Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ØkonomiSamfunn

Framtida er ikkje det ho eingong var

Når kjem dei eigentleg, dei store vinstane frå datarevolusjonen?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Paradoks: Kvar nye generasjon med datamaskiner og programvare skal vere raskare og meir effektiv enn den førre. Likevel blir vi ikkje meir produktive. Biletet er frå ein databutikk i Sydney, kort tid etter lanseringa av Windows 1998.

Foto: Rick Rycroft / AP / NTB

11360
20230428

Solow-paradokset

I 1987 påpeika økonomen Robert Solow at datateknologi ikkje førte til auka produktivitet i rike land

Fenomenet viste seg i USA, Europa og Japan

Produktiviteten til arbeidarar auka med tre prosent årleg i 1960-åra

I 1970- og 1980-åra var auken berre kring ein prosent årleg

Framleis aukar produktiviteten svært sakte i dei rike landa

Økonomi

peranders@dagogtid.no

Tilsynelatande lever vi i ein epoke med rivande utvikling. Det har gått inflasjon i prat om innovasjon, og mange av innovasjonsvisjonane handlar om digitalteknologien som skal forenkle og effektivisere arbeidet på nesten alle felt. For tida er det særleg framveksten av kunstig intelligens som skaper von om store vinstar (og frykt for at vi menneske skal bli overflødige).

Det er ein gammal draum at datamaskinene skal omkalfatre arbeidsliv og industri og gjere oss langt meir produktive. Datamaskinene ville føre til «den største teknologiske revolusjonen menneska har opplevd», spådde den britiske forfattaren og kjemikaren C.P. Snow i 1966. Og på nokre måtar kan det framleis vise seg å stemme.

Paradoks

Men da den amerikanske økonomen Robert Solow i 1980-åra prøvde å finne dei økonomiske vinstane av datarevolusjonen, kom han fram til eit merkeleg resultat: Det såg ikkje ut til at den nye teknologien gjorde folk meir produktive – snarare tvert imot.

I ein mykje sitert artikkel i The New York Times i 1987 skreiv Solow: «Det alle har opplevd som ein teknologisk revolusjon, ei drastisk endring i det produktive livet vårt, har overalt blitt følgt av ein reduksjon av produktivitetsveksten, ikkje ein auke. Du kan sjå datamaskinalderen overalt bortsett frå i produktivitetsstatistikken.» Dette fenomenet vart kjent som Solow-paradokset eller produktivitetsparadokset.

Stagnasjon

Nett i dei åra da datamaskinene gjorde inntog i økonomien, stagnerte altså veksten i både USA og Europa. Den samla reknekrafta i USA vart meir enn hundredobla frå 1970 til seint på 1980-talet. Men medan produktiviteten per arbeidstime i USA hadde auka med tre prosent årleg i 1960-åra, auka produktiviteten berre med ein prosent årleg i 1980-åra. Den same tendensen viste seg også i andre industriland.

Ikkje nok med det: I 1991 fann økonomen Erik Brynjolfsson ut at nokre av bransjane som hadde investert mest i IT-teknologi, også var blant bransjane med den dårlegaste produktivitetsutviklinga. Dette var mildt sagt ikkje lett å forstå. Kor vart det av vinsten frå alle investeringane i datamaskiner som skulle effektivisere arbeidet?

Den dag i dag er ikkje dette mysteriet fullt ut oppklart.

Tidsspørsmål

Sett frå notida kan det verke pussig at Solow snakka om «dataalderen» i 1987. Utbreiinga av datateknologien på den tida var puslete samanlikna med verda vi lever i no. PC var ikkje blitt allemannseige, internettet hadde ikkje knytt verda saman, og smarttelefonar var berre science fiction. Men alt på den tida hadde både næringslivet og offentleg sektor gjort store investeringar i datateknologi i dei rike landa, i håp om å få fart på produktiviteten.

Somme økonomar meinte at det berre var eit spørsmål om tid før vinstane kom til å vise seg. Også i tidlegare epokar hadde det teke ein del år før effekten av ny teknologi manifesterte seg for alvor. Eit stykke ut i 1990-åra såg optimistane ut til å få rett. Veksten i arbeidsproduktivitet tok seg opp til kring tre prosent årleg i USA. Omtrent det same skjedde i fleire andre land, mellom anna Noreg. Mange økonomar meiner dette taktskiftet må forklarast med gjennombrotet til internettet.

Men effekten viste seg nokså kortlevd, for på midten av 2000-talet stagnerte utviklinga att i dei rike landa. Både i USA og i Fastlands-Noreg fall den årlege produktivitetsveksten til kring ein prosent årleg. (Produktiviteten per arbeidstime i Noreg totalt er sterkt prega av prisane på gass og olje, difor gjev det her meir meining å sjå på fastlandsøkonomien.)

Digitaliseringa av samfunnet og økonomien har halde fram i høgt tempo også i åra etterpå. Investeringane i datateknologi har vore formidable, men tilsynelatande utan nemneverdige utslag i produktiviteten. Solow-paradokset lever vi med enno.

Stillstand

I prinsippet er produktivitetsvekst enkelt: Om ei bedrift klarer å produsere meir enn året før utan å bruke fleire årsverk, har ho blitt meir produktiv. Ein pølsemakar kan lage fleire pølser ved å skaffe seg ei betre pølsestappemaskin eller ved å organisere arbeidet betre. I den moderne verda er vi vande med ideen om at ein konstant og rask auke i produktivitet er normalen. Men dette er i røynda eit ganske nytt fenomen.

Truleg ville også steinaldermenneska gjerne finne måtar å oppnå meir med mindre innsats på. Om nokon fann opp nye reiskapar som gjorde det enklare å fange reinsdyr eller felle tre, vart det nok høgt verdsett. Men gjennom det meste av historia har auken i menneskeleg produktivitet gått uhyre sakte, og i lange periodar har utviklinga stått nærast stille. Frå slutten av antikken til langt ut i mellomalderen auka knapt produktiviteten i Europa i det heile. Og ikkje før langt utpå 1800-talet tok ting av for alvor i Vesten.

Unnataket

Vi lever framleis i ei tid med raske og store endringar, og tilsynelatande kjem framleis nyvinningar og gjennombrot i ein stri straum. Men samanlikna med tidlegare teknologirevolusjonar er internettet og andre nyare vedunder småplukk, i alle fall når det gjeld effekten på økonomien og produktiviteten, meiner somme økonomar og historikarar. Ein av dei er Robert Gordon, forfattar av storverket The Rise and Fall of American Growth frå 2016. Gordon meinte at den sterke produktivitetsauken i USA og andre industriland frå 1870 til 1970 ikkje var nokon normaltilstand, men eit eksepsjonelt historisk fenomen som dei rike landa ikkje kjem til å oppleve igjen.

Avgrensa

Gordon hevda at datarevolusjonen – inkludert utbygginga av internettet – er mindre viktig enn ei rekkje tidlegare gjennombrot, som straumnett, telefon, kloakksystem og vassforsyning i byane, forbrenningsmotoren og utviklinga av kjemisk og farmasøytisk industri. Samanlikna med slike nyvinningar er effekten av datateknologien på økonomien nokså avgrensa, hevda Gordon.

Og utviklinga ser ut til å gje han rett. IT-investeringane aukar år for år, medan produktivitetsveksten i dei rike landa forblir slapp.

Forklaringar

I sjølve IT-industrien har rett nok produktiviteten per arbeidstime auka mykje gjennom fleire tiår. Det er den moderate effekten datateknologien har hatt på resten av økonomien, som er mysteriet. Og det har kome eit mylder av moglege forklaringar sidan Solow-paradokset vart påpeika i 1980-åra.

Somme av forslaga er nokså banale, til dømes at internettet kan by på så mange moglege distraksjonar at det i seg sjølv reduserer produktiviteten til dei som jobbar på ein PC. (At noko er banalt, treng ikkje tyde at det er heilt feil.)

Ei anna forklaring er at innføringa av ny datateknologi på ein arbeidsplass ofte er dårleg planlagd og dårleg gjennomført, og at det difor kan ta lang tid før investeringane ber frukt, om dei gjer det i det heile. (Spør dei tilsette ved St. Olavs hospital i Trondheim om korleis det nye datasystemet har påverka produktiviteten deira.)

Ein nærståande hypotese er at stadig oppdatering og omlegging av datasystema et opp effektiviseringsvinsten på mange arbeidsplassar. Når datamaskiner og programvare stadig må oppgraderast, modifiserast eller skiftast ut fordi teknologien blir så raskt forelda, rekk ikkje dei tilsette å bli verkeleg gode til å bruke arbeidsreiskapen sin.

Optimistane

Så har du teknologioptimistar som meiner at slike barnesjukdomar kjem til å bli overvunne, og at dei lova vinstane frå datateknologien (framleis) er rett rundt hjørnet. Ein av desse er den før nemnde Stanford-økonomen Erik Brynjolfsson, som har vist til at det tok fleire tiår før dampmaskina fekk fart på produksjonen i Storbritannia. I dag hevdar han at kunstig intelligens snart skal setje fart på veksten i Vesten att.

Atter andre meiner at Solow-paradokset eigentleg ikkje finst, fordi vi nyttar feil målestavar på produktiviteten. Mange av goda frå den digitale revolusjonen, som tilgangen på informasjon og underhaldning over nettet, viser ikkje att i BNP i det heile. Ei rekkje digitale tenester er gratis for brukaren, produserte i andre land og usynlege i nasjonal statistikk. Somme økonomar meiner dette er eit så stort skifte at BNP ikkje lenger er ein nyttig måte å måle helsetilstanden til moderne økonomiar på.

Utflagging

I tillegg finst det fleire forklaringar på stagnasjonen som ikkje har med sjølve datarevolusjonen å gjere, men med andre ting som har skjedd samtidig – til dømes utflagginga av industri frå Vesten. Dei siste tiåra har millionar av industriarbeidsplassar i dei rike landa blitt flytta til Kina og andre land i Asia. Og det er verdt å merke seg at produktiviteten heldt fram med å auke raskt i låg- og mellominntektsland i Asia medan han stagnerte i USA og Europa.

Dei rike landa har i same periode sysselsett ein stadig større del av befolkninga i tenesteytande yrke eller omsorgsyrke der produktivitetsveksten er kronisk låg. Og datamaskinene kjem neppe til å hjelpe noko særleg på dette i framtida heller: Kunstig intelligens gjer ikkje ein kelner raskare eller ein omsorgsarbeidar meir omsorgsfull.

Dei få utvalde

Vi tek med ei siste mogleg forklaring på Solow-paradokset her, ei som mellom andre Erik Brynjolfsson forfektar: Datateknologien har faktisk ført til stor vekst i produktiviteten – men det har berre skjedd i eit mindretal store selskap, dei som har ressursane og kunnskapen som skal til for verkeleg å utnytte potensialet til maskinene. Desse selskapa er så få at dei ikkje gjev store utslag på nasjonal statistikk over produktiviteten, men tek ein langt større del av profitten enn talet på tilsette tilseier.

Ein indikasjon på at dette kan ha noko for seg, er at skilnaden i inntening stadig aukar mellom toppselskapa og resten av bransjen deira. Og dette fører over til det siste spørsmålet: Om det faktisk er store, førebels ukjende velstandsvinstar å hente frå datateknologien – kven skal dei tilfalle? Og kor mange kjem til å bli utestengde frå dei vinstane?

Pengane og livet

Stagnasjonen i produktiviteten dei siste tiåra blir sett på som eit sjukdomsteikn for økonomien i vestlege land, og det er ikkje så rart. BNP og produktiviteten til arbeidsstyrken har vore dei viktigaste målestavane for økonomisk framgang, og aukande produktivitet har vore den store drivaren for lønsveksten til arbeidsfolk. Når produktiviteten stagnerer, stagnerer som regel lønsutviklinga.

Rett nok er verken BNP eller produktivitet per arbeidstime spesielt gode mål på livskvalitet. Og den sterke veksten i industriproduksjonen i Vesten i dei første tiåra etter krigen ville ikkje vere berekraftig, da ville vi fort trenge ein klode til. Men om optimistane har rett, og vi står på terskelen til ein ny type vekstæra takk vere datateknologien, blir det enda meir relevant å spørje seg korleis vinstane skal fordelast. Om ein liten elite sit att med nesten heile overskotet frå dei digitale nyvinningane, medan stadig fleire av oss andre må nøye seg med lite produktive, dårleg betalte jobbar og trøyste oss med TikTok og Netflix på fritida, er det ikkje ei oppskrift på det gode samfunnet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Henry «Tippen» Johanson reddar i kampen mot Tyskland i OL i Berlin i 1936. Då det var 2‒0 til Noreg, gjekk Hitler og følgjet hans.

Foto: arkiv / NTB

BokMeldingar

Året 1936 bak nyhenda

Ingen medvitne nordmenn tvilte på storkrig.

Aage G.Sivertsen

Teikning: May Linn Clement

Feature

Flyplassblues

Ingen stad kjenner eg meg så trygg som på ein flyplass.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis