JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ingen er meir rasande enn eit forsmådd EU

Smerta ved brexit er sanneleg lik ei skilsmisse, men ho kan likevel vere verd det.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sjefforhandlar i EU, Michel Barnier (t.h.), saman med den britiske brexitministeren David Davis under skilsmisseforhandlinga på hovudkontoret til EU i Brussel.

Foto: Geert Vanden Wijngaert / AP / NTB scanpix

7666
20170908
7666
20170908

Eg tok feil når det galdt brexit, som eg var mot, men eg fekk rett i at det ville vere som ei skilsmisse. I juni i fjor, berre to dagar før folkerøystinga om britisk EU-medlemskap, spådde eg at å få teke ut ein separasjon etter 43 års ekteskap, ville ta mykje lengre tid og koste langt meir enn dei som arbeidde for «leave»-kampanjen ønskte å vedgå.

Eg har merka meg at dei fleste som har planar om skilsmisse, er motiverte av to ting. For det første ser dei berre feila hos ektefellen. For det andre fantaserer dei om ei idealisert alternativ framtid. Så mektige er desse kjenslene at ein nesten vert blind for vanskane og kostnadene ved ein skilsmisseprosess. Berre langsamt går det opp for ein at det ikkje finst verre raseri enn hos ein forsmådd ektemake – og at skjærselden vert administrert av advokatar.

Dei siste vekenes samtalar i Brussel mellom David Davis, den britiske brexitministeren, og Michel Barnier, sjefstingaren for EU, illustrerer poenget mitt på fullkome vis. «Når eg les nokre av dokumenta Davis har sendt meg», sa Barnier under ein stressa pressekonferanse førre torsdagen, «ser eg ein slags nostalgi i form av spesifikke krav som ville innebere å dra nytte av alle fordelane ved den indre marknaden utan å vere del av han». Det er nett slike ting forsmådde ektefellar seier.

Den same tendensen såg vi i ein avisartikkel av Guy Verhofstadt, som representerer EU-parlamentet i tingingane; artikkelen verka meir som eit brev frå ein spydig advokat. Davis laut vere «ærlegare om dei komplikasjonane brexit skaper», erklærte Verhofstadt, i staden for å «forgifte atmosfæren ytterlegare».

Akkurat. I samband med skilsmisse er det vanleg praksis å skulde den som bryt ut, for å forgifte atmosfæren, om det er den minste motstand mot den rasande partens opphavlege og innlysande overspente finansielle krav.

EU-sida har drøymt fram den digre summen på 100 milliardar euro som Storbritannias brutto «brexitrekning», og beint fram slått fast at det ikkje vil bli diskusjonar om framtidig handel før kravet er godteke. Dette svarar til den forsmådde makens krav om huset, minus lånet, og avslaget om å diskutere omsorga for ungane før skøytet er overlevert.

Det er ikkje til å unngå at ministeren for internasjonal handel, Liam Fox, byrjar låte akkurat som ein frustrert skilsmissekandidat. Han ville ikkje bli utsett for «utpressing», erklærte han for to veker sidan, og gav uttrykk for «frustrasjon over at (...) vi sit fast i denne eine saka».

«Sit fast» er uttrykket. Og måten dyktige skilsmisseadvokatar styrker kjensla av å «sitte fast» på, er ved å vende seg frå det store kravet til dei hårfine detaljane. Det heile verka så liketil for 15 månader sidan. Hugsar du dei euforiske overskriftene, som til dømes «BeLeave in Britain»? Det ein treng å tru på eit år seinare, er statusen til dei som pendlar over Den engelske kanalen, immunitetane og privilegia til offentlege tenestefolk på høgt nivå, og lagnaden til varer som er midt i produksjonsprosessen i den augneblinken brexit er ein realitet.

Kort sagt, dersom du trur at alt dette er skværa opp innan mars 2019, så drøym vidare. Og likevel (som mange sa til meg i fjor), berre fordi skilsmisse er vanskeleg, er det ikkje til hinder for at det skjer. Sjå på meiningsmålingane. I strid med det mediedekninga kan få folk til å tru, syner den britiske opinionen få teikn på «brexanger». Om folkerøystinga vart halden ein gong til, ville resultatet bli om lag det same (48 til 47 prosent for «ut av EU», ifølgje Survations måling i juli).

Årsaka til at skilsmisse er så kostbart, sa ein amerikansk ven som har vore gift to gonger, til meg, «er at det verkeleg er verdt det». Vil brexit vere verd det? Ikkje på det viset kampanjen for utmelding fekk folk til å tru, i alle fall. Alle pengane som var tenkt å gå til helsestellet, kjem til å gå til skilsmisserekningar. Men det vil vere verdt det dersom Storbritannia endeleg kan slutte å tru at alle landets problem kjem frå Brussel. Det vil òg vere verdt det for svikne Europa om Europa endeleg kan gå i gang med å fikse institusjonane sine på måtar som Storbritannia alltid sette seg mot medan landet var medlem.

Dette er sjølvsagt to svære «dersom». Storbritannia ser framleis på skilsmissa som eit mål snarare enn eit middel. Det vert mindre og mindre klart kva brexit eigentleg er godt for. Er hovudmålet med brexit å vinne attende kontrollen over innvandringa? Dersom det er tilfellet, verkar det vrient å unngå ein «hard» brexit. Storbritannia må forlate den indre marknaden. Det kan ikkje bli eit Noreg (i EØS) eller Sveits (i EFTA). Det kan bli eit Tyrkia (berre i tollunionen). Meir truleg ønsker Storbritannia å bli eit Canada, som ikkje har anna enn ei frihandelsavtale med EU.

Fint. Men dei negative økonomiske følgjene av ein så hard brexit vil truleg føre til eit bratt fall i nettoinnvandringa i alle fall. Nettopp desse økonomiske konsekvensane kan vere grunnen til at opinionen i tida etter folkerøystinga har drive i retning av ideen om ein «mjuk» brexit. Labours vending i saka, klekt ut av skuggebrexitministeren Sir Keir Starmer, er meint å tene på det. Men hugs kva «mjuk brexit» tyder: Ein godtek EUs migrantar og vedtekter, og har ikkje den ringaste påverknad på nokon av delane. Ein betaler eit bidrag til EU-budsjettet, men har inga røyst i nokon EU-institusjon. Litt av ei skilsmisse: Det liknar meir på det å bli ei barnebrur under sharia.

Kva kan så innbyggjarane på kontinentet få ut av livet utan Storbritannia som EU-medlem? Om EU-leiarane har lært noko som helst av røynslene dei siste ti åra, er det i alle fall at institusjonane i unionen er i ubalanse. Det gjev ikkje mykje meining å vere halvvegs føderal: å ha ein høgsterett og sentralbank (sjølv om det ikkje gjeld alle medlemane), men overlate skattepolitikk og forsvarspolitikk så å seie fullstendig til medlemsstatane. Vi har sett kvar dette leier i dei djupt inadekvate svara frå EU på tre kriser etter kvarandre: den globale finanskrisa, den arabiske våren og den store bølgja av migrasjon som følgde etter.

Den franske presidenten, Emmanuel Macron, ønsker å etablere eit europeisk finansministerium, og vonar at tyskarane vil gå med på dette dersom han gjennomfører ein tilstrekkeleg teutonsk arbeidsmarknadsreform i Frankrike. Men den tyske kanslaren, Angela Merkel, sa for eit par veker sidan at ho berre ville støtte eit «lite» felles budsjett for eurosona, og sjølv det er eit mindretalssyn i det kristeleg-demokratiske partiet hennar. Finansministeren hennar føretrekkjer å gjere om den eksisterande europeiske stabilitetsmekanismen til eit europeisk pengefond. Det ville endre lite.

Ei veke i Europa minner ein om at medan brexit sikkert er ei skilsmisse for forhandlarane som må hamre ut vilkåra for splittinga, vert det stadig mindre viktig for alle andre på kontinentet. Dei fleste vanlege europearar gjekk vidare for ei tid sidan. Til liks med golfklubbmedlemar etter at ein vanskeleg medlem har teke ein bitter avskil med klubben, er alt dei no ønsker, å betre handikapa sine og overlate til klubbsekretæren å krevje inn eventuelle ubetalte kontingentar. Vil klubbreglane no få den revisjonsgjennomgangen dei treng så sårt? Sannsynlegvis ikkje.

Når eg tenkjer meg om, hadde eg berre halvvegs rett i at brexit er ei skilsmisse. Kan hende er det ei skilsmisse berre for Storbritannia. For alle andre er det for tida knapt ein distraksjon.

Einerett: The Sunday Times / Dag og Tid Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Årsaka til at skilsmisse er så kostbart»,
sa ein amerikansk ven til meg,
«er at det verkeleg er verdt det».

Emneknaggar

Fleire artiklar

Juliette (Izïa Higelin) dreg til heimbyen for å besøke familien. Det viser seg at faren ikkje klarer å uttrykkje kjenslene sine, mora har blitt meir eksentrisk enn nokon gong, systera er i ei midtlivskrise, og bestemora har hamna på aldersheim.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Vår Juliette har overraskande tyngde til å vera pakka inn så lett

Brit Aksnes

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis