Godt vern etter éin dose
Ja, vi har fått forseinkingar i vaksineringa, men fyrst og fremst skal vi vera utruleg glade for å få ha fått så effektive vaksinar så fort, seier immunolog Anne Spurkland.
I Oslo har dei alt i fleire veker vaksinert friske 18-åringar. I Nesbyen har dei enno ikkje byrja vaksinera friske under 65 år.
Foto: Torstein Bøe / NTB
Samtalen
Anne Spurkland
Professor i immunologi ved Universitetet i Oslo
Aktuelt
Denne veka fekk mange nordmenn utsett dose to av vaksinen

jon@dagogtid.no
Det har ikkje gått heilt bra med vaksinestrategien til regjeringa og Folkehelseinstituttet (FHI). I det dette vert skrive, er det framleis slik at einskilde kommunar ikkje har byrja å vaksinera friske personar under 65 år. Andre kommunar har denne veka sendt ut melding om at dose to er utsett, også for dei som hadde fått «spikra» ein dato for dose to. Om vi reknar med at det tek to veker etter dose to før vi har full effekt av vaksinane, er stoda no at den vaksne norske folkesetnaden ikkje er fullvaksinert før i byrjinga av oktober. Anne Spurkland er professor ved Universitetet i Oslo og immunolog.
– I dag fekk eg melding frå Asker kommune om at min dose to er utsett med vel tre veker. Eg vert dimed ikkje rekna som fullvaksinert før mot slutten av september. Bør eg vera uroleg?
– Spørsmålet du eigentleg stiller, er om vi er godt nok verna inntil vi har fått dose to. Jau, smittebiletet er annleis no, vi har fått nye variantar, medan vi vert vaksinerte mot det opphavlege viruset. Er vi godt nok verna mot dei nye variantane etter dose éin? Eg trur nok det. Det vi er redde for, er alvorleg covidsjukdom som vi kan døy av. Eg er ikkje redd for at ein vert såpass sjuk etter at ein har fått dose éin, sjølv om det kan vera at ein får deltavarianten, som nok kjem til å verta dominerande fram mot hausten.
– Men var det naudsynt å utsetja dose to for dei som alt hadde fått ein dato for den dosen?
– Når datoane for dose to vert skubba på, er det for at fleire skal få dose éin. Det gjev vern fortast mogleg for flest mogleg. Det er snakk om å dryga dei vaksinane ein har, lengst mogleg. Difor får slike som du og eg utsett dose to. Slutteffekten av det vert bra, han. Immunforsvaret er i alle høve glad for å få denne pausen. Jau, vi kan verte sjuke av viruset etter dose éin, men vi vert truleg ikkje så sjuke at vi døyr. Då gjev vi flest mogleg dose éin.
– Men det gjer vel noko med tilliten til helsestyresmaktene at dei eit stykke på veg bryt lovnader?
– Tja. Stoda er no som ho er. Eg for min del tek denne utsetjinga til etterretning. Slik er det berre. Eg vert ikkje opprørt. Vert du?
– Men det er vel litt urettvist at Nesbyen i skrivande stund ikkje har sett dose éin på friske folk under 65 år?
– Det er ingen tvil om at ein i delar av landet har kome mykje kortare enn vi er komne i Oslo-området. Men FHI prøver å få best mogleg effekt av dei dosane vi har. Når det er sagt, er det godt mogleg at Nesbyen kan få eit utbrot av deltavarianten, og det vil sjølvsagt vera leitt. Men lat oss sjå på det store biletet: Vi har heile tida visst at sjølv om vi har fått ein vaksine, så vil det taka tid å produsera og distribuera vaksinen. Det har vore eit føreseieleg nålauge. Men det vi bør vera glade for, er at vi fekk ein så god vaksine så fort. Det handlar om ein heil del, at ulike teknologiar var modne nett då, til dømes, men det handlar òg om flaks, at viruset viste seg å ikkje vera så vanskeleg å vaksinere mot. Vi har utvikla ein vaksine på rekordtid som verkar veldig godt, og som til og med vernar særs godt mot virusvariantar. Det er ein kjempesuksess, og forseinkingane er krusingar på overflata.
– Men denne skeivfordelinga… FHI-modellar synte at det ville få god effekt om vi gjorde det tidlegare, men regjeringa venta til folk i faregruppene i Oslo var vaksinerte minst éin gong. Kom ikkje skeivfordelinga for seint, og dimed vart ho oppfatta som urettvis og ikkje-naudsynt?
– Ja, skeivfordelinga skulle ha vore gjort tidlegare på vinteren i staden for utpå våren. Ja, ein kunne for den del ha skeivfordelt innanfor Oslo langt tidlegare. Det var stor skilnad på bydelane. Men eg har sympati for styresmaktene. Jau, ein ser at ein har eit utbrot, men ein veit samstundes at det tek to–tre veker før vaksinen har effekt. Då kan skeivfordeling koma for seint til at ein får kontroll med eit utbrot.
– Men vi kunna ha nytta fleire vaksinetypar?
– Vel, vi fekk den opphopinga av dødsfall etter å ha brukt AstraZeneca i Noreg. Det skjedde noko i Noreg som ikkje skjedde i same grad i resten av verda. Dimed kunne ein ikkje taka AstraZeneca inn att i programmet, og det vart vanskeleg med Janssen også. Ja, utan desse to vaksinane, rekna ein seg fram til, ville nokre fleire verta sjuke og døy, men samstundes ville folk også kunne døy direkte av AstraZeneca. Eg fylgde saka tett frå sidelina og vart fleire gonger spurd om kva eg trudde ville skje. Eg sa at eg trudde at AstraZeneca kom til å verta teken ut. Ein så alvorleg, men sjeldan biverknad av ein vaksine er vi ikkje vande med i Noreg. Men av di AstraZeneca og delvis Janssen vart tekne ut, måtte vaksineplanane utsetjast.
– Kan det vera ein fordel for flokkimmuniteten at vi stort sett berre har fått mRNA i Noreg?
– Ja, det kan vera ein fordel. Moderna og Pfizer har brukt ei form for piggprotein som er stabilisert. AstraZeneca er ein god vaksine, men han inneheld berre det «vanlege» piggeproteinet, som kan skifte fasong. Stabiliserte piggprotein gjev ein veldig god immunrespons som vernar fantastisk godt. AstraZeneca vernar nok ikkje fullt så godt og er neppe like effektiv mot nye variantar, kanskje på grunn av at piggproteinet ikkje er stabilisert i berre éin fasong.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Skeivfordelinga skulle ha vore gjort tidlegare i vinter.
Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.