Eit spørsmål om immunitet
Det har lenge vore uklart om den svenske koronastrategien eigentleg sikta mot flokkimmunitet mot covid-19 – det vil seie ein situasjon der så mange har vore smitta og blitt immune at smitten døyr ut av seg sjølv. I april hevda Anders Tegnell at Stockholm truleg ville oppnå flokkimmunitet alt i mai i år. På andre sida forsikra same Tegnell fleire gonger offentleg at slik immunitet ikkje var målet med strategien.
Men 6. november publiserte Svenska Dagbladet utdrag frå ei komande bok som tyder på at målet faktisk var flokkimmunitet. Boka siterer frå ein e-postkorrespondanse 15. mars mellom Tegnell og Peet Tüll, tidlegare sjef for smitteverneininga til Socialstyrelsen. Tüll skisserte tre alternativ: 1) Å stenge ned samfunnet i fire veker, 2) smittesporing og karantene eller 3) å late smitten spreie seg for å oppnå hypotetisk flokkimmunitet – med eit tusental døde som følgje. Tüll frårådde sterkt det siste. Nokre timar seinare svarte Tegnell at han «trass i alt» hadde landa på alternativ 3.
Etter avsløringa har Anders Tegnell sagt at han er mistolka av forfattar Johan Anderberg, og at strategien hans aldri har hatt flokkimmunitet som mål.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Det har lenge vore uklart om den svenske koronastrategien eigentleg sikta mot flokkimmunitet mot covid-19 – det vil seie ein situasjon der så mange har vore smitta og blitt immune at smitten døyr ut av seg sjølv. I april hevda Anders Tegnell at Stockholm truleg ville oppnå flokkimmunitet alt i mai i år. På andre sida forsikra same Tegnell fleire gonger offentleg at slik immunitet ikkje var målet med strategien.
Men 6. november publiserte Svenska Dagbladet utdrag frå ei komande bok som tyder på at målet faktisk var flokkimmunitet. Boka siterer frå ein e-postkorrespondanse 15. mars mellom Tegnell og Peet Tüll, tidlegare sjef for smitteverneininga til Socialstyrelsen. Tüll skisserte tre alternativ: 1) Å stenge ned samfunnet i fire veker, 2) smittesporing og karantene eller 3) å late smitten spreie seg for å oppnå hypotetisk flokkimmunitet – med eit tusental døde som følgje. Tüll frårådde sterkt det siste. Nokre timar seinare svarte Tegnell at han «trass i alt» hadde landa på alternativ 3.
Etter avsløringa har Anders Tegnell sagt at han er mistolka av forfattar Johan Anderberg, og at strategien hans aldri har hatt flokkimmunitet som mål.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.