Brennande spørsmål
Skogbrannane i Australia får neppe politiske konsekvensar, meiner klimaforskar Glen Peters.
Røyken veltar opp frå brannane i Buchan i den australske delstaten Victoria 30. desember. Brannsesongen som tok til i september i fjor, er den verste i manns minne i Australia.
Foto: TPX / NTB scanpix
Samtalen
Glen Peters
forskingssjef ved Cicero
Aktuell
Skogbrannar i Australia
Samtalen
Glen Peters
forskingssjef ved Cicero
Aktuell
Skogbrannar i Australia
peranders@dagogtid.no
Australia er herja av dei verste skogbrannane i manns minne. Over fem millionar hektar har brunne, og minst 17 menneskeliv har gått tapt. Australske Glen Peters er forskingssjef ved Cicero senter for klimaforsking.
– Kva tyder skogbrannar – det de kallar bushfires – i den australske historia?
– Det kjem an på kor i landet du kjem frå. Eg kjem frå Newcastle-området i New South Wales, og der var brannar noko som skjedde ganske ofte. Dei gjorde ein del skade, men dei var sjeldan katastrofale. Brannane har vore ein del av den australske naturen svært lenge, og frøa til somme australske planteartar spirer ikkje utan at dei har vore eksponerte for eld.
– Mange av dei store brannane gjennom historia har fått namn: «Black Saturday», «Red Tuesday» og liknande?
– Ja, det er dei verkeleg katastrofale brannane. Slike kunne kome også utan bidrag frå klimaendringane. Men skogbrannane dei siste månadene er av ein større skala.
– Kor uvanlege er temperaturane som har reidd grunnen for brannane i Australia no?
– Dei har vore rekordhøge. 2019 var det varmaste året vi har målingar for i Australia, 1,5 gradar over normalen frå 1961 til 1990. I delstaten New South Wales var temperaturen i fjor 2 gradar over den gamle normalen. 2019 var òg det tørraste året som er registrert i Australia.
– Det er grunn til å tru at brannane kjem til å halde fram. Januar og februar er normalt dei varmaste månadene i Australia?
– Ja. På grunn av tørken byrja skogbrannane svært tidleg i fjor, og det er truleg at dette kan vare ei god stund enno.
– Kor sikker kan ein vere på at desse brannane har noko med klimaendringar å gjere?
– Vi kan seie det ganske sikkert. Det er òg andre faktorar som spelar inn, men varmen og tørka er dei primære årsakene. Og ekstrem varme og tørke i Australia blir vanlegare med klimaendringane.
– Denne veka sa statsminister Scott Morrison: «Vi har opplevd slike katastrofar før, og vi har klart oss.» Han seier implisitt at skogbrannane er ein del av normalen i Australia. Er det rett?
– Dette er ein retorikk med lang historie i Australia: «Vi har alltid kjempa mot naturen, vi har klart oss gjennom brannar og tørke før.» Men brannane no er ikkje normale. Morrison dreg vekslar på argument som klimaskeptikarane har brukt i fleire tiår i Australia. Det er ei sterk klimaskeptisk høgrefløy i det liberale partiet som statsministeren representerer, og han tør ikkje å utfordre den fløya. Om han gjer det, kan han misse jobben.
– Kva politiske følgjer kan dei ekstreme skogbrannane få i Australia?
– Eg trur dei blir minimale. Før eller seinare kjem brannane til å ta slutt, og ting går attende til det normale. Det er tre år til neste val, og da er desse skogbrannane meir eller mindre gløymde. Og opposisjonen er veik: Arbeidarpartiet er splitta, og også der er det folk som forsvarer interessene til kolindustrien.
– Australia er ein stor koleksportør. Det er politisk svært vanskeleg å redusere kolproduksjonen?
– Kol er ei viktig inntektskjelde. Kolet er ikkje så viktig for Australia som oljen er for Noreg, og det er ikkje så mange arbeidsplassar i kolindustrien. Men om kolproduksjonen vart stogga, ville det gje eit stort utslag i BNP.
– Det meste av kolet blir brent i andre land, og Australia kan hevde at desse utsleppa ikkje er eit australsk problem?
– Ja, og i tillegg blir det sagt at australsk kol er bra fordi det blir utvunne på ein reinare måte enn i andre land. Den australske posisjonen i klimapolitikken minner mykje om den norske – men på steroid. Også gasseksporten frå Australia aukar, og klimaministeren har sagt at utsleppa frå gassproduksjonen ikkje burde telje, fordi gassen erstattar kol og reduserer utsleppa i andre land.
– Rike land blir rekna som langt meir motstandsdyktige mot klimaendringar enn fattige land. Men Australia er kanskje meir sårbart enn mange av oss har trudd?
– Generelt sett stemmer det nok framleis at rike land er meir motstandsdyktige. Men Australia er sårbart. Det handlar ikkje berre om ei akutt krise som skogbrannane no. Den langvarige tørken gjer at mange bønder må slakte buskapen og misser heile inntekta si. Men det blir ikkje framsideoppslag på same vis som skogbrannane.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Den australske posisjonen i klimapolitikken minner mykje om den norske – men på steroid.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Albumet som no er ute, tek utgangspunkt i spesifikke Aphex Twin-konsertar.
Skjermdump frå YouTube
Raritetar i utval
Enkeltpersonorkesteret Aphex Twin samlar «djupe kutt» i utval til glede for store og små.
Den svenske Duo SolRoos, med luttspelaren Dohyo Sol og blokkfløytisten Emilie Roos.
Foto: Alf Ljungquist
Meistermøtet
Duo SolRoos gjev oss atterklangar av Weiss og Bach i samspel.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?