JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Dødelege biverknader

I fattige land kan kampen mot koronaviruset kome til å koste fleire liv enn pandemien.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eit barn får meslingvaksine i Mongasa-provinsen nord i Kongo 3. mars i år. Langt frå alle barn i Kongo er like heldige. Den største meslingepidemien i verda er for tida i Kongo og har teke over seks tusen liv sidan 2018. No har vaksineprogrammet i Kongo nesten stogga opp på grunn av koronapandemien.

Foto: Hereward Holland / Reuters / NTB scanpix

7959
20200619
7959
20200619

Helse

peranders@dagogtid.no

I rike delar av verda har covid-19-pandemien kome som eit sjokk, for dødelege epidemiar har kjenst som noko frå ei fjern fortid. Folk i Europa, Nord-Amerika og velståande land i Asia døyr av hjarte- og karsjukdomar eller kreft, og smittsame sjukdomar har ikkje vore eit stort trugsmål på lenge. Når ein ukjend epidemi som covid-19 tek titusentals liv på kort tid i mange rike land, er det ikkje så rart at kolossale ressursar blir mobiliserte i kampen mot koronaviruset – sjølv om dødsraten til sjukdomen må kallast låg.

I fattige delar av verda er det derimot ei rekkje velkjende smittsame sjukdomar som til saman tek millionar av liv årleg. Og ulikt covid-19 kan dei aller fleste av desse sjukdomane førebyggjast med vaksine, eller dei kan kurerast om ein berre får medisin i tide. No har koronapandemien bremsa eller stogga vaksineringsprogramma i ei rekkje land i tredje verda, og dei globale tiltaka mot covid-19 går på kostnad av livreddande, grunnleggjande helsearbeid i fattige land. Slike biverknader av pandemien kan ende med å ta fleire liv enn koronaviruset. Ikkje minst kan kostnaden i tapte leveår bli stor, sidan mangelen på vaksine gjer barn særleg utsette for mange sjukdomar.

Stygge tal

Det er ikkje lett å talfeste kor omfattande desse vonde biverknadene av koronakampen kan bli, men det er gjort nokre forsøk. I ein studie publisert i tidsskriftet The Lancet i vår skisserte forskarar ved Johns Hopkins-universitetet ulike scenario for korleis svekte helsetenester og økonomisk nedgang på grunn av pandemien kunne påverke helsa i 118 låg- og mellominntektsland. I verste fall-scenariet deira var resultatet ein million ekstra barnedødsfall.

Ikkje minst er det mangel på vaksine som set mange ungar i fare no. 80 millionar barn under eitt år står i fare for å gå glipp av vaksinane mot meslingar, polio, difteri og andre sjukdomar i år, åtvara Verdshelseorganisasjonen (WHO), Univec og vaksinealliansen Gavi i ei felles pressemelding 22. mai. I minst 68 land har vaksineprogramma for barn blitt alvorleg skipla, og i somme land har vaksineprogramma stogga heilt, heitte det i meldinga.

Tvilsamt råd

Det er fleire grunnar til at vaksineringa har blitt hindra i så mange land. Ein av dei er at styresmaktene i mange land ville unngå dei store samlingane av folk som følgjer med massevaksinering. Det var i tråd med faglege råd: I mars åtvara både WHO og Unicef mot slik vaksinering, fordi det kunne medføre smittefare å samle mange menneske på éin stad. Det er ikkje sikkert at det var det beste rådet, sett i eit folkehelseperspektiv.

Pandemien har òg medført andre hinder for vaksinasjonsprogramma, ikkje minst ved at transportsystema i verda har blitt råka. Da flya slutta å gå, kom ikkje vaksinar og anna medisinsk utstyr fram dit det skulle. Og også i mange fattige land har mykje av dei knappe ressursane til helsevesenet blitt omprioriterte for å møte koronapandemien, sjølv om andre sjukdomar kanskje er vel så store trugsmål, skreiv The New York Times denne veka. I tillegg vegrar mange helsearbeidarar seg for å møte pasientar fordi dei sjølve manglar smittevernutstyr, medan sjuke menneske ikkje vil oppsøkje helseinstitusjonar av frykt for koronaviruset.

Blussar opp

Mange stader på kloden ser gamle, kjende sjukdomar ut til å vere på frammarsj i ly av koronapandemien, og The New York Times kjem med ei lang rekkje døme: Difteri spreier seg i Pakistan og Nepal. Kolera grip om seg i Sør-Sudan, Kamerun, Jemen og Bangladesh. Ein mutert variant av polioviruset er påvist i meir enn 30 land. Meslingepidemiar drep ungar i mellom anna Brasil, Irak, Usbekistan og Nigeria. Og så vidare.

Kampen mot koronaviruset er sjølvsagt ikkje årsak til alle desse sjukdomsutbrota. Men den skiplinga av helsevesen og transportsystem som pandemien har ført til, har gjeve mykje større rom for spreiing av gamle plager. Eit døme på dette er situasjonen i det fattige og krigsherja Kongo, som er åstad for det største meslingutbrotet i verda for tida. Denne barnesjukdomen er ikkje så triviell som somme vil ha det til. I 2018 døydde rundt 140.000 menneske av meslingar i verda, dei aller fleste barn, og i år blir talet etter alt å døme langt høgare fordi vaksineringa har stogga opp så mange stader.

Meslingar drep

I Kongo er det registrert 370.000 smitta i meslingepidemien som tok til i 2018, og det er registrert 6779 dødsfall, ifølgje Leger utan grenser. Eit nytt, nasjonalt barnevaksineprogram tok til i Kongo i fjor, og skulle i år utvidast til store delar av landet. Men på grunn av koronapandemien har dette stogga opp. Dels fordi massevaksinasjon med hundrevis av barn til stades kunne medføre smittefare, dels fordi flyleveransane av vaksine mot meslingar, polio og tuberkulose stogga. Nyleg varsla dessutan WHO om nok eit utbrot av ebola i Kongo, i tillegg til smittebølgjer med tuberkulose og kolera. «Som under ebola-epidemien i Vest-Afrika i 2014, vil merdødeligheten i Afrika i år trolig ikke skyldes covid-19 – men sykdommer som meslinger, malaria og tuberkulose», skreiv Bistandsaktuelt denne veka.

Mindre bistand

Situasjonen i Kongo er berre eitt av døma på korleis koronapandemien råkar helsearbeidet i fattige land, stadfestar Karine Nordstrand, president i Leger uten grenser Norge. Ho er òg uroleg for korleis pandemien kan råke bistand til helseføremål og finansieringa av humanitære organisasjonar.

– Vi ser at verda brukar veldig store ressursar til å møte covid-19 no. Det kjem truleg til å gå på kostnad av innsatsen for andre typar helsetiltak. Både for gjevarland og privatpersonar er det veldig attraktivt å finansiere koronarelaterte tiltak no, for det er jo pandemien alle er urolege for.

Det er for tidleg å seie noko om kor store ressursar som blir flytta frå internasjonal helsebistand til kampen mot koronaviruset, meiner Nordstrand.

– Men vi ser at både statar og fleire av dei største private stiftingane donerer store midlar til covid-19-tiltak, og ressursane er jo ikkje uavgrensa. I tillegg er det no mørke utsikter for økonomien globalt. Og da er det klart vi blir urolege for at det går mindre til bistand.

Den internasjonale mobiliseringa mot covid-19 er i seg sjølv oppløftande, meiner Nordstrand.

– Krisa viser korleis statar og institusjonar kan jobbe saman for å finne løysingar på eit helseproblem. Men eg kunne ønskt at noko liknande skjedde i kampen mot mange sjukdomar som det finst medisinar mot, og der problemet er at vi ikkje får ut vaksine eller behandling til dei som treng det. Responsen på pandemien no viser kor mykje vi kan få til om det berre er politisk vilje til det. Samtidig er det mykje som står att når det gjeld rettferdig fordeling av framtidige vaksinar og medisinar.

Malplassert medisin

Ei bisarr lita nyhendesak frå USA onsdag fortel noko om fordelinga av medisinske ressursar i verda. Da vart det kjent at kontrollorganet Food and Drug Administration trekte den mellombelse godkjenninga av to typar malariamedisin til bruk mot covid-19, fordi ingenting tyder på at medisinane faktisk hjelpte, og biverknadene kan vere store.

Medan det framleis var håp om at klorokin eller hydroksyklorokin kunne nytte, og medan presidenten sjølv reklamerte iherdig for malariamedisin mot koronavirus, tinga USA store mengder av desse stoffa. No sit den amerikanske staten der med 66 millionar dosar malariamedisin på lager, og ingen veit kva dei skal gjere med dei.

Samstundes veit vi at kring 405.000 menneske døydde av malaria i verda i 2018. 94 prosent av dødsfalla kom i det sørlege Afrika, og to tredelar av dei døde var barn. I år er det venta at malaria vil ta fleire liv enn i 2018, fordi koronapandemien har redusert tilgangen på helsetenester i fattige land.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Både for gjevarland og privatpersonar er det veldig attraktivt å finansiere
koronarelaterte tiltak no.

Karine Nordstrand, president i Leger uten grenser

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis