JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Har tru på langvarig vern etter koronainfeksjon

Slektskapen med andre virus tilseier at vi blir immune etter ein covid-19-infeksjon, seier immunolog Anne Spurkland.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4667
20200417
4667
20200417

Medieoppslaga om folk som blir koronasjuke for andre gong, bør vi ta med ei klype salt, meiner Anne Spurkland. Ho er professor i anatomi og forskar i molekylær immunologi ved Universitetet i Oslo, og forfattar av boka Immun. Kroppens evige kamp for å overleve. Spurkland meiner det er svært sannsynleg at koronasmitte fører til immunitet.

– Oppslaga om at folk blir sjuke igjen av covid-19, er bygde på svært usikker informasjon. Mest truleg har desse pasientane ikkje vore heilt friske, men har hatt eit meir langstrekt sjukdomsforløp med tilbakefall, seier Spurkland.

Ho understrekar likevel at det er vanskeleg å vere sikker på noko når det gjeld det nye koronaviruset.

– Vi har ikkje klare svar på spørsmåla om immunitet enno. Dette er ein ny sjukdom for oss, og vi har ikkje nok observasjonar til å seie så mykje sikkert. Men vi veit at viruset som fører til covid-19, liknar på andre koronavirus. Og dei som har vore smitta av andre koronavirus, utviklar immunitet.

Spurkland viser til studiar av dei to andre farlege koronavirusa vi kjenner til, dei som førte til Sars-epidemien i 2003 og Mers-epidemien i 2012.

– Pasientar som overlevde desse infeksjonane, viser teikn på immunitet mange år seinare. Dei tidlegare Sars-sjuke har ikkje blitt utsette for ny Sars-smitte, men testar har vist at dei har T-celler mot viruset meir enn ti år etter.

Dreparceller

Immunforsvaret vårt handlar om meir enn berre antistoffa, understrekar Spurkland: Når blodprøver frå somme friskmelde covid-19-pasientar ikkje syner antistoff mot viruset, fortel ikkje det alt.

– Den enklaste og vanlegaste måten å måle immunitet på, er å sjå etter antistoff. Men vi har òg T-celler, såkalla dreparceller, som jaktar på virus. Og vi kan ha dreparceller som er retta inn mot eit virus sjølv om vi ikkje har antistoff mot det. Mot koronavirus som Sars og Mers er T-celle-immunitet viktigast. Sjølv om ein person ikkje har målbare antistoff, er det ikkje dermed sagt at vedkomande ikkje er immun.

– Det står mykje på spel her. Om vi ikkje blir immune etter å ha hatt covid-19, og om vi ikkje får ein effektiv vaksine, kan vi få smittebølgjer i årevis?

– Eg trur ikkje det går slik. Eg trur vi utviklar immunitet etter å ha vore smitta av viruset. Forkjøling

Også dei harmlause typane koronavirus, dei som berre gjev oss ei forkjøling, fører til immunitet for dei som har vore smitta, påpeikar Spurkland. Og det finst eit håp om at slik motstandskraft også kan gje eit visst forsvar mot det nye koronaviruset.

­– Alle koronavirusa har noko felles. Og det er mogleg at T-cellene til den som er immun mot mildare koronavirus, kan kjenne att noko i det nye viruset. I så fall kan vegen til immunitet bli mykje kortare. Og ein slik delvis immunitet hos somme kan vere med på å forklare at folk reagerer så ulikt på covid-19. Dette er eit nytt virus – men det er samtidig ikkje heilt nytt.
– Somme som blir smitta med covid-19, får så milde forløp at dei ikkje merkar sjukdomen. Kan det vere at desse ikkje utviklar immunitet, og dermed kan få viruset fleire gonger?

– Det kan tenkjast, men det er litt spekulativt. Det kan òg vere motsett: at immunforsvaret til desse var så godt at dei ikkje vart særleg sjuke. Det vi ser, er at dei som er sjuke lenge med covid-19, òg får meir antistoff. Men det kan vere fordi immunforsvaret blir stimulert over lengre tid og med meir virus, seier Spurkland.

– Det er mykje her vi ikkje veit. Om nokon har ein svært mild covid-19-infeksjon, utviklar da vedkomande immunitet? Eg trur det. Kan denne personen få ein ny mild infeksjon? Eller blir kanskje infeksjonen mykje verre neste gong? Vi veit ikkje, men eg trur altså at overstått infeksjon vil gje ganske langvarig immunitet. Og det er ikkje naudsynt å merke teikn på sjukdom for å bli immun.

Trur på vaksine

– Det har aldri blitt laga ein vaksine mot eit koronavirus før. Er det grunn til å tru at det vil vere vanskelegare enn å lage ein influensavaksine?

– Nei, det trur eg ikkje. Vi har rett nok mykje meir erfaring med å lage influensavaksinar, og dermed fleire standardprosedyrar. Med koronaviruset må vi finne ut kva del av viruset vaksinen skal råke. Men det finst ein del kunnskap frå forsøka på å lage ein vaksine mot Sars-viruset. Og no blir det sett inn enormt med ressursar for å lukkast. At vi klarar å lage ein covid-19-vaksine, tek eg nesten for gjeve. Men det kan jo ta både 12 og 18 månader, seier Anne Spurkland.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– At vi klarar å lage ein covid-19-vaksine, tek eg nesten for gjeve.

Anne Spurkland, professor i immunologi

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis