Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Departementa neglisjerer lov og pålegg

Anniken Huitfeldt (Ap) sende som kultur-minister i 2011 eit strengt pålegg til alle departementa om å innskjerpe reglane om målbruk i offentleg teneste.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Det kongelege utanriksdepartementet er verst i klassen når det gjeld brot på mållova.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

8726
20170922
8726
20170922

Mållov

vidar@dagogtid.no

Språkrådet og andre språkinteresserte har jamleg kunna konstatere at forvaltninga bryt mållova på fleire punkt. Det gjeld i hovudsak for lite bruk av nynorsk (minimum 25 prosent i trykte dokument) og at svar på tilskrift på nynorsk kjem på bokmål.

Årsrapporten for 2016 frå Språkrådet om målbruk i offentleg teneste viste ein klar nedgang i bruken av nynorsk i departementa i tre av fire kategoriar: dokument under ti sider, dokument over fire sider og stortingsdokument. Berre i kategorien «sosiale medium» var det ein oppgang. Resultata var i snitt for alle departementa høvesvis 13 prosent, 9,4 prosent, 16,8 prosent og 8,1 prosent, altså langt unna minstekravet på 25 prosent.

Snittala for alle kategoriane var 2,3 prosent i Utanriksdepartementet og 3,2 prosent i Justis- og beredskapsdepartementet, altså nesten ingen bruk av nynorsk.

Slik er stoda fem år etter brevet frå kulturminister Huitfeldt. Dag og Tid har fått tilgang til brevet, som til no har vore ukjent for ålmenta.

Huitfeldt hadde analysert og vurdert språkpraksisen i forvaltninga, og konkluderte med at det var stadige brot på mållova, «til dels elementære regelbrot», og at det «nesten alltid er den nynorske målforma og nynorskbrukarane det går ut over».

– Skortar på vilje

I brev til regjeringskollegaene skreiv ho: «Hovudinntrykket frå det oppfølgjande tilsynsarbeidet vårt er likevel at dei fleste har gitt opp å klaga. Det er derfor fare for at regelbrota kan festna seg som etablert praksis. Det kan synast som det skortar både på elementær kunnskap om regelverket og vilje til å etablera nødvendige interne rutinar. Heller ikkje i mitt eige departement er dette godt nok.»

Etter å ha gjennomgått og drøfta tilstanden avslutta Huitfeldt: «Det grunnleggjande er (likevel) at den øvste leiinga i kvart departement gir klare instruksar og set i verk tiltak. I tillegg må det skje ei jamleg oppfølging som kan sikra at tiltak og rutinar fungerer i praksis og som gjer at regelverket heretter blir etterlevd til punkt og prikke.»

– Når eg les brevet i dag, ser eg at det hadde ein uvanleg krass tone, særleg når ein ser dette som ei brev statsrådkollegaer imellom, seier Anniken Huitfeldt til Dag og Tid.

– Men det er viktig at politikarane fylgjer opp. Det er eit politisk ansvar for kvar einskild statsråd, legg ho til.

I juni stilte Dag og Tid spørsmål til alle departementa, inkludert Statsministerens kontor, om dagens regjering og statsrådane einskildvis stiller seg bak pålegga som kulturminister Anniken Huitfeldt kom med i 2011. Vi har også stilt spørsmål om kva tiltak som er gjennomførte for å fylgje opp pålegga frå 2011.

Fire stør Huitfeldt

Berre fire av departementa svarar at dei stiller seg bak og er samd i synspunkta og pålegga frå 2011. Det er Kulturdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Forsvarsdepartementet og Klima- og miljødepartementet. Dei andre departementa, Statsministerens kontor medrekna, svarar ikkje trass fleire purringar.

Fleire av departementa presterer dessutan å sende svar på bokmål trass i at tilskrift og spørsmål er skrivne på nynorsk. At slikt skjer når temaet nettopp er praksis og haldning til å etterleve mållova, kan tyde på at Huitfeldt hadde rett når ho viste til manglande vilje til å etterleve lova.

Departementa svarar

Kulturdepartementet, leia av Linda Hofstad Helleland, svarar at «noverande politisk leiing er heilt samd i dei synspunkta og påpeikingane som går fram av statsråd Huitfeldts brev frå 2011.»

Departementet opplyser vidare at: «I departementet blir det jamleg gitt melding til dei tilsette om at reglane i mållova må følgjast. Det er elles etablert rutinar der den øvste administrative leiinga i departementet syter for at det er ei veksling mellom bokmål og nynorsk i dokument til Stortinget». Kulturdepartementet opplyser òg at i tida etter 2011 har om lag 125 tilsette i departementa vore på nynorskkurs hos Språkrådet.

Statsministerens kontor uttalar at ein der er opptekne av å halda reglane om målbruk i offentleg teneste, og at ein freistar å veksle mellom nynorsk og bokmål, slik at ingen av dei to målformene er representerte med mindre enn 25 prosent.

Arbeids- og sosialdepartementet opplyser at avdelingane må gje ei særskild grunngjeving for kvifor dokument som er planlagt utarbeidde til Stortinget, ikkje kan skrivast på nynorsk. 25 prosent av pressemeldingar, informasjonsmateriale, stillingsannonsar og rundskriv skal skrivast på nynorsk. Avdelingane må kunne dokumentere at pålegget blir fylgt.

Barne- og likestillingsdepartementet opplyser at det i årlege interne skriv er etablert rutinar for korleis departementet skal oppfylle krava i mållova. Det er også utarbeidd ein nynorsk husnormal. Departementet vil i haust arrangere nynorskkurs for tilsette.

Finansdepartementet opplyser at det vart sett i verk meir systematisk oppfølging frå leiargruppa etter pålegget i 2011. Det er utvikla ei nynorskrettleiing, og alle tilsette har tilbod om nynorskkurs og tilgang til programvara Nyno.

Forsvarsdepartementet opplyser at leiinga er samd i synspunkta og påpeikingane i brevet frå statsråd Huitfeldt, vurderer fortløpande kva målform som skal nyttast i sentrale dokument. Departementet vedgår at ein har eit forbetringspotensial for bruk av nynorsk.

Helse- og omsorgsdepartementet opplyser at dei tilsette arbeider systematisk for å auke bruken av nynorsk. «Vi har som rutine å vurdere kor mange dokument som skal publiserast på nynorsk kvart år. Har avtale med omsetjingstenester som kan omsetje eller språkvaske publikasjonar.»

Ny strategi i Justis

Justisdepartementet opplyser at det er gjennomført fleire tiltak etter pålegget som kom i 2011. Ei kartlegging avslørte at fleire system i organisasjonen ikkje var tilrettelagde for nynorsk. Det er internt påpeika kor viktig det er å oppfylle krava i mållova. Ein vurderer no nye metodar, og ser for seg å ha klar ein ny strategi i haust. Departementet er nest verst, med 3,2 prosent i snitt.

Klima- og miljødepartementet opplyser at dei arbeider for å få opp nynorskbruken, at dei oppmodar tilsette om å skrive meir nynorsk, at heile budsjettproposisjonen blir skriven på nynorsk og at dei har tilsett ein medarbeidar i kommunikasjonseininga som konsekvent nyttar nynorsk.

Kunnskapsdepartementet opplyser at det er innført fleire tiltak for å auke nynorskbruken. Det er kurs for tilsette og halvårleg rapportering om målbruk som blir lagd fram for leiargruppa. Måltala i mållova er ikkje oppfylde, og departementet vil difor halde fram med aktivt nynorskarbeid.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet opplyser at ein har planlagt å auke nynorskprosenten i dokument til Stortinget. Departementet har gjort avtale med NTB for omsetjing og språkvask til nynorsk. Godt planverk for nynorskbruk, halvårlege rapporteringar og oppfølging i møte med ekspedisjonssjefgruppa er nokre av tiltaka.

Landbruks- og matdepartementet har sett i verk kurs i nynorsk for tilsette, og oppmoding om å skrive meir nynorsk. Dette var noko av det første statsråd Jon Georg Dale (Frp) sette i verk då han tok over som statsråd.

Nærings- og fiskeridepartementet har hatt fleire medarbeidarar på nynorskkurs, og fleire skal på kurs. Leiargruppa fastset kva for store dokument som skal skrivast på dei ulike målformene.

Olje- og energidepartementet seier ein har mål om å oppfylle krava i mållova raskt. Departementet vil før kvart halvår gå gjennom lista over planlagde stortingsdokument, og velje ut kva dokument som skal skrivast på nynorsk for å innfri kravet i lova.

Samferdsledepartementet har faste rutinar som skal sikre at mållova blir fylgd. To gongar i året blir det avgjort målform i planlagde dokument til Stortinget. Kvar fjerde pressemelding, høyringsnotat og stillingsannonse skal skrivast på nynorsk.

Verst i klassen

Utanriksdepartementet er verstingen i gjennomgangen til Språkrådet, med nesten ingen bruk av nynorsk: 2,3 prosent i snitt for alle kategoriar eigenproduserte dokument. UD erkjenner no at bruken av nynorsk må bli betre, og seier dei tek dette på alvor og vil utarbeide planar for målbruken for fleire stortingsdokument på nynorsk og nynorsk også i andre publikasjonar, varslar departementet overfor Dag og Tid.

Det står att å sjå om departementa faktisk har vilje til å gjennomføre tiltaka dei lovar å setje i verk. Svara frå departementa kan tyda på det. Men som Språkrådets rapport syner, er altså svært lite skjedd til no – heile fem år etter brevet frå Huitfeldt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Utanriksdepartementet er verstingen i gjennomgangen til Språkrådet, med nesten ingen bruk av nynorsk

Emneknaggar

Fleire artiklar

Henry «Tippen» Johanson reddar i kampen mot Tyskland i OL i Berlin i 1936. Då det var 2‒0 til Noreg, gjekk Hitler og følgjet hans.

Foto: arkiv / NTB

BokMeldingar

Året 1936 bak nyhenda

Ingen medvitne nordmenn tvilte på storkrig.

Aage G.Sivertsen

Teikning: May Linn Clement

Feature

Flyplassblues

Ingen stad kjenner eg meg så trygg som på ein flyplass.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis