Kva vil du ha for å bli glad?
Fiktivt
Eit tenkt intervju med Statens lånekasse for utdanning

Og så treffer eg Statens lånekasse for utdanning. Det er ikkje ofte ein støyter på statlege forvaltningsorgan ute på gata, det seier seg sjølv, men no og då og frå tid til annan kan nær sagt kva som helst skje i den ville verda vår, så eg blir difor ikkje heilt slått i bakken av det uvanlege synet. I staden renn eit av dei gamle jungelorda til Fantomet meg i hug: Det hender at Fantomet forlét jungelen og går omkring i byen som ein vanleg mann.
– Nei, er det deg? glepp det så litt ufrivillig ut av meg, før eg legg til eit «det var lenge sidan», også det mest utan å tenkje.
– Å? Så lenge er det vel ikkje? svarar Lånekassa.
– Fekk ikkje eg 2026 kroner av deg for berre nokre veker sidan?
Eg må nikke.
– Jo.
– Og er det ikkje den 15. igjen i morgon?
– Jo.
– Og du har ein giro liggande i e-postkassa di?
– Ja.
– Så kvifor kokettere? spør Lånekassa og gliser som ein som alltid har hatt beste mellomtid, i renn etter renn etter renn.
Før eg kjem på noko meir ordentleg å seie, spør eg:
– Eg høyrde ein stad at du fyller 70 år i desse dagar?
– Og enno ikkje eit grått hår på hovudet. Du har ikkje vore like heldig, ser eg, seier Lånekassa.
– Nei, seier eg.
– Nei, seier ho.
– Men det blir fest?
– Kva trur du? Vi har leigd heile Soria Moria i Voksenkollen. Bjørn Eidsvåg speler «Eg ser». Torgrim Eggen leser frå Gjeld. Det blir knall.
– Å? Eg har ikkje fått nokon invitasjon. Og eg veit du har rett adresse.
– Nei, men, hallo? Festen er ikkje for lånetakarane. Kven har vel høyrt om ein fest for lånetakarar? Kva for ei verd ville vi fått om det var slik?
– Nei, seier eg.
– Nei, seier Lånekassa.
– Gratulerer så mykje iallfall, seier eg og tenkjer: Kvifor må debitor alltid gratulere kreditor?
– Takk, takk. Og du, ikkje tenk på presang. Eit kort er meir enn godt nok for meg.
Lånekassa ser på meg, som om ho tenkjer på noko: «Har du kjøpt leilegheit no? Ja? Endeleg? På Torshov, var det? Seksti kvadrat, drygt? Og jobb har du?»
Eg nikkar. Fantomet har tusen auge og tusen øyre.
– Men ikkje kone og born?
Eg seier ikkje noko. Fantomets røyst frys blod til is.
– Nei, nei, seier Lånekassa.
– Men så er du ikkje heilt gammal enno. Du har framleis tid. Du må hugse å spørje deg sjølv kva du treng for å bli glad. Kanskje ein øl ein dag, til dømes? Ja? Vi kan jo snakkast til veka.
Eg nikkar på nytt. Når Fantomet spør, svarer ein.
– Det var kjekt å sjå deg, iallfall.
– Ja, seier eg.
– Må ikkje bli like lenge til neste gong.
– Nei.
Han som har sett ansiktet til Fantomet, går ein hjartelaus død i møte.
Nils-Øivind
Haagensen
Nils-Øivind Haagensen er forfattar og forleggjar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.