Dei blinde flekkene
Våpen er USAs blinde flekk. Det nasjonale helsestellet er Storbritannias.
Tre fjerdedelar av nordamerikanarane eig ikkje våpen. Berre 3 prosent eig halvparten av våpena.
Foto: John Locher / AP / NTB scanpix
Vi lever i ei lita verd. Det er ikkje lange vegen mellom deg og nokon som var på konserten i Las Vegas søndagen for to veker sidan, der Stephen Paddock drap 58 menneske. Det er fordi du les spalta mi, og ho som passar sonen min, var der saman med vener. (Til alt hell gjekk ho før skytinga byrja, og ingen av venene hennar vart råka. Dei vart stenka med blod frå andre, men fysisk uskadde.)
Ein av mange patologiar i ei lita verd er gruppetenking. Eg kom til London kort tid etter Las Vegas-massakren. Eg møtte semje frå heile det politiske spekteret. Amerikanarane er galne, fekk eg stadig høyre. Korleis kan du leve i eit land der slikt er mogleg?
Det er sant at amerikanarane har eit våpenproblem, men det er ikkje nett det problemet som dei fleste britane ser for seg. Som The Times peika på for litt over ei veke sidan, har fleire amerikanarar døydd av våpenbruk i eige land sidan 1968 enn dei som har døydd i kamp i alle krigane landet har vore innblanda i (inkludert borgarkrigen). I gjennomsnitt mellom 2011 og 2014 har våpen vore knytt til 34.000 tap av liv kvart år i USA.
Men slike tal kan vere villeiande. Over halvparten av dei 34.000 var resultat av sjølvmord, ikkje drap. Heile veka etter massakren offentleggjorde media overdriven statistikk om masseskyting («477 dagar, 521 tilfelle av masseskyting» – The New York Times).
Dersom du definerer ei masseskyting som eit åtak på ein offentleg stad der fire eller fleire offer vart vilkårleg drepne, tel eg 91 masseskytingar i heile landet sidan 1982, der 760 menneske har døydd.
Det er sjølvsagt heilt uakseptabelt. Noko som òg er uroande, er tendensen i retning av hyppigare massakrar og høgare dødstal. Men vi treng å kjenne til kva som særmerker problemet. Det er ikkje, som mange britar verkar tru, at USA er fullt av væpna, triggerhappy galningar.
Landet er nummer 1 i verda når det gjeld skytevåpen per capita, med 88,8 våpen per 100 innbyggjarar. Men tre fjerdedelar av amerikanarane eig ikkje våpen. Berre 3 prosent eig halvparten av våpena. Paddock åtte 42 skytevåpen, 23 av dei tok han med seg til Las Vegas. Han var ein av ein svært liten del av den amerikanske folkesetnaden som nyttar eit svakt punkt i lovverket til å samle saman mange våpen.
Denne stoda er ikkje det forfattarane av det andre grunnlovstillegget (second amendment) hadde tenkt seg da det vart gjort gjeldande i 1791. Les det sjølv: «Ein velregulert milits er naudsynt for tryggleiken til ein fri stat, folkets rett til å ha og bere våpen skal ikkje krenkjast.» I saka United States versus Miller (1939) avgjorde Høgsteretten at det andre grunnlovstillegget ikkje er til vern for våpen som ikkje har «eit rimeleg samband med bevaring av og effektiviteten til ein vel regulert milits». Det er rett og slett den korrekte måten å lese teksten på.
Men i District of Columbia versus Heller (2008) bestemde Høgsteretten at det andre grunnlovstillegget forsvarer ein individuell rett til å eige og bere skytevåpen. Dette var heilt sikkert feil. Second amendment var berre meint å sikre ein godt væpna borgarmilits til nasjonalt forsvar. Det var ikkje slik utforma at ein individuell borgar skulle kunne samle seg eit digert privat arsenal. Dei fleste som samlar på åtaksrifler, er utan tvil som frimerkesamlarar: Dei liker berre å sjå på dei. Men om ein einaste våpensamlar i året gjev seg ut på eit drapstokt, er lova idiotisk.
Det praktiske grunnlaget for strammare våpenkontroll er òg klart. For det første er det presedens for eit føderalt forbod mot åtaksvåpen: lova frå 1994 som vart oppheva i 2004 og kunne blitt vekt til nytt liv i 2012 etter massakren ved barneskulen Sandy Hook. I mange delstatar er det ingen obligatorisk bakgrunnssjekk ved våpensal, på grunn av eit smetthol som gjer unntak for sal ved våpenmesser. Eit anna uforsvarleg smetthol er at maskingevær – automatvåpen – produserte før 1986, kan eigast fullt lovleg. Det er truleg tett oppunder 200.000 slike i omløp.
Vil noko som helst verte endra etter Vegas-massakren? Det meste ein kan vente seg, er at bump stocks – som gjer halvautomatiske våpen om til automatvåpen – vil bli forbode. Ut over det ventar eg ikkje store endringar. Våpenkontroll har i mange år vore ei partisak, ønskt av demokratane, medan republikanarane set seg mot det. Ikkje berre kontrollerer dei sist nemnde Det kvite huset og Kongressen, dei har òg 34 guvernørar. Demokratane har full kontroll over berre seks statar, som alle har restriktive våpenlover.
Vil dette seie at amerikanarane er galne? Lat oss behalde perspektivet. Av dei 2.596.993 totale dødsfalla i USA i 2013 var 1,3 prosent knytt til skytevåpen. Av ein eller annan grunn er det slik at dei som plar seie: «Det er større sjanse for å bli drepen i ei trafikkulykke enn av ein terrorist», aldri seier: «Det er større sjanse for å bli drepen i ei trafikkulykke enn av eit skytevåpen.» I USA er begge desse utsegnene sanne.
Ja, vi i Storbritannia har mindre sjanse for å døy av skotskadar enn dei amerikanske syskenborna våre. Ifølgje statistikk for 2015 frå World Health Organisation er den amerikanske dødsrata grunna vald mellom personar fire gonger høgare enn den britiske. Amerikanarar har òg mellom to og tre gonger støre sjanse for å døy av stoffmisbruk, forgifting og forsettleg skade. Den amerikanske måten å døy på er valdeleg. Dette er ein annan måte å seie det på at USA er meir likt Latin-Amerika enn Vest-Europa. Men det visste du frå filmar, ikkje sant?
Vi britar har våre eigne idiosynkrasiar når det gjeld død. I 2015 hadde vi fem gonger større sjanse for å døy av lungekrefttypen mesothelioma enn amerikanarane, nesten tre gonger større sjanse for å døy av kreft i eterøyret, dobbel sjanse for magekreft og nesten to gonger større sjanse for å døy av prostata- og urinblærekreft.
Desse tala samsvarar med fleire studiar som syner at Storbritannia ikkje er den beste staden i den utvikla delen av verda å få ein kreftdiagnose på. Mellom 2000 og 2007, til dømes, var raten for overleving i fem år for pasientar med ni krefttypar lågare i UK enn snittet for Europa. Samstundes, ifølgje ein studie frå 2012, var det slik at kreftpasientar i USA «levde lenger enn i EU, og denne overlevingsvinsten kom ikkje av meir aggressiv screening av US-pasientar», men av den større ressursbruken som er karakteristisk for det amerikanske systemet. Likevel er National Health Service (NHS) som institusjon så elska av britiske veljarar at ve den politikaren som ikkje lovar å bevare han.
Sant nok er det stadig fleire amerikanarar som lèt seg overtyde av «single payer»-entusiastar, som Vermont-sosialisten Bernie Sanders.(«Single payer» er eit omgrep som vert nytta for å beskrive system der staten betaler for helsebehandling for folk, slik som i Noreg, red. merk.). Mot slutten av 1990-talet var det berre 40 prosent av amerikanarane som ville ha eit single-payer, statleg drive system som NHS; i dag har talet auka til 53 prosent. Men dei fleste republikanske veljarane ønsker ikkje å vite noko om det.
Kan hende, som Hillary Clinton sa, er republikanarane rett og slett ein gjeng «deplorables» som er tullete nok til å føretrekkje National Rifle Association framfor National Health Service. Likevel, når eg fortel konservative amerikanarar korleis britiske vener har blitt handsama etter ein kreftdiagnose – ei med brystkreft fekk høyre at ho kunne ta den vanlege sommarferien, ettersom det var ventekø for behandling – her er det dei seier: Britar er galne. Korleis kan du leve i eit land der slikt er mogleg?
I sanning lever vi alle i ei lita verd. Og likevel strevar vi alle – både amerikanarar og britar – med å sjå oss sjølve slik andre ser oss.
Einerett: The Sunday Times / Dag og Tid Omsett av Lasse H. Takle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Mellom 2000 og 2007, til dømes, var raten for overleving i fem år for pasientar med ni krefttypar lågare i UK enn snittet for Europa.
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.