Grøne fingrar krev grøne hovud
Trendane tilseier meir grønt på norske fat. Men norske produkt kan tape konkurransekraft mot importmat på grunn av svekt kompetanse i grøntnæringa.
Det blir spådd at nordmenn vil ete meir grøne produkt i åra som kjem. Men kor stor del av veksten vil kome norske produsentar til gode?
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
Bakgrunn
Grøntsektoren i Noreg
Dei samla produksjonsinntektene i jordbruket var på 32,9 milliardar i 2018. Av dei utgjorde grøntsektoren 5,8 milliardar, eller 17 prosent.
Midlar til grøntsektoren over jordbruksavtalen utgjer 2–3 prosent.
Det er om lag 2500 primærprodusentar i grøntnæringa i dag.
Nibio reknar med at grøntsektoren utgjer om lag 6000 årsverk.
Dei fleste produsentane er organiserte anten i Gartnerhallen eller i Nordgrønt.
Gartnerhallen leverer til grossisten Bama, som er eigd av daglegvarekjedene Norgesgruppen og Rema 1000.
Nordgrønt leverer til Coop-kjeda.
Nordmenn et i snitt 3,4 einingar frukt og grønt om dagen.
Forbruket av grønsaker har auka med om lag 11 prosent dei siste ti åra.
Den norskproduserte delen av grønsaksforbruket (målt i energi) har vore på om lag 50 prosent dei siste ti åra.
Kjelde: Rapporten «Grøntsektoren mot 2035» (2020)

GRØNTNÆRINGA
christiane@dagogtid.no
I sol og varmt vêr har 250 ungdomsskuleelevar på ei idyllisk øy i Ytre Oslofjord møtt opp til annleis skuledagar denne veka. I puljar på 50 har dei fått lære om det gode klimaet og jordsmonnet i Vestfold. Om korleis sola, nett no så høgt på himmelen, påverkar plantar og poteter.
– I går stod vi i kveiteåkeren med eit brød i handa og spurde: Kva slags vekstar er dette? Då er det ein som svarar «lauk». Så er det ei som seier «korn». Det er få som har vore på ein gard før, og det er ikkje deira skuld. Men ein kvadratmeter kveite gir eitt brød kvart år. Det set ting i perspektiv, seier Åsmund Bjertnæs, dagleg leiar i potet- og salatprodusenten Bjertnæs & Hoel.
Bjertnæs leier eit selskap med ambisjonar om å gi forbrukarane det dei vil ha. Rundt tusenårsskiftet dyrka dei fram ulike sortar salatar (folk ville ikkje lenger berre ete kinakål). Rundt 2014 utvikla dei små, gode delikatessepoteter for å konkurrere med dei franske amadinepotetene som lokka stadig fleire norske forbrukarar. Dei siste åra har Bjertnæs & Hoel eksperimentert med søtpotetdyrking. Søtpoteta er ei tropisk grønsak som ikkje veks lett i Noreg, men norske forbrukarar vil ha ho likevel, og ho vert importert frå land som Spania, USA, Honduras og Senegal. Sommaren 2018 kunne ein for første gong kjøpe norske søtpoteter i utvalde butikkar.
Bjertnæs er ein av bøndene som medverkar til innovasjon og vekst i norsk grøntsektor. I samband med jordbruksoppgjeret i fjor vart partane samde om å satse meir på dette. Som ein del av satsinga vart det sett ned eit rådgivande utval leia av Anita Krohn Traaseth, tidlegare sjef i Innovasjon Noreg.
Dristige mål
I slutten av mars kom rapporten «Grøntsektoren mot 2035», med eit djervt mål om auke forbruket av frukt, bær og grønt.
Medan nordmenn i dag et 3,4 einingar frukt og grønt per dag, er målet at vi i framtida skal ete våre «fem om dagen» innan 2035. Det vil krevje ein auke i det totale forbruket av frukt, bær og grønt med 75 prosent. Ambisjonen er at veksten i norskdelen av forbruket skal vere på 50 prosent.
Det bør kort nemnast at konkurransesituasjonen er krevjande for grøne produkt, sidan importvernet gradvis vert svekt. Norskproduserte varer har dei siste ti åra lege på om lag 50 prosent av forbruket, målt i energi.
Er måla realistiske? Internasjonale megatrendar som òg slår inn i Noreg, skulle kanskje tilseie det. Ein snakkar om auka vektlegging av miljø, berekraft og kortreist mat. Ein snakkar om å ete mindre kjøt og meir grønt. Dei to siste åra har ein ikkje berre snakka. Nordmenn har faktisk ete noko mindre kjøt enn åra før, og daglegvarekjeder utvidar vegetartilbodet i butikkane. Reko-ringane der lokalmatprodusentar sel maten sin, har auka i popularitet.
Hinder på vegen er det likevel fleire av, og mange av dei er nemnde i rapporten. Her skal vi sjå på eitt som står særleg ut: I ei årrekkje har kompetansen i grøntnæringa vorte svekt – i fleire ledd i verdikjeda.
Nyskaping uteblir
Nokre eksempel: Unge har droppa gartnarlinja og matfag i vidaregående skole. Forskarutdanninga er svekt. Problemet dukkar opp i ledd etter ledd: Næringa manglar kompetanse og deler ikkje kunnskapen som finst, på ein god nok måte. Det hemmar nyskaping og vekst.
Eg lyt sitere frå rapporten: «Kompetanse- og rekrutteringsproblemer vil ramme produksjon, ledelse og omsetning, og vil utvilsomt merkes hos både leverandørfirmaer, veiledningsapparatet, og ellers alle som beskjeftiger seg med matfag.»
Det er eit mogleg lyspunkt her. Etter at gartnarutdanninga nærmast har forsvunne, er det håp om at ho skal stå opp att som ein fugl føniks. Ei ny fireårig fagutdanning for gartnarar er etablert, med lærlingordning og fagbrev. Det står att å sjå om unge lèt seg lokke.
Ungar som liker mat
At grøntkompetansen er svekt, er ikkje berre tydeleg for fagutvalet bak rapporten, men òg for ein grøntprodusent på Nøtterøy.
– Oppgåva med å auke rekrutteringa og kompetansen i vår sektor er større enn vi trur. Det vil krevje mykje av næringa og av styresmaktene, seier Bjertnæs.
Han har eit klart råd: Det er klokt å starte opplæringa i ung alder.
Sjølv gjer han det han kan ved å ta imot skuleelevar på garden i Vestfold. Vidaregåande opplæring må styrkjast, meiner han, men det er ikkje nok. Alt i barnehagealderen må ungar lære seg å bli glade i mat, meiner Bjertnæs, som den siste tida er mellom dei som har engasjert seg for å få Geitmyra matkultursenter til å etablere seg i Vestfold.
Sjølv har Bjertnæs søkt kunnskap både internasjonalt og i Noreg for å utvikle eigen grøntproduksjon.
– Dei siste 20 åra har det vore viktig for oss å samarbeide med internasjonale miljø. Vi opplever at hagebruk er relativt mykje viktigare i til dømes Nederland og Storbritannia enn i Noreg. Dei har større fagmiljø. I nyare tid har vi hatt gode erfaringar med Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) i samband med dyrking av søtpotet.
Den aktive potet- og salatbonden kan fortelje at han har hatt tre statsrådar på vitjing dei siste fire åra. Kvar gong har han gitt dei same råda: Styrk kompetansen og rekrutteringa på alle nivå, inkludert Nibio, som samarbeider med den kommersielle delen av næringa.
– Kunne kunnskapen du har søkt utanlands, vore å finne her i Noreg?
– Ja, sjølvsagt. Men næringa og marknaden vår er relativt liten om ein samanliknar med Nederland. Det blir krevjande å halde oppe fagnivået over tid – særleg når rekrutteringa er svak.
– Merkar du kompe-
tansesvikten?
– Ja, og provet på det er at vi stadig søkjer ut av landet. I slutten av 1980-åra tok vi til å samarbeide med eit landbruksuniversitet i Polen. Det var onkelen min som hadde ein idealistisk idé om at dei skulle reise til Noreg og lære om demokrati. Så er programmet blitt meir spissa mot hagebruk, og universitetet sender landbruksstudentar, som jobbar med oss i periodar på tre månadar. Dei siste åra har vi hatt studentar både frå Polen og Nederland. Dei har eit høgt fagleg nivå.
– Har de hatt norske studentar på jobb hos dykk?
– Vi har hatt éin student frå plantevitskap for tre år sidan. Det er den einaste som har oppsøkt oss.
Importerer forskarar
Også ved Nibio merkar dei at kompetansen i norsk grøntsektor manglar.
Forskings- og avdelingsleiar Inger Martinussen, som òg har sete i fagutvalet som har skrive om grøntsektoren fram mot 2035, fortel.
– Vi ser det i første omgang når vi skal rekruttere forskarar. Kandidatane kjem stort sett frå Norden, Europa og utlandet elles. Det er sjølvsagt mange flinke folk frå heile verda, men det er også eit poeng å kunne kommunisere på norsk og forstå det norske, seier ho.
Ho peiker på at arbeid i alle ledd i grøntnæringa krev kunnskap. Det er ikkje nok med grøne fingrar. Skal ein vere gartnar, treng ein òg teknologisk kunnskap for å styre energien i veksthus, til dømes.
Kunsten å plukke
I vår har stengde grenser gjort oss merksame på at landbruket har bruk for grøntarbeidarar frå utlandet i stor skala. Og bøndene som tilset dei, har ikkje berre snakka om at nordmenn krev for høg løn, men òg at arbeidarane utanfrå har ein kompetanse det tek tid å byggje opp.
– For mange høyrest det kanskje enkelt ut å plukke jordbær. Men det er ein kompetanse det tek tid å lære seg. Arbeidet er relativt tungt. Ein god plukkar plukkar kanskje fem til seks gonger så mykje på ein dag som ein norsk ungdom. Då seier det seg sjølv at det synest i kroner og øre. Bær skal plukkast når dei er passe modne, og dei skal ikkje kastast i korga. Det er eit handarbeid som må lærast, seier Martinussen.
Håpar på ny trend
I interesseorganisasjonen for norske gartneri og hagebruk, Norsk Gartnerforbund, håper dei at pendelen snart skal snu, og at unge igjen får auga opp for kva den grøne næringa kan tilby. Ei auka interesse for å dyrke plantar og blomar på balkongar og jorde gir generalsekretæren håp.
Katrine Røed Meberg, som òg har vore representert i grøntutvalet, er klar på at ein treng fagkompetanse på alle nivå – plantekunnskap, agronomi og planteproduksjon på friland og i veksthus, teknologi, hausting, lagring og bedriftsleiing. Gartnarutdanninga gir òg kunnskap som kjem godt med om ein går vidare til høgskule og universitet.
– På kva måte vil du seie mangelen på fagutdanna gartnarar kan truge konkurransekrafta i bransjen?
– Kunnskap og kompetanse er heilt nødvendig for å ha ei næring som kan konkurrere på kvalitet og berekraft, og vere i tet. Rekruttering til gartnarfaga og høgare plantefagleg utdanning medverkar til å auke konkurransekrafta,
Meberg peiker på at importdelen er stor.
– Dermed må vi bli flinkare til dei tinga som gjer at folk føretrekkjer norsk, og styrkje norsk produksjon. Vi har ein flott produksjon som skal vidareutviklast. Vi må utvikle oss endå meir på berekraft, bli betre på bruk av teknologi og lagerteknologi, så vi kan lagre over lengre tid og halde på den gode kvaliteten. Vi har stor trong for kompetanse i produksjonen, men òg på universitet og høgskular. God plantehelse er eit eksempel på eit viktig fagområde der det er trong for god kunnskap og kompetanse. Då må vi ha tett kontakt med forskinga. Dess fleire forskarar vi har på fagområda våre, dess større vinst gir det til næringa vår.
Foredla vare
Skal den norske delen av det grøne vi et, vekse, må norske plantar òg inn i den plantebaserte ferdigmaten. Fleire av bondesamvirka har kasta seg inn i konkurransen om grøne forbrukarar, og innimellom dukkar det opp nye innovative produsentar.
Ein slik er produsenten Grønne folk med base på Frosta i Trøndelag. Her har lokale eldsjeler møtt kvarandre, som profesjonelle plantebønder og kokkar. Saman produserer dei ferdige grønsakretter, som gryter, hummus, falafel og burgarar. Alt utan tilsetjingsstoff, alt lokalprodusert og alt laga av grønsaker som elles ikkje ville blitt til menneskemat.
Dagleg leiar og gründer Bjørnar Buserud fortel at det heile starta med at medgründer Ragnhild Eggen Viken frå Viken Østre gartneri stod på kjøkkenet og såg traktorlass på traktorlass med grønsaker gå til dyrefôr eller kompost. Ho irriterte seg over dette og lurte på om det var mogleg å gjere noko med det.
Sjølv kom Buserud frå cateringfirmaet Hegstad Blakstad i Trondheim som han har vore med å byggje opp sidan 2013. Gjennom felles kjende vart dei kopla saman. No nyttar dei krokete og rare grønsaker, som ikkje passar inn i standard emballasje, i ferdige retter.
Med kokk, gartnar, grønsaker og kontaktar inn til grossist og daglegvaremarknaden var mykje gjort. No sel selskapet ferdigretter i Rema 1000-butikkar landet rundt. Ifølgje dagleg leiar har dei dobla omsetninga så langt i år samanlikna med i fjor.
– Det som skil oss frå annan industri, er kanskje at eg er kokk og Ragnhild gartnar. Vi kan ingen ting om tilsetjingsstoff. Vi har snakka med ein næringsmiddelteknolog, og vi pakkar alt varmt for å sleppe å tilsetje gass og bruke tilsetjingsstoff. Vi får ein pasteuriseringseffekt som gjer varene haldbare, og vi pakkar raskt, slik at grønsakene held seg sprø. Vi lagar maten nett som heime.
Kompetanse står sentralt når nye produkt kjem til verda, ifølgje Buserud. Det gjeld både kjennskap til dyrking og koking. Han er oppteken av at unge må få sjå at ein kokk kan bruke kunnskapen sin på mange ulike måtar. Ein kan stå på eit kjøkken, men òg leie ei produksjonsbedrift, som han sjølv.
Det er òg fagkunnskapen som gjer at dei ikkje vil la gode grønsaker gå til spille.
– Det ligg så mykje kompetanse i dyrkinga. Ein gartnar veit på kva måte ein skal dyrke purrelauken så han ikkje går i stokk, og fennikelen så han ikkje blir ein lang stilk, men tett og kompakt, seier han.
Ser til utlandet
Buserud har stor tru på at bruken av plantebasert mat vil auke. Han er meir oppteken av at folk skal ete meir grønt, enn at dei berre skal ete vegetarmat.
– Vi kallar ikkje maten vegetar. Kanskje er det viktigare at halve tallerken er fylt med grønsaker og at dei er norske. Det er ei endring i samfunnet og spesielt i den generasjonen som kjem. Dei snur på pakka og les kva som står der. Dei kastar ho ikkje berre i vogna på veg forbi.
Åsmund Bjertnes trur òg grøntnæringa i Noreg har eit kjempepotensial.
– Alt ligg til rette, med auka vektlegging av berekraft, helse og kosthald. Men eg trur det krev meir både frå næring og styresmakter enn det som vert gjort i dag. Ein må utvikle spanande utdanningstilbod og kanskje også jobbar. Vi må ha tettare samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar og næring. I Nederland er det mange eksempel på at store internasjonale selskap har systematisk samarbeid med studentar, der studentane også er involverte i kommersielle prosjekt. Vi har mykje å lære frå utlandet.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dess fleire forskarar vi har på fagområda våre, dess større vinst gir det til næringa vår.
Katrine Røed Meberg, generalsekretær i Norsk Gartnerforbund
Fleire artiklar
Carl Friedrich Abel (1723–1787). Utsnitt av måleri av Thomas Gainsborough frå 1777.
Mellom verder
Carl Friedrich Abel var den siste store viola da gamba-virtuosen.
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.