Heroisk i forsvar, giftig i angrep
Russland har grunn til å kjenna seg innringa og utstøytt. Derfor gjer fotball-VM så godt.
Russisk fotball har rykt opp att frå tredje divisjon til eliteserien med Putin som landslagstrenar.
Foto: Carl Recine/Reuters/NTB scanpix
hompland@online.no
Russland spelar kvartfinale mot Kroatia laurdag. Dei forsvarer den slaviske og ortodokse æra etter at dei serbiske vennene deira blei slått ut i krigsspelet. Kroatia er objektivt sett eit betre lag – bortsett frå at «objektiv» kvalitet og fortente og ufortente sigrar ikkje har nokon plass i fotballkampar. Korleis kunne me elles hatt Drillo-epoken, då Noreg under leiing av ein maoistisk gammalkommunist var oppe på andreplass i FIFA-rankinga?
Om me liker det eller ikkje, har russarane kome så langt på gamle Lenin stadion fordi dei spelar norsk, og slik me jublar for når Island og andre nordiske lag gjer det godt: betre til å bryta ned gode motstandarar enn å skapa sjølv, heilhjarta og heroisk innsats, få tekniske finessar, streng disiplin på bana, solide posisjoneringar, velorganisert forsvarsmur og tettpakka soneforsvar, farlege dødballar, Flo-pasningar, raske, giftige og direkte motangrep.
RUSSLAND SIGRA på straffe i åttedelsfinalen etter at Spania hadde brodert og hatt ballen 75 prosent av tida. Utan omsyn til korleis det går mot Kroatia og eventuelt vidare i turneringa, har Russland gjort det mykje betre enn nokon hadde trudd – inkludert dei sjølve. Dei er gode til å halda ut. Dei har rykt opp att frå tredje divisjon til eliteserien med Putin som landslagstrenar. Utanfor Kreml feira folket like heftig som 9. mai 1945.
I bakgrunnen av det plettfrie arrangementet held regimet demonstrerande pensjonistar på trygg avstand frå fotballbyane, og Putin solar seg i glansen med FIFA-oligarkane. Var det nokon som nemnde Krim eller Donetsk? Eller minnest at nokre vestlege notabilitetar visstnok held seg heime i protest?
OM EG VAR RUSSAR – ikkje ein manipulert putinist eller ein ekstrem og ortodoks nasjonalist og ekspansjonist som trur Russland har eit spesielt kall, men ein opplyst og opplesen russar som kan si historie – ville eg ha jubla med. Eg ville gått inn i mi tid og følt at nasjonen – etter å ha vore kringsett av fiendar – var mindre innringa og utstøytt enn på lenge.
Globalt står det om mistru og makt, hat og kjærleik, men først og fremst om geografi. Dersom Russland ikkje kan verna sine svake punkt og mjuke buk, kjem geografien og tar hemn. Det er geopolitisk realisme og eit traumatisk historisk faktum.
Vikingane kom frå nord, mongolane frå aust og ottomanane frå sør, men sidan har fiendtlege inntrengarar kome frå vest – gjennom det europeiske slettelandet med Polen, Ukraina og Kviterussland. Den vegen kom Napoleon og Hitler og nådde Moskva og Sankt Petersburg.
DET HISTORISKE Russland var ein innlandsstat – med Sibir og Arktis i nord, Kaukasus i sør, Uralfjella og alle -stanane i aust. Store delar av arealet ligg i Asia aust for Ural og rekk til Stillehavet, men det er eit demografisk og militært ufarleg bakland.
Dei store og grufulle tsarane utvida og trygga riket. Stadige delingar av Polen og innlemming av dei austlege delane av Ukraina og anna nært utland skapte buffersoner mot vest. Det nye Russland åt seg også sørover mot Svartehavet til dei blei demde opp for av Storbritannia og Frankrike i Krimkrigen (1853–56).
Den som vil vera ei stor verdsmakt, må også vera mektig på havet og ha trygge og isfrie hamner. Vladivostok og Murmansk er dårlig plasserte. Frå Sankt Petersburg og Kaliningrad må russarane gjennom Austersjøen og dansk innhav. Sjøvegen ut frå Svartehavet går gjennom Bosporos og Dardanellane med Nato-landet Tyrkia på begge sider.
MUREN FALL i Berlin. Sovjetunionen og Warszawapakta gjekk i oppløysing og jernteppet blei borte. Då randstatane frå Estland til Bulgaria blei med i Nato og EU, var Russland tilbake i sin historiske angst for å bli ringa inn. Å leiga flåtebase i Sevastopol på Krim av det potensielle Nato-landet Ukraina, var så skremmande for russarane at det ville ha vore kriminelt å ikkje ta tilbake Krim, som Krusjtsjov ved eit innfall hadde overført til sovjetrepublikken Ukraina i 1954.
RUSSLAND HAR KOME seg nokolunde på føtene att politisk og økonomisk. Dei vil ha tilbake ei større rolle på verdsscena. Derfor rustar dei opp. Snart har dei like store militærutgifter som Nato-landa i Europa og ein tredel av det USA bruker.
Russarane driv militærøvingar langs grensene, og på den andre sida paraderer Nato sine stridsvogner, nå også med Sverige og Finland som vertsland.
Jens Stoltenberg, som er løpegut for Pentagon og støttekontakt for Trump i Europa, manar til opprusting og fjernstyrer langt på veg norsk tryggingspolitikk frå Brussel. Basepolitikken er i flyt; det blir fleire Frode Berg-ar og framskotne lyttepostar. Amerikanske marinesoldatar som skal øva i kald vinterkrig, blir flytta nordover mot den grensa Russland har kryssa berre éin gong: for å frigjera Finnmark i 1944.
NÅR EG PRØVER å tenka på russisk, er det ikkje underleg om eg kjenner meg og fedrelandet innringa. Men fotball-VM gjer vanvørdnaden, innelukkinga og utestenginga litt mindre audmjukande. Det er eit spørsmål om tryggleik, ære og respekt.
Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Napoleon og Hitler kom frå vest gjennom den mjuke buken: det nordeuropeiske slettelandet.
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.