JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Eit spørsmål om tillit

Trond Giske liknar den overmodige segnfiguren Ikaros, meiner redaktør
Tone Sofie Aglen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Stive smil: Trond Giske, ordførar Rita Ottervik og Ap-leiar Jonas Gahr Støre på årsmøte i Trondheim Ap 8. februar. «Trond Giske er lettet og klar til å gå fullt inn i arbeidet i både stortingsgruppa og ellers i partiet fremover», står det i biletteksten til NTB.

Foto: Ned Alley / NTB scanpix

4929
20190301

Samtalen

Tone Sofie Aglen

Politisk redaktør
i Adresseavisen

Aktuell

Enda ei Giske-sak

4929
20190301

Samtalen

Tone Sofie Aglen

Politisk redaktør
i Adresseavisen

Aktuell

Enda ei Giske-sak

peranders@dagogtid.no

Ein dansevideo frå ein Oslo-bar utløyste nytt Giske-rabalder. Tone Sofie Aglen er politisk redaktør i Adresseavisen.

– Du har ei viktig rolle i samfunnet: å hjelpe resten av landet med å forstå Trøndelag. Kor høgt elskar eigentleg Trøndelag Ap Trond Giske?

– Han har alltid vore veldig polariserande. Få er likegyldige til han, anten elskar dei han eller dei misliker han sterkt. Slik var det lenge før varslingssakene kom i 2017. Han står ganske sterkt på grasrota, og han ville lett blitt vald inn i styret til Trøndelag Ap om han ikkje hadde surra det til med den videoen. Få politikarar begeistrar tilhøyrarane sine slik Giske kan, det såg eg seinast på eit medlemsmøte i Steinkjer denne veka.

– I Tillitsmannen skreiv Einar Gerhardsen: «En som har fått et tillitsverv i en arbeiderorganisasjon er ikke lenger noe alminnelig privatmenneske. Alt det han gjør, av godt eller vondt, svekker eller styrker arbeiderbevegelsen.» Gjeld ikkje dette for Trond Giske?

– Eg skreiv ein kommentar i januar 2018 der eg samanlikna Giske med Ikaros. Eg trur han har vore så suveren at han trudde han kunne tillate seg nesten kva som helst, og støttespelarane har ikkje våga å seie han imot. Det trur eg er litt av problemet enno.

– Dansevideoen var ei tullesak og eit presseetisk overtramp av VG. Men heller ikkje dei alvorlege varslingssakene sist vinter diskvalifiserte Giske i auga til tilhengarane. Kvifor ikkje?

– Det er nok eit stort nyansespekter når det gjeld kor alvorlege dei tykte varslingssakene var. Eg har ikkje høyrt nokon seie at Giske ikkje hadde gjort noko gale, men støttespelarane hans meinte nokre av sakene var mindre alvorlege. Og mange av dei meiner at fleire av sakene var del av eit maktspel.

– Noko av maktbasen til Giske stammar frå nei-sida i Ap under EU-kampen?

– Det har gått gjetord om korleis Giske, Rita Ottervik, Tore O. Sandvik og Rune Olsø fordelte makta mellom seg i Trøndelag, og desse har vore støttespelarar for kvarandre. Giske har òg hatt ein maktbase i AUF i Trøndelag, i fagrørsla og ute i distrikta. Mange ordførarar har opplevd han som ein det var lett å ringe til.

– Giske har lenge vore rekna som ein del av venstresida i Ap. Det gav kanskje meining for ein del år sidan. Men han er ikkje så tydeleg plassert til venstre i Ap i dag?

– Han har ikkje vore nokon indre venstreopposisjon verken som statsråd eller i partiet dei siste åra. Men sidan han byrja på comebacket sitt i fjor, har han fått ein meir radikal retorikk. Han snakkar om grasrota og distrikta, han er kritisk til eliten i Oslo, og han tona flagg i Acer-saka. Eg blir ikkje overraska om Giske no blir meir EØS-kritisk. Han ser nok at det er eit rom på venstresida som Raudt og SV nyt godt av i dag.

–?Trond Giske og Hadia Tajik misliker tydelegvis kvarandre sterkt. Men finst det noka viktig politisk usemje mellom dei?

–?Nei, eg trur det handlar lite om politikk. Det handlar om ekstremt ulike personlegdomar, ulike metodar, maktkamp og mangel på tillit.

– Er det dels ønsket om ein sterkare Ap-leiar enn Jonas Gahr Støre som ligg under den seigliva støtta til Giske i delar av Ap?

– Ja. Det er lita tru på at Støre er i stand til å løfte partiet. Og det er mangel på gode profilar i Ap. Hadde det vore fleire sterke kandidatar, ville Giske vore mindre viktig. Støre har ikkje fått det til enno, og det er frustrasjon over at partiet ikkje løftar seg.

– Støre verkar ikkje som han har så veldig lyst på makt. Ingen er i tvil om at Giske har det?

– Nei. Giske er òg den perfekte opposisjonspolitikaren: Han er frekk og ekstremt debattsterk. Støre ser ut som han mislikar sterkt å vere i opposisjon. Om han hadde blitt statsminister, kunne det vi no ser som veikskapane hans, bli sett på som sterke sider. Men Støre kler ikkje den frekke opposisjonsrolla.

– Da TV 2 nyleg spurde Giske om han hadde tillit til Støre, svara Giske: «Vi har den lederen vi har til vi har en ny.» Det liknar ei krigserklæring?

– Veldig. Eg trur det er Ikaros att. Giske har ikkje ein sterk nok posisjon til å gå til open krig. Men det sit ekstremt langt inne for han å seie at han har tillit til Støre.

– Trur du at Trond Giske, trass i alt solospel og trakasseringssaker, ein dag kan nå målet sitt og bli Ap-leiar og statsminister?

– Eg trur ikkje det, og det trudde eg ikkje før metoo-sakene heller. Folk stoler ikkje på Giske, og det er ein hemsko om du skal nå toppen. Folk tel fingrane sine etter å ha helsa på han. Han har alltid vore rekna som superflink, men òg kynisk og kalkulert. Eg burde vere varsam her, mange har brent seg på å seie «aldri» i politikken. Men eg trur ikkje at Giske kjem til å nå heilt til topps.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Folk stoler ikkje på Giske, og det er ein hemsko om du skal nå toppen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis