Innavla bråkmakarar
Innavl gjennom generasjonar gjer at skandinaviske ulvepar deler like mykje genmateriale som om dei var sysken.
I fjor vinter vart det registrert det høgste talet ulv i Noreg i nyare tid, ifølgje Rovdata.
Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix
Samtalen
Øystein
Flagstad
Seniorforskar i Rovdata
Aktuell
Debatt om ulven
Samtalen
Øystein
Flagstad
Seniorforskar i Rovdata
Aktuell
Debatt om ulven
Ulv
eva@dagogtid.no
Det er bråk om ulven igjen. Fleire tusen personar frå heile landet kom denne veka til Oslo for å protestere mot regjeringsvedtaket om å felle 29 ulvar i lisensjakta i år, ikkje 43, som rovviltnemndene har tilrådd. Demonstrantane meiner regjeringa bryt rovdyrforliket frå Stortinget og lèt for mykje ulv leve.
Forliket seier at det skal vere fire til seks årlege ulvekull i Noreg, og minst tre av dei skal vere heilnorske, som vil seie at dei lever i revir som har heile utstrekninga i Noreg. Øystein Flagstad er seniorforskar i Rovdata ved Norsk institutt for naturforsking.
– Er vi over bestandsmålet no?
– Vi låg godt over bestandsmålet i 2017, med åtte heilnorske ulvekull og fem i grensereviret mellom Noreg og Sverige. Tala for noverande sesong, altså ulvekull fødde i 2018, som vi er i gang med å overvake, syner at vi førebels har dokumentert fire til fem heilnorske og mellom eitt og tre kull i grenserevir. Det er innanfor målsetnaden i 2018 òg. Men dette er førebelse tal baserte på avgrensa sporingsforhold, så dei kan endrast etter kvart som vi får meir sporings- og DNA-data.
– I fjor vinter var det registrert over 100 ulvar i Noreg – det høgste talet registrert i nyare tid, ifølgje Rovdata. Kvar kjem all ulven frå?
– Vi gjorde ein studie av dette tidleg på 2000-talet og kom til at den skandinaviske ulven med stort sannsyn stammar frå den finsk-russiske bestanden. På 80-talet fanst det berre éin ulveflokk i Skandinavia, ei tispe og ein hann som fekk kvalpar. Begge hadde ein genetisk profil som tilsa at dei kom frå den finsk-russiske bestanden. Då foreldra døydde vart det syskenparing og innavl. Tidleg på 1990-talet kom det inn ein ny ulv frå same bestand – og bestanden her auka. Alle dei 150 ulvane i Skandinavia i 2008 kunne sporast tilbake til desse tre individa. Seinare har det kome fleire immigrantulvar, men det er stort sett berre to som har bidrege med nye genar, dei òg er frå den finsk-russiske bestanden.
– Så det er stor innavl?
– I prinsippet kan heile den noverande skandinaviske stammen på 400 ulvar førast tilbake til fem dyr. Det er ein ekstrem grad av innavl. På grunn av innavl gjennom så mange generasjonar, deler eit gjennomsnittleg skandinavisk ulvepar like mykje genmateriale som sysken, også når dei ikkje er sysken.
– Kva følgjer har innavlen?
– Vi har påvist at kvalpekulla vert mindre. Dess høgare grad av innavl, dess færre kvalpar.
– Er ulv med slikt genmateriale noko å samle på?
– Innavla eller ikkje er ulven ein del av det biologiske mangfaldet i Noreg, og som toppredator har han ein naturleg plass i dei vidstrekte skogane her.
– Kva kan gjerast i forvaltninga for å redusere innavl?
– Forvaltning er verken feltet eller ansvarsområdet mitt, men det som trengst, er nye immigrantar utanfrå, frå dei austlege nabobestandane. Det er ein mykje større bestand, så der er det ikkje same innavlsproblematikk. Vi må syte for at immigrantulvane vert tekne vare på, og at avkoma deira vert tekne vare på.
– Kor mange revir og flokkar er det i Noreg i dag?
– Tala frå i fjor dokumenterte 21 flokkar og ulvepar i Noreg, inkludert grenserevira. Dei fordelte seg på 13 familiegrupper og åtte revirmarkerande par.
– Regjeringa vil sikre ein levedyktig bestand av ulv. Kva inneber det i Noreg?
– Det er vanskeleg å sjå separat frå Sverige, i og med at det er ein fellesbestand. Analysane som er gjorde, seier at den skandinaviske ulvebestand må vere på minst 300 dyr og få inn nok immigrantar for å vere levedyktig. Med ein bestand på 300 dyr, må det kome minst éin immigrantulv per generasjon, eller kvart femte år. Korleis dette skal omsetjast til den norske delen av bestanden, er ikkje avklart.
– Men det vil seie at målet om ein levedyktig bestand i Skandinavia kan vere nådd?
– Det er spørsmålet. Den avgjerande faktoren er talet på ulvar utanfrå, så det vert spanande å sjå denne sesongen kva vi finn av attlevande avkom frå dei nyaste immigrantulvane. Dei to siste utanfrå som har bidrege til bestanden, kom i 2008. Det er to generasjonar sidan. Nokre har kome etter det òg, og har fødd ulvekull, men desse avkoma har enno ikkje reprodusert seg. Éin immigrantulv per generasjon skulle tilseie minimum sju i reproduksjon frå 1983. Så langt er det berre fem.
– Men det kan endre seg raskt?
– Den nyaste immigrantulven kom i 2015 og rakk å få eitt kull før han forsvann. I Örebro län i Sverige er det også fødd eitt kull i år og eitt kull i fjor frå ein immigrantulv. Får vi etablering frå nokre av desse kvalpane, vil situasjonen betre seg. Men framleis vil innavlsnivået vere høgt.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– I prinsippet kan heile den skandinaviske stammen på 400 ulvar førast tilbake til fem dyr.
Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.