Globale nettroll
Ansvaret for å stoppe skadeleg innhald og oppførsel på nettet er for stort til at private verksemder kan ta det åleine, meiner Mark Zuckerberg.
Til å byrje med vil Facebook-gründer Mark Zuckerberg at nettlovene skal gå over fire område: skadeleg innhald, valintegritet, personvern og datalagring.
Foto: Mario José Sanchez / AP / NTB scanpix
Eg spaserer rundt i leilegheita, nikkar på meg nakkesleng i takt med musikken og fektar med ein såpevåt mopp når Spotify plutseleg stoppar. Det går tre sekund og musikken startar att, men på ei speleliste eg aldri har sett før.
Eg stoppar opp, trekkjer bryna mot kvarandre. Eg slenger frå meg moppen med eit vått klask, stoppar den ukjende spelelista og set på att den gamle.
Men så skjer det ein gong til. Og i e-postfeltet på profilen min står det ei ukjend adresse. Eg har blitt hacka.
– Det einaste private dei finn ut om meg, er at eg av og til høyrer på Shakira, ropar eg oppgjeven til husveninna mi, medan eg chattar med kundesenteret til Spotify.
I førre veke skreiv Facebook-gründer Mark Zuckerberg i ein kronikk i The Washington Post at internett treng nye globale lover. Han meiner ansvaret for å stoppe skadeleg innhald og oppførsel på nett er for stort til at private verksemder kan ta det åleine. Zuckerberg føreslår at lovene skal byggje på personvernforordninga i EU og gå over fire område: skadeleg innhald, valintegritet, personvern og datalagring.
Kronikken til Zuckerberg kjem etter Christchurch-terroråtaka på New Zealand. Døgnet etter hendinga fjerna Facebook 1,5 millionar kopiar av eit filmklipp som viste skytinga. Terroråtaket vart nemleg sendt direkte på Facebook-sida til gjerningsmannen.
Medan eg motvillig let meg roe ned av eit menneske eg ikkje kan sjå i andre enden av Spotify-chatten, tenkjer eg at å kringkaste terroråtak definitivt toppar ei stolen speleliste. Men når eg nesten nyttar meir tid i døgnet på diverse internettdrivne tenester enn til å sove, og hackarar til og med vil ha musikkvanane mine, kan slike lover vere naudsynte av fleire årsaker.
– Det trengs klare reglar for kven som sit på ansvaret når informasjon vert flytta mellom nettenester, skriv Zuckerberg i kronikken.
For kven er det eigentleg som sit på ansvaret når spelelista mi plutseleg går frå tungrock til gladtekno utan at eg har bede om det, og eg ikkje lenger kontrollerer tenesta eg har betalt for? Er det eg, som har gløymt å kople frå den gamle og no ubrukte Hotmail-kontoen min frå Spotify? Er det Hotmail som har ansvaret? Eller er det musikktenesta?
Uansett er det eg som sit med skuldrene oppunder øyra og skiftar ut e-postadresser og passord på alt eg har av tenester som er kopla opp mot Spotify og Hotmail, skriv opp nye passord på gule lappar og sjekkar bankutskrifter. Og det stemmer, som eg skreik til husveninna mi: Hackarane får ikkje tilgang på betalingsinformasjonen min. Men det er flautt nok at nokon ser at eg har høyrt på Wrecking Ball av Miley Cyrus heile den siste veka.
Mone Celin Skrede er frilansjournalist og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kven sit eigentleg på ansvaret når spelelista mi plutseleg går frå tungrock til gladtekno utan at eg har bede om det?
Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.