Grøn pakt møter grøn protest
Vegen til klimanøytralitet i EU skal bli bygd gjennom drastiske endringar i landbruket. Lågare matproduksjon kan bli ein konsekvens, varslar europeiske bønder.
EU er verdas største mateksportør. No vil EU-kommisjonen at det europeiske landbruket skal bli verdsleiande som berekraftig matprodusent.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
EU-strategiar
20. mai la EU-kommisjonen fram to strategiar knytte til Green Deal (den grøne pakta).
Green Deal blei lagd fram av kommisjonen 11. desember 2019, og hovudmålet er at EU skal bli eit klimanøytralt kontinent i 2050.
Dei to nye strategiane er Farm to Fork Strategy og EU Biodiversity Strategy for 2030.
Strategiane legg mål som legg føringar for klima- og miljøtiltak i landbruket.
Begge strategiane skal til vidare handsaming i Rådet og Europaparlamentet.

EU
christiane@dagogtid.no
Onsdag 20. mai la visepresident i EU-kommisjonen Frans Timmermans fram to vidfemnande strategiar som begge skal bidra til det store klimamålet på kontinentet: å bli klimanøytralt i 2050, slik det blir slått fast i hovudstrategien for berekraft, Green Deal. Den eine har fått det velklingande namnet Farm to Fork Strategy, som vi på norsk kan kalle gard til gaffel-strategien. Den andre, EU Biodiversity Strategy for 2030, kan vi ganske enkelt kalle biomangfaldsstrategien. Dei to strategiane har det til felles at dei, om dei blir sette i kraft, vil endre måten europeiske bønder jobbar på.
Reaksjonane så langt kan tyde på at vegen mot klimanøytralitet skal bli alt anna enn enkel. For røynda er ikkje alltid den same for dei som skriv strategiar i Brussel, og for dei som har jorda som levebrød. Bønder har uttala at tiltak som skal gjere landbruket meir berekraftig, like godt kan føre til det nett motsette. Meir om det seinare.
Mat i krisetid
Då Timmermans presenterte dei nye planane for landbruket, var orda rosenraude og bakteppet mørkt. Pandemien har gitt mange ei ny erkjenning om at kriser kan komme når ein minst ventar dei, og at ein lyt sikre at matproduksjonen fungerer også i krisetid. Koronasituasjonen er sjølvsagt òg skriven inn i landbruksstrategiane frå EU.
«Det er klart at vi må gjere mykje meir for å halde oss sjølve friske og planeten frisk. Den pågåande pandemien er berre eitt eksempel. Auken i tørke, flaum, skogbrann og nye skadedyr minner oss stadig på at matkjeda er trua og må bli meir berekraftig og robust», står det i «Farm to Fork Strategy».
– Eg er glad for å stå her med kommissærane Kyriakides og Sinkevicius, sidan vi har arbeidd svært intenst med desse planane dei siste par månadane. Eg trur eg snakkar for oss alle tre når eg seier at vi er ekstremt stolte av resultatet, sa Timmermans under pressekonferansen.
Men alt under framføringa var det noko som skurra for ein del av dei som bryr seg og har sans for politisk spel. For kvifor var det visepresident Timmermans, ansvarleg for Green Deal, som la fram planane for landbruket, saman med helsekommissær Stella Kyriakides og kommissæren for miljø, hav og fiske Virginijus Sinkevicius, medan landbrukskommissær Janusz Wajciochowski glimra med fråværet sitt? Det er han som er tettast på næringa og får ansvaret for å gjere konkrete mål om til konkrete tiltak, som ledd i den felles landbrukspolitikken i EU (CAP).
Gard til gaffel-strategien kan berre bli vellykka om det er ein balanse mellom garden og gaffelen. Det påfallande fråværet av landbrukskommissæren under kommisjonens pressekonferanse i dag, gir oss ikkje mykje håp om at strategien har ein slik balanse som mål, uttala Norbert Lins, leiaren for landbrukskomiteen i EU-parlamentet.
Landbrukskommissæren sjølv prøvde nokre dagar seinare å avmystifisere fråværet sitt og sa at medlemslanda no skal føreslå tiltak knytte til dei nye målsettingane, og at dei igjen skal finne plassen sin i den felles landbrukspolitikken i EU. Her kan han ha ein tung jobb føre seg.
Talfesta mål
Kva ligg i strategiane? Mykje. Her er planar for matmerking, dyrevelferd og kosthald. Alt ser ut til å gå opp i ei høgare eining, der berekraft er overskrifta. Men dei mest iaugefallande måla for landbruket kan setjast opp i ei punkliste:
Farlege og kjemiske plantevernmiddel skal halverast innan 2030.
Kunstgjødsel skal bli redusert med minst 20 prosent innan 2030.
Salet av antibiotika for husdyr og oppdrett skal halverast innan 2030.
25 prosent av det totale landbruksarealet skal vere økologisk innan 2030.
30 prosent av land og sjø skal vere verna innan 2030.
Minst 10 prosent av jordbruksarealet skal bli buffersoner med større biologisk mangfald.
Ifølgje EU-kommisjonen vil endringane gjere europeisk landbruk meir konkurransedyktig. Dag og Tid har ikkje ettergått reknestykket, men Timmermans teikna eit bilete av ein mogleg stor vinst då han møtte pressa.
– Vi reknar med at berekraftige matsystem kan skape nye økonomiske verdiar globalt, verde 1,8 billionar euro. Det er viktig å hjelpe verdikjeda for mat med overgangen så fort som mogleg, sa han.
Lågare produksjon
Tenketanken Farm Europe, som held til i Brussel, ser noko heilt anna i strategien enn kommisjonen. I ein uttale skriv dei at dei to strategiane, om dei blir vedtatt og sette i kraft, vil resultere i at landbruksproduksjonen i EU blir redusert med 15 prosent det neste tiåret. Slik vil strategiane også resultere i lågare mattryggleik i EU, slår dei fast. Farm Europe tar då omsyn til at meir areal blir verna, at økologisk landbruk har lågare produksjon enn konvensjonelt landbruk, og at mindre bruk av plantevernmidlar vil gje redusert innhausting.
Farm Europe skriv at det ikkje er til å forstå at det blir lagt fram talfesta mål som ikkje er konsekvensutgreidde. Dei kritiserer også kommisjonen for ikkje å lansere strenge nok tiltak mot import av mat som er produsert under dårlegare miljøvilkår. «EU-bønder vil få mindre spelerom når dei blir nøydde til å følgje strengare og dyrare miljøkrav enn konkurrentane», skriv dei.
Åtak på landbruket
Europas største organisasjon for bønder og samvirke, Copa-Cogeca, har òg ein sterkt kritisk inngang til dei nye måla. Presidenten i Copa, Joachim Rukwied, uttalar at kommisjonen handterer miljøutfordringane på heilt feil måte og kallar strategiane «eit generelt åtak på det europeiske landbruket».
Som Farm Europe fryktar Copa-Cogeca mindre effektiv produksjon og svekt konkurransekraft. Organisasjonen åtvarar mot å setje strategiske EU-interesser, som mattryggleik, konkurransekraft og bondeinntekt, i fare. Dei krev at alle juridiske vedtak som følgjer av strategiane, må konsekvensutgreiast og sendast på høyring. «Ei einsidig tilnærming vil kunne øydeleggje mattryggleiken, konkurransekrafta til europeisk landbruk og bondens inntekt.»
Rukwied ber om samarbeid, heller enn nye krav, og seier strategiane ikkje tar innover seg endringar bøndene alt i dag må gjennom på grunn av koronasituasjonen.
– Bønder kan ikkje bere storparten av miljø- og klimatilpassingar aleine. Det vil føre til at meir av matproduksjonen i Europa blir sett ut til tredjeland, og ikkje minst at mange gardar blir forlatne i EU, seier han i ei fråsegn.
I sosiale medium spreier organisasjonen emneknaggen #targetsarenotsolutions – «målsetjingar er ikkje løysingar».
Kva tyder det for meg?
I land i heile Europa lurer ein no på kva strategiane vil få å seie for landbruket deira. Mykje arbeid står att før planar og tiltak blir vedtatt, men mykje må gjerast i næringa om måla skal bli nådde.
Jens Berggren, berekraftekspert i den svenske bondeorganisasjonen Lantbrukarnas Riksförbund, seier han er spent.
– Ambisjonen er veldig bra. Dette bør innebere at det Sverige har jobba med i landbruket i fleire tiår, no skal bli europeisk standard. Andre land bør lære av det Sverige har gjort. Vi trur òg det er rett veg å gå. Det er den positive sida av saka, seier han til Dag og Tid.
Så er det uroa.
– Det er vanskelegare å seie om planane vil bli implementerte på ein slik måte at dei skaper den endringa ein vil ha. Det tviler vi diverre meir på i den svenske næringa. Tidlegare har det vore slik at prosentvise reduksjonar inneber at ein må bidra med like mykje, same kor ein startar. Vi har jobba med berekraft i 30–40 år og har plukka dei lågthengjande fruktene.
Berggren seier at enkeltlanda òg har mykje å seie for korleis reglane blir i praksis, etter at saka har vore behandla i Rådet i EU og Europaparlamentet.
Det har vore ein tendens til at ein i Sverige skal vere best i klassen og overimplementerer EU-reglar, seier han.
Når Copa-Cogeca kallar planane eit åtak på europeisk landbruk, set Berggren det i samband med den generelle klimadebatten. Han meiner at landbruket i Europa har fått ein for stor del av skulda for klimaproblema i verda.
For 50 år sidan var ikkje kyrne noko problem, fordi ein ikkje hadde fossilindustrien. No er kyrne problemet. Det blir problematisk. Om EU forbyr ei mengd ting utan å leggje inn kompensasjon, blir det oppfatta som eit åtak.
– Korleis ser du på eit kutt på 20 prosent i bruken av kunstgjødsel?
– Vi blir fleire menneske på jorda, og WHO seier vi må ha 70 prosent meir mat innan 2050. Dei fossile råvarene må blir erstatta med produkt grøne næringar kan tilby. Då trur eg ikkje vi kan kutte dei mest effektive verktya våre. Vi kan bruke dei meir effektivt per kilo produsert kveite og per liter mjølk. Men vi kan ikkje kutte den totale mengda.
Kan påverke Noreg
Også her heime i Noreg følgjer næringa med på kva som rører seg i EU. Både Arne Ivar Sletnes, som er fagsjef i internasjonale spørsmål i Norsk Landbrukssamvirke, og Hildegunn Gjengedal, som er seniorrådgjevar i Noregs Bondelag, har merka seg EUs ambisjon om å bli verdsleiande på berekraftig landbruk. Begge seier at det for augeblinken er vanskeleg å sjå kva følgjer EU-planen får for Noreg.
– På enkelte område kan dei få ein direkte verknad. Det gjeld område som er omfatta av EØS, som mattryggleik, veterinærregelverk og merking av matvarer, seier Sletnes.
Landbrukspolitikken i EU kan òg få ein indirekte effekt.
– Det er opp til norske politikarar, men mange av dei ser til naboane våre når det gjeld utviklinga av miljøregelverk. EU-produsentar står òg for to tredelar av matimporten i Noreg. Dersom ny politikk aukar konkurransekrafta i EU-jordbruket, kan det gi auka import av varer som konkurrerer med norske produkt.
Gjengedal seier ambisjonsnivået i EU kan påverke oss i Noreg.
– Som følge av Green Deal har EU fått eit større ambisjonsnivå enn tidlegare.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Vi har jobba med berekraft i 30–40 år og har plukka dei lågthengjande fruktene.
Jens Berggren, Lantbrukarnas Riksförbund
Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.