Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Vaken ungdom

Dersom tenåringar får gå på skulen litt seinare, følgjer ein heil kjedereaksjon av fordelar, melder forskning.no

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Det ser dårleg ut for myten om at tenåringar er sløve unnasluntrarar.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

2572
20171020
2572
20171020

Eg trampar i storm og horisontalt regn ned bakken til barndomsheimen. Klokka er nett sju, eg er 15 år og går på ungdomsskulen i nabobygda. Og eg veit eg vert for sein.

– Var det ikkje bussen din som gjekk der? ropar mor mi frå gangen.

– Han gjekk frå meg, mumlar eg ned i det våte ullskjerfet mitt.

– Kva?!

Ho stikk hovudet forbi dørkarmen.

– Han gjekk frå meg! Han såg meg ikkje, ropar eg.

For i små uvêrsutsette bygder med dårleg gatelys må ein nesten stå midt i vegen for å kome med skulebussen.

Eg gjespar, får i meg ein munnfull vått skjerf og skulle ønske eg hadde forsove meg. Ventar eg på neste buss, får eg sove ein halv time til, tenkjer eg drøymande. Men då risikerer eg merknad. Og eg kjem jo ikkje halsande inn klasseromsdøra med svevnrusk i auga, med berre éin lest og på tom mage, ein time for seint. Eg var jo oppe!

Eg ser bedande opp på mor mi. Ho sukkar og skranglar med bilnøklane.

No ser det ut som forskning.no har slått spikaren i kista for myten om at tenåringar er sløve unnasluntrarar. For dersom tenåringane får starte på skulen seinare, vil dei ikkje berre få sove lenger. Karakterane stig, dei gjer meir lekser, fleire fullfører skulen og talet på dødsulukker i trafikken vil gå ned. Uviljen mot å stå opp om morgonen er ikkje lenger berre manglande sjølvdisiplin, tenåringane er biologisk programmerte til å stå opp etter åtte. Men er det så enkelt?

Éin av fire fullfører ikkje vidaregåande skule. Og det nyaste tiltaket mot fråfall i skulen var fråværsgrensa. Ho fungerer ikkje slik det var ønskt, rapporterte NRK alt i mars i år, eit halvt år etter at grensa var innført. Fråværet gjekk rett nok ned, men tala viste òg at talet på elevar som mista karaktergrunnlaget, steig i alle fag. Dersom éin time ekstra om morgonen er ein slik hestekur, freistar det å leite etter haken. Kan ein verkeleg leggje all skulda på svevnmangel? Rikskringkastaren melde så i august at talet reseptar på antibiotika og lett sovemedisin hadde auka med 25 prosent etter fråværsgrensa, og bruken av sovemedisin hadde auka med 29 prosent. Når antibiotikaresistensen trugar, er seinare skulestart bokstaveleg tala ingen pris å betale, seier forskinga. Etter eingongskostnaden med å legge om skuledagen, ville samfunnet nemleg tent milliardar av kroner.

Eg hadde antakeleg heller ikkje mista bussen, hadde skuleruta venta til det vart lysare ute.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Uviljen mot å stå opp

om morgonen er ikkje

lenger berre manglande sjølvdisiplin.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt

Feature

Arvingane til Amundsen

Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.

Hallgeir Opedal

Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Naturplan utan samling

Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.

Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Foto: Universitetet i Bergen

MinneordSamfunn
Svein Gjerdåker

Øyvind Vågnes (1972–2025)

«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»

Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.

Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Den livsviktige satiren

Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.

Denne hannen av munk vart fotografert i Oslo i desember 2019.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

Vintermunkar

Fuglen munk har vore sentral i utgreiingar om fugletrekket.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis