Hypokonderlandet?
Helvta av fastlegane i landet har skrive under på at dei har for mange pasientar, skriv Dagens Medisin.
Eg marsjerte til legekontoret, trekte kølapp til laboratoriet og nekta å gå før eg hadde fått teke blodprøva.
Foto: Christopher Stache / AP / NTB scanpix
Eg sit og stirar på måleriet over hovudet på fastlegen min. Dokteren har nett sleppt meg innfor døra, men stirar inn i skjermen framfor seg. Det er godt over ein halv time sidan eg skulle vore inne til avtale, og fingrane hans dundrar over tastaturet.
– Kva kan eg hjelpe deg med, då? spør han då han endeleg lyfter blikket bort frå skjermen.
– Eg vil ha ein hivtest, seier eg.
Eg har flytta blikket frå måleriet hans og ned på skoa mine. Han sukkar.
– Du kan få ein klamydiatest, men noko anna treng du ikkje, seier legen.
Eg ser opp, opnar munnen. «Korleis kan han vite det?» tenkjer eg.
– Men ...
Eg rekk ikkje seie så mykje meir før han strekkjer armen over bordet, trykkjer eit urinprøveglas opp i handa mi og gestikulerer meg ut døra. Eg har så vidt trykt ned dørklinka før han ropar inn neste pasient.
Etter samhandlingsreforma i 2012 må fastlegane i landet svelgje meir enn dei rekk å tyggje, melder VG denne veka. Kreftsjuke og hjartepasientar vert skrivne ut frå sjukehuset svært tidleg, og kommunen må ta over oppfølginga. Det skulle verte lettare å få helsehjelp lokalt, meinte regjeringa. Nordmenn klagar for mykje og har nesten dobbelt så høgt sjukefråvær som svenskane, uttalte allmennlege Jørgen Skavlan i Agderposten denne veka, og VG lurer på om heile fastlegeordninga held på å bukke under. Er det rart at fastlegen avskreiv meg som nevrotisk dersom det stod ein nyoperert hjartepasient på timelista etter meg? No har nesten helvta av alle fastlegar skrive under på at dei har for mykje å gjere, og i Oslo må ein 58-år gammal fastlege jobbe 70 timar i veka for å ta seg av 1320 menneske. Til VG seier fastlege Heidar Olsson at arbeidstempoet kan vere farleg for pasientane.
Eg er langt frå den einaste som har spurt fastlegen om ein hivtest. Dagens Medisin melde i 2013 at for få fastlegar er villige til å teste for hiv, og i 2015 melde forskning.no om kraftig auke i hivsmitta. Eg var heldigvis ikkje i risikogruppa; eg har berre fått kjønnssjukdomsangsten inn med seksualundervisninga. Jamvel marsjerte eg attende til legekontoret neste dag, trekte kølapp til laboratoriet og nekta å gå før eg hadde fått teke blodprøva. Testen kom att negativ ei veke seinare. Kanskje var eg det klassiske sutretilfellet årets allmennlege i 2010, Jørgen Skavlan snakka om i Agderposten. Men det finst ingen Olafiaklinikk på heimstaden min. Fastlegen er det einaste tilbodet uansett plage, og for mange handlar det om meir enn sutring. Er 24 millionar i rekrutteringshjelp, slik Arbeidarpartiet føreslår, meir enn vi kan koste på oss då?
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Testen kom att nega-
tiv eit veke seinare.
Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.