JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Eit spørsmål om immunitet

Kor lenge kjem koronapandemien til å herje verda? Noko av svaret kjem an på korleis immunforsvaret vårt taklar den nye fienden.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Det nye koronaviruset set immunforsvaret til mennesket på nye prøver. Ingen veit sikkert i kva grad ein overstått infeksjon fører til immunitet.

Foto: NTB scanpix

8038
20200417
8038
20200417

Helse

peranders@dagogtid.no

Kva skal til for å bli immun mot sars-cov-2, viruset som er opphav til sjukdomen covid-19? Det er eit av dei viktigaste spørsmåla i verda no, og ingen har sikre svar. Sidan menneskekroppen ikkje har møtt på dette viruset før, veit vi lite om korleis immunforsvaret handterer den nye fienden. Får vi varig immunitet, slik tilfellet er med dei klassiske barnesjukdomane eller kyssesjuka? Blir vi immune i eit års tid, slik vi kan bli etter somme lettare virusinfeksjonar i luftvegane? Eller kan det tenkjast at folk ikkje blir immune i det heile etter overstått covid-19-infeksjon?

Her kjem det ingen klare svar, meir ei skildring av uvissa som rår. Den uvissa pregar til dømes notatet om immunitet og koronavirus som Folkehelseinstituttet publiserte sist veke. Litteraturgjennomgangen til institutt avdekte «ingen studiar på menneske som kunne hjelpe med å svare på om folk som har vore infiserte med sars-cov-2 éin gong, vil vere heilt eller delvis verna mot framtidig reinfeksjon av det same viruset, og i så fall kor lenge», heitte det.

At slike studiar ikkje finst, er ikkje så rart. Det er ikkje mange månader sidan det nye viruset vart identifisert. Og mangelen på solid forsking inneber at dei som skal handtere koronakrisa, må gjere det på eit usikkert grunnlag. Graden av immunitet etter overstått sjukdom kan få store følgjer for både folkehelsa og verdsøkonomien, i alle fall fram til ein vaksine blir tilgjengeleg. Men kva haldepunkt finst eigentleg for å seie noko som helst om immuniteten mot covid-19?

Flokkimmunitet

I ein tidleg fase av pandemien vart det langt på veg teke for gjeve at ein gjennomgått covid-19-infeksjon ville gjere folk immune lenge. Målet om å oppnå flokkimmunitet prega politikken i både Sverige og Storbritannia den første tida. Den svenske statsepidemiologen Anders Tegnell sa til SVT at «viruset kjem ikkje til å slutte å spreie seg før vi oppnår flokkimmunitet». Ideen er enkel: Om ein tilstrekkeleg stor del av befolkninga – kring 60 prosent eller meir – har vore gjennom infeksjonen og blitt immune, stoggar epidemien opp.

Men nokre nyhende frå Asia har sådd tvil om ein overstått infeksjon faktisk gjev immunitet mot covid-19. Både i Sør-Korea og Japan har friskmelde koronapasientar fått påvist viruset på nytt. I ein kinesisk studie av 175 friskmelde pasientar i Shanghai synte kring ein fjerdedel svært låge nivå av antistoff mot viruset i blodet, og i nokre få pasientar fann ikkje forskarane slike antistoff i det heile.

Det er ikkje sikkert at vi skal leggje for stor vekt på desse funna. Det er farleg kort veg til publisering for koronaforsking no, og studien frå Shanghai er relativt liten og ikkje fagfellevurdert. Og det er ikkje heilt sikkert at dei friskmelde japanarane og koreanarane faktisk var friske før dei fekk påvist covid-19 igjen. Men medan vi ventar på fleire og betre studiar av immunitetsutviklinga, er det verdt å sjå på kunnskapen som finst om andre typar koronavirus.

Sju sortar

I alt har forskarane klart å identifisere sju ulike koronavirus som kan smitte menneske (og truleg har alle sju opphav i flaggermus). Fire av virusa fører som regel berre til lette luftvegsinfeksjonar som forkjøling. Sars-viruset som dukka opp i 2002, var derimot svært farleg, med ein dødsrate på kring ti prosent. Heldigvis vart ikkje meir enn litt over 8000 menneske smitta av sars. Mers-viruset som braut ut i Midtausten i 2012, hadde enda høgare dødsrate – 858 av dei 2594 identifiserte mers-sjuke døydde.

I desember i fjor dukka så det sjuande koronaviruset opp i Wuhan: sars-cov-2, som er opphav til covid-19-pandemien. No arbeider forskarar intenst med å finne ut om den menneskelege immunresponsen på dei kjende koronavirusa kan fortelje noko om immuniteten mot nykomaren.

Piggar

Dei har nokre spor å gå etter, for det finst fellestrekk mellom dei ulike koronavirusa. Mellom anna har dei alle knudrete proteinpiggar som stikk ut frå kjernen. Virusa brukar desse piggane til å kople seg til celler i menneskekroppen, ta kommandoen over dei og gjere cellene til virusfabrikkar. Piggane er òg opphav til namnet: Forskarane som oppdaga virusa i elektronmikroskopet, tykte piggane likna på strålekransen kring sola, koronaen.

Dei første koronavirusa som påverkar menneske, vart oppdaga av amerikanske forskarar i 1960-åra, og funnet fekk mykje merksemd. Somme trudde at vitskapen var i ferd med å ta knekken på forkjøling ein gong for alle. Men det var ikkje så enkelt. Det finst over 200 virus som kan føre til forkjøling. Dei to koronavirusa som vart identifiserte i sekstiåra, er truleg berre opphav til under 15 prosent av forkjølingane. Og å bruke store ressursar på å lage vaksine mot ein såpass harmlaus sjukdom var ikkje rekningssvarande.

Sjølvforsvar

Men sjølv om det ikkje finst vaksine, lagar vi våre eigne forsvar mot koronavirusa som gjev forkjøling. Etter slike «snille» koronainfeksjonar har kroppane våre antistoff som kan blokkere virusa neste gong dei prøver seg. Dessverre varer ikkje denne immuniteten livet ut. Forsvaret vårt mot dei vanlegaste koronavirusa som fører til forkjøling, er normalt effektivt i kring eit år, skreiv Harvard-epidemiologen Marc Lipsitch i The New York Times 13. april. Om immuniteten mot det nye koronaviruset er av same slag, vil flokkimmunitet etter kvart bremse epidemien sterkt. Men det vil ikkje knekkje viruset heilt.

Den same Lipsitch er òg medforfattar av ein vitskapleg artikkel publisert i Science denne veka der forskarane ser for seg ulike scenario for covid-19-pandemien i åra som kjem. Dersom immuniteten til dei som har hatt sjukdomen, går ut på dato i løpet av eit år eller mindre, og det ikkje kjem ein effektiv vaksine, ser forskarane for seg fleire rundar med utbrot av covid-19 dei neste åra. Det nye koronaviruset kan etablere seg permanent på same vis som dei mildare variantane og kome i bølgjer omtrent som sesonginfluensa, med smittetoppar i den kjølige årstida. Og avhengig av kor lenge immuniteten vår varer, kan bølgjene kome kvar vinter, annakvar vinter eller sjeldnare.

Kryssimmune

Men det er òg mogleg at dei som har overstått sjukdomen, utviklar meir langvarig immunitet mot sars-cov-2, altså det nye koronaviruset. Erfaringane med det første, meir dødelege sars-viruset kan peike i ei slik lei. Marc Lipsitch viser til studiar som syner at pasientar som overlevde sars-infeksjonen, hadde antistoff i kroppen to år etter. Og forskarane er nokså samde om at det er dette «gamle» koronaviruset som liknar mest på nykomaren som no herjar verda. Om også covid-19-infeksjon fører til ein toårig immunitet – eller lenger – vil smitten stogge opp når tilstrekkeleg mange har hatt sjukdomen, slik statsepidemiolog Tegnell i Sverige (og mange med han) håpar på.

I Science-studien peikar Lipsitch og kollegaene òg på ei anna mogleg utvikling som kan hemme spreiinga av covid-19: Det er kjent at menneske kan utvikle kryssimmunitet mot fleire ulike koronavirus. Til dømes ser det ut som antistoff mot det første sars-viruset hadde effekt som vern også mot dei mildare koronavirusa – og omvendt. Kanskje kan altså tidlegare forkjølingar vere til hjelp i møte med covid-19.

Langvarig

Forskarane bak Science-studien har likevel ikkje så mykje trøyst å gje for avgjerdstakarane som må hanskast med koronapandemien i dag. Sjølv om dei som har overstått ein covid-19-infeksjon, viser seg å ha langvarig immunitet, trengst det likevel omfattande tiltak over lang tid for å halde talet på koronasjuke på eit handterleg nivå. Kanskje vil vi trenge omfattande smitteførebyggjande tiltak heilt til 2022, skriv Lipsitch og kollegaene.

Både for folkehelsa og samfunnsøkonomiens skuld får vi håpe at det kjem ein effektiv vaksine raskt. Det vil koste dyrt på mange vis om immunforsvaret vårt må klare heile denne kampen utan hjelp.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Forsvaret vårt mot koronavirusa som fører til forkjøling, er normalt effektivt i kring eit år.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis