Håpar staten skal kome på banen
Staten bør bli ein meir aktiv eigar i Equinor, og drive selskapet i grønare lei, meiner Anne Jortveit i Norsk klimastiftelse.
Det er fleire ulike drivkrefter bak den grøne vendinga til dei europeiske oljeselskapa, meiner Anne Jortveit, som er i nestleiar i tankesmia Norsk klimastiftelse.
– Men ei viktig årsak er klimapolitikken til EU, som gjer marknaden for fossil energi mindre. Vi ser òg at investorane er med på å drive fram endringa. Grøne aksjar blir generelt vurderte høgare enn innteninga deira skulle tilseie, medan det er motsett for selskap i fossilindustrien. Mange investorar vil ikkje lenger eige aksjar i oljeselskap. Og klimarisiko blir eit stadig meir aktuelt tema, seier Jortveit.
– Dette handlar òg om haldningane i politikken og i samfunnet elles. Klimasaka er høgt på dagsordenen, og alle selskap er opptekne av omdøme.
– Har du inntrykk av at den norske staten brukar eigarmakta si til å skyve Equinor over mot annan verksemd enn olje og gass?
– Nei, det verkar heller som om selskapet er eigarlaust. Staten Noreg er en storkapitalist, men oppfører seg ikkje som ein. Det er eit ønske om at Equinor skal vere eit breitt energiselskap, men prosentdelen av investeringane som går til fornyeleg energi, er framleis liten. Og Equinor leitar framleis etter ny olje og gass i 20 ulike land.
– Staten har sine eigne interesser her: Om Equinor blir eit grønt energiselskap, vil det ikkje gje same inntekter for statskassa som olje og gass har gjort?
– Oljen har vore veldig lukrativ for Noreg, og som Equinor-eigar kan staten aldri tene like mykje på investeringar i fornyeleg energi. Men oljealderen er på hell. Det kunne vere lurt å bruke eigarmakta til å dreie Equinor i ei ny retning no. Staten og konsernleiinga har ikkje alltid same interesser. For leiinga i Equinor kan det vere lønsamt å prøve å finne nye petroleumsressursar rundt i verda, og auke reservane til selskapet, men det er ikkje gjeve at det er i statens interesse.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Albumet som no er ute, tek utgangspunkt i spesifikke Aphex Twin-konsertar.
Skjermdump frå YouTube
Raritetar i utval
Enkeltpersonorkesteret Aphex Twin samlar «djupe kutt» i utval til glede for store og små.
Den svenske Duo SolRoos, med luttspelaren Dohyo Sol og blokkfløytisten Emilie Roos.
Foto: Alf Ljungquist
Meistermøtet
Duo SolRoos gjev oss atterklangar av Weiss og Bach i samspel.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?