Meter under press
Enkelte ser ut til å tru at regelen om å halde minst éin meter avstand til andre personar vert avskaffa dersom sola skin og humøret er godt.
Det kan Folkehelseinstituttet avkrefte.
Uteserveringa er i gang, og enkelte har alt teke sommarferie. Det kan verte utfordrande å hugse regelen om å halde avstand.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
SAMTALEN
Frode Forland
Fagdirektør for smittevern og global helse i Nasjonalt folkehelseinstitutt (FHI)
AKTUELT
Regelen om å halde ein meter avstand til andre gjeld framleis.

christiane@dagogtid.no
Ein høyrer nye historier heile tida. Om folk som må presse seg ut av buss og T-bane fordi nye folk skal på. Om strender der menneske ligg tett, og glade restaurantgjester som klemmer vennene sine. Kva skjedde med respekten for regelen om å halde éin meter avstand – minst – til andre enn dei nærmaste?
Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) har nærmast blitt Facebook-poet under koronakrisa, og eg lyt sitere: «Vi har ingen behandling/ vi har ingen vaksine/ men vi har en meter.»
– Fagdirektør i Folkehelseinstituttet (FHI) Frode Forland, ser du teikn til at folk er i ferd med å gløyme einmetersregelen?
– Meteren er gjenstand for ein viss diskusjon. Det var to meter for ei stund sidan. Andre stader er regelen 1,8 eller 1,5 meter. I Noreg har vi sagt éin meter, som er lett å hugse. Her er det snakk om dropesmitte. Under normale omstende fell om lag 90 prosent av dropane innanfor ein meter. Meterregelen reduserer ikkje risikoen for smitte med 100 prosent, men han er eit av dei viktigaste tiltaka vi har. Grunnen er at folk kan ha smitte utan å vite om det. Når folk er sjuke med hoste, skjønar vi at dropane kan gå lenger enn ein meter.
– Folk i krinsen min fortel om proppfulle strender og stader der det er nær sagt umogleg å halde avstand. Kva for meldingar får de om slike situasjonar?
– Vi får slike meldingar frå folk som er bekymra, særleg folk i risikogrupper. Eg ser sjølv ute i samfunnet at ein del ikkje er så opptekne av å halde regelen. Det vil vere eit informasjonsbehov framover. Dette er noko vi vil måtte leve med lenge, til vi har ein vaksine – eller ein situasjon som er stabilisert med omsyn til den risikoen koronaviruset bringar med seg i samfunnet. Vi må minne kvarandre på at vi må ta vare på kvarandre. Det er ikkje primært oss sjølve vi skal tryggje. Å halde avstand er ei solidaritetshandling.
– Kva stader er mest problematiske no med tanke på at folk bryt regelen om avstand?
– Eg trur kanskje restaurantar, barar, badestrender og offentleg transport kan vere dei mest utsette plassane. Likeins på fly, der det no, som den einaste staden i landet, er innført krav om munnbind frå flyselskapa.
– Kva gjer ein om ein hamnar ein stad der det er vanskeleg å halde avstand?
– Ein kan jo vurdere om ein vil gå derifrå. Om ein vil påverke situasjonen, kan ein seie frå. Det er òg eit stort ansvar som kviler på dei som har restaurant og uteservering. Ofte når det ligg informasjon på bordet, ser ein at folk flokkar seg saman. Det er ikkje lett for andre å vite om folk er i familie, og kven som kan sitje tett saman. Når det gjeld arrangement, har vi ei klar avgrensing på 200 deltakarar. Då skal det vere nokon med ansvar som skal ha namn og høve til å spore opp deltakarane dersom det oppstår ein smittesituasjon.
– Ja, arrangement med opptil 200 menneske har vore tillate sidan 15. juni. Kva erfaring har de så langt med slike arrangement?
– Vi har ingen klagar på det. Dei som har hatt formelle arrangement, veit nok kva reglar som gjeld. Så er det kommunane som følgjer opp. Vi har ikkje anna ansvar enn å leggje til rette for dei nasjonale reglane. Det ser så langt ut til å gå bra. Men vi har sett døme på at somme prøver å strekkje grensene for kva som kan kallast eit arrangement.
– Mange vil feriere i Noreg i sommar og sikkert treffe storfamilien. Kor mange bør eigentleg definerast som «dei nærmaste», som kan klemme og sitje nær kvarandre?
– Dette er vanskeleg. Vi seier at dei nærmaste er dei ein bur saman med regelmessig i nærmiljøet – kohorten din. Eg tenkjer at det er litt opp til den enkelte å vurdere kor vidt ut dette går. Vi har vel ikkje ei fast grense for det. Vi har råd om at ein skal vere varsam i forholdet mellom besteforeldre og barnebarn. Men vi veit no at det er lite smitte som blir formidla via barn, og det er for tida lite smitte i samfunnet. Eg trur besteforeldre må kunne klemme barnebarna sine om dei ikkje er sjuke, og at dei må kunne reknast som nær familie. Særskilt utsette skal vere særskilt varsame. Det er alder som er den dominerande faktoren for sjukdom, mykje meir enn underliggjande sjukdom.
– Korleis vurderer FHI risikoen for at fleire blir smitta som følgje av at folk slappar litt for mykje av og bryt regelen om avstand?
– Vi vurderer det som ein endra faktor om grensene blir opna meir og meir og det blir meir liberal innreise for turistar og folk som har vore ute og reist. Det vert større risiko om folk reiser til land med høgare smitterisiko.
– Bent Høie har lagt ut bilete av seg sjølv med ein meterstokk på Facebook. Er det ein god idé å ta med ein slik ein på ferie?
– Du treng ikkje ha med deg metermålet, men du må ha med deg medvitet.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Å halde avstand er ei solidaritetshandling.
Fleire artiklar
Reisande på Gardermoen i juni i år. Oslo lufthamn er i særklasse den mest lønsame flyplassen Avinor driv. Dei aller fleste norske flyplassane går med underskot.
Foto: Javad Parsa / NTB
Avinor-krisa tok ikkje slutt da pandemitiltaka gjorde det. Kan det vere styringsmodellen det er noko gale med?
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
FN-soldatane er det internasjonale samfunnets gissel mellom Israel og Hizbollah, seier Robert Mood.
Vladimir Putin har grunn til å vera nøgd med stoda i krigen i Ukraina.
Brosundet i jugendbyen Ålesund.
Foto: Halvard Alvik / NTB
Opprør utan variasjon og dekor
«Opprørarane sveisar fast at berre den typen arkitektur opprørarane sjølve godtek, er kultur.»
Han Kang er den fyrste sørkorearen som vinn Nobelprisen i litteratur.
Foto: Yonhap News Agency / NTB
«Det er språkarbeidet og dei poetiske scenene, som råkar lesaren.»
Sørkoreanaren Han Kang får Nobels litteraturpris for 2024