Eg reiser åleine
Pilotmangel har ført til at Norwegian startar eigen pilotskule.
Eit tusental Norwegian-passasjerar vart stranda på få dagar i sommar, grunna pilotmangel.
Foto: Sara Johannessen / NTB scanpix
Året er 1999: Eg er åtte år, sit i ein grå sofa på eit venterom på Flesland med heilt ny hue og skjerf og ventar på flyet til Geiteryggen, flyplassen i Skien. Eg skal på ferie til far min, og er på den andre mellomlandinga etter to turbulente flyturar i hardt vestlandsvêr. Eg har teikneblokka i fanget og den raudstripa «Jeg reiser alene»-mappa på sofasetet ved sida av meg. Det er tre timar sidan ei skjørtekledd flyvertinne parkerte meg her.
– Kvar skal du i dag, då? spør ein mann i dress og pilothatt meg medan han bøyer seg ned for å sjå meg i auga.
– Eg skal vere med flyet til Skien. På besøk til pappa, svarar eg.
Han nikkar og støttar handa på armlenet ved sida av meg.
– Det vert nok litt vanskeleg. Flyet ditt går ikkje dit i dag, seier han og bed meg vente medan han snakkar med personalet.
Så vinkar han meg til seg. Eg sukkar, trer hua godt nedover øyra og pakkar teikneblokka, brusflaska og tyggegummien ned i ryggsekken. Kor lenge må eg vente no, lurar eg.
Denne veka melde NTB at bemanningsbyrået OSM, som Norwegian er deleigar i, startar ny pilotskule. Etter det Nettavisen omtalar som ein krisesommar tidlegare i år, har flyselskapet sett alle klutar til for å rekruttere fleire pilotar. Men det er ikkje berre Norwegian som slit; førre månad rekrutterte Norwegian heile 140 pilotar som nærast hadde flukta frå lågpriskonkurrenten Ryanair. Når Ryanair på si side svarar med å kle på seg spanderbuksa og skru prisane ned, kvar hentar dei pengane frå? Ei London-reise kan no koste berre 47 norske kroner per billett. Før pilotane flykta til Norwegian, leid Ryanair under kanselleringar i fleng. Illsinte pilotar meinte dei jobba 50 timar i veka, og ikkje 18 slik leiinga hevda.
Eg tenkjer attende på alle dei plastinnpakka vestlandslefsene eg har fått av bekymra flypersonale fordi ingen kunne fly meg dit eg skulle. Som passasjer sidan eg var gammal nok til å tre «Jeg reiser alene»-mappa over hovudet, vil eg vite kva pilotmangelen kjem av. Er det av di for få utdannar seg, eller har det noko å gjere med handsaminga pilotane får av flyselskapa? I sommar hevda pilotane i Norwegian at selskapet braut tariffavtalen då enkeltpilotar fekk tilbod om opp mot ei firdobling av løna for at selskapet skulle unngå krise.
Åtte år gamle meg kom fram til slutt, sjølv om far min var ti minutt for sein til å hente meg på flyplassen. Over 100.000 born reiser åleine med fly årleg, melde NRK i 2014. Og Norwegian og pilotane har no vorte samde om ein ny tariffavtale. Men når det kostar om lag ein million å utdanne seg privat, håpar eg dei får utdanninga godkjend for lånekassestøtte.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eg tenkjer attende på alle dei plastinnpakka vestlandslefsene eg har fått av bekymra flypersonale.
Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.