Ingen offside på Vargs heimebane
Det endar nok med at RBK slenger fram godfoten. Og at jævla Ålesund rykker opp.
Michael Ellingsen (John Carew) og Helena Mikkelsen (Ane Dahl Torp) diskuterer i Varg-garderoben.
Foto: Motlys / NRK
hompland@online.no
Varg har spela sin siste kamp for sesongen. Då Helena Mikkelsen trekte seg som trenar etter uavgjort mot Rosenborg på heimebane, trudde hovudsponsor Tangsrud at han var kvitt det hersens trønderske kvinnfolket. Men etter at sigersmålet blei ukorrekt annullert for offside, vende dei trulause supporterane om og ville ikkje at nokon kødda med «dama vår». Ho kom tilbake og fullførte eliteunderet mot Molde i siste kamp fordi Varg ville det mest.
I HEIMEBANE kjenner dei seg att, alle som har vore innom fotballens forunderlege verd – som spelar, sponsor eller supporter, som publikum eller pølseseljar. Alle som drøymer nostalgisk om Drillos. Alle med lidenskap for eit favorittlag som skjøner at det var grovare enn 36,9 at Thorbjørn Jagland, som medlem i Godsetunionen, stilte med RBK-skjerf på Lerkendal.
Men det er meir fascinerande og steikje bra at dei også kjenner eg att i fiksjonen, dei som foraktar fotballgalskap, fryktar fotballklanar og aldri kunne tenka seg å prøva å forstå offsideregelen. Dei er til gjengjeld svært opne for konspirasjonsteoriar om kva som går føre seg på bakromma: Dei som grøsser av normal garderobeprat og at ein macho trenarkollega av Ane Dahl Torp grabbed her by the pussy.
VERTINNA bryr seg ikkje om råskapen og reglane i fotball, men ho er patriot. Når gjestelaget budde hos henne, prøvde ho å overfôra dei med mat og drikke, slik at dei kom tunge og daffe til kamp. Ho hadde heller ikkje noko mot at rånarane heldt leven på allmenningen utanfor, slik at det blei dårleg med svevn.
I Ulsteinvik, der Heimebane er spela inn, var Hødd store i Kjetil Hasunds tid (646 kamper og 460 mål), men dei har hamla opp med større og dyrare kjøpelag sidan òg. Før tunnelane kom, såg dei det som ein føremon at sjøen gjekk så tung at gjestelaget spydde på ferja til Hareid. Nå er dyvåt bane eit sikkert våpen.
VERFTSEIGAR TANGSRUD er sunnmørsk patriot, men har ikkje noko mot innleigd arbeidskraft på rimelege vilkår. Og festcountryen til Vassendgutane har bana veg, på vilkår, for dei som er «kølande svarte»:
Det e greitt å vere neger i Norge i dag
Hvis du spelar fotball på eliteserielag
Men hvis du e neger, so ikkje gjer det bra
So sende me dej heim att te Afrika
I NEDPÅ SPELESTIL har TV-serien vore innom mange ulmande fotballtema: rævafotball, sponsormakt, trenarkontrakt, spelarforakt, ryggradsløyse, avdanka proffar, Zidane-skalling, tribunedyret, terroriserande fotballfedrar og kjønnstrakassering. Om serien skal halda fram med å pirka i det ubehagelege, må det i neste episode koma ein homofil ut av skåpet i mannegarderoben. Det held ikkje med bygdeidyll, Stein Winge på vitjing frå Twin Peaks, John Carew som angrande syndar og dårleg feelgood mellom Adrian og Camilla.
Helena Mikkelsen har problem på heimebane, men det enda godt for Varg i Heimebane. Til neste sesong må me nøya oss med ordinære fotballkampar på søndagane. Eliteserien held fram – med varierande kvalitet, fallande tilskodartal og stigande utgifter. Til slutt endar det nok med at Brann floppar, slik at gullet ikkje kjem hem, men Rosenborg slenger fram godfoten og vinn. Og jævla Ålesund, som fekk riis til eigen bak i fjor, rykker opp frå det tronge OBOS-husværet til noko meir kulørt.
I GOD VINJEÅND tar eg rettingar på alvor, for det er kjekt å ha lesarar med godt vit. Denne gongen gjeld det Lars Sponheim (Dag og Tid 20. april). Ein ihuga lesar peikar på at Sponheimen ikkje kan ha uttalt seg om å vera på Facebook då han var statsråd, for han gjekk av med Bondevik II etter stortingsvalet i 2005, og Facebook opna ikkje for registrering før 26. september 2006.
Min gode lesar ber meg halda Byråsjefen litt i øyra, men Byråsjefen vil ikkje legga seg flat, for han tar aldri feil, nemleg. Han legg med rette ansvaret på Spaltisten. Byråsjefen refererte til at Sponheimen ikkje var på Facebook, men på Stortinget. Der sat han frå 2005 til han ikkje blei attvald i 2009 og overlét partiet sitt til Trine Skei Grande.
SPALTISTEN klarer ikkje å la vera å nytta høvet til ein hale. Han minner om at Sponheimen var på hemmeleg fjelltur med statsminister Stoltenberg i 2008 og lanserte slagordet «Heller Jens enn Jensen». Før valet i 2009 signerte han ein veljargaranti om at Venstre ikkje ville samarbeida om statsbudsjettet med ei regjering der Framstegspartiet var med. I Radioselskapet lova han at veljarane skulle få koma heim til garden hans i Ulvik og banka han opp dersom han braut det løftet.
Om det var grunnen til at Sponheimen ikkje blei attvald av høgrevennlege Venstre-veljarar, har ikkje soga eit sikkert svar på. Det kan like gjerne ha vore fordi gamleordføraren i Ulvik herad ville slå saman minst halve Hardanger til ein kommune. Så enda han som pendlande amtmann i Bergenhus, medan Trine Skei Grande blei reisefelle og statsråd i regjering med Siv Jensen.
Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Dyrlegen kjem
Joachim Cooder er kjend som perkusjonist frå fleire utgivingar saman med opphavet, Ry Cooder.
Foto: Amanda Charchian
Motellet til drøymaren
Joachim Cooder opnar dørene til sju musikalske rom.
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»