å måtta lesa Klassekampen i løynd for å følgja med i parlamentarisk politikk.

VERTINNA er heller ikkje nøgd med stoda. Lokalavisa er tjukkare og ser betre ut, men det var likevel betre før. Gamleredaktøren var rett nok ein ufyseleg skitstøvel, og det lukta ikkje godt at han – verken før eller etter lunsj, men han hadde sterke meiningar. Det gjekk gjetord om kor mange vrange kontorpavar han hadde skrive magesår på. Og når han skreiv tøv, var det intelligent tøv.

Nå meiner redaktøren stadig mindre og er meir forsiktig. Vertinna liker heller ikkje at han stadig er ute og reiser og set fleire fotefar andre stader enn på heimebane.

DET ER IKKJE lenger gode sideblikk å henta frå Bladstyraren. Derfor er hans tid ute. Men sluttpakke, det har han fått. Og du skal sjå at det går med han som med andre i emeritusgruppa: Etter kvart som dei kjedar seg, tar dei til som privatpraktiserande redaktørar som linkar og meiner mykje om mangt i ulike nettfora.

Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Men når han skreiv tøv, var det intelligent tøv.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis