Kjøpesenterdauden
Det er ikkje berre netthandelen som trugar kjøpesentera. Kjøpesentera bit seg sjølve i halen ved å esa meir og meir ut.
Kjøpesenter i USA går konkurs. Det er fordi det er for mange av dei.
Foto: Patrick Semansky / NTB scanpix
I den siste tida har avisene hatt titlar knytte til kjøpesenterdauden. Både Aftenposten og Finansavisen varsla at kjøpesentera vil gå ei mørk tid i møte. Dei viser til «blodbadet» i USA: 2017 er året då butikkdauden sveipa over det nordamerikanske kontinentet. Kjende butikkjeder går konkurs, og kjøpesenter etter kjøpesenter får kroken på døra.
Kvifor? Netthandelen er svaret. Amazon et ein stendig større del av marknadskaka. No tilbyd nettgiganten ikkje berre bøker, men òg elektronikk, skor, klede – you name it. Norske kommentatorar spår same tendensen i Noreg. Tal frå SSB varslar om nye tider: I fyrste halvdel av 2017 selde netthandelsbutikkar i Noreg varer for 9,5 milliardar kroner. Det er ein auke på heile 14 prosent jamført med halvåret før.
Overetablering
Men netthandelen fortel ikkje alt. Kikar vi på amerikanske medium, er biletet meir komplisert. Tidlegare i år publiserte Derek Thompson i The Atlantic ein artikkel – «What in the World Is Causing the Retail Meltdown of 2017?» – som peikar på andre grunnar til nedgangen. Nettbedrifta Amazon, som femdobla salet sitt mellom 2010 og 2016, frå 16 til 80 milliardar dollar, er viktig, men samtidig berre ein del av eit større bilete. Thompson peikar på to andre grunnar, som elles òg blir vist til i andre artiklar om kjøpesenternedgangen. For det første voks talet på kjøpesenter i USA dobbelt så fort som talet på innbyggjarar i åra 1970–2015. USA har no ti gonger så mange kvadratmeter kjøpesenter som Tyskland. Det handlar altså om overetablering av kjøpesenter.
Ein kik på nyhende om norske kjøpesenter kan tyde på at denne røyndomen òg gjeld landet vårt. Noreg har om lag 900 kjøpesenterkvadratmeter per tusen innbyggjarar, imot Tysklands 180 kvadratmeter. Vi er klart størst i Europa. I Noreg råder det ein uheldig maktkonsentrasjon; eit lite tal kjøpesenterkjeder kappast om kundane, om det er Coop eller Olav Thon Gruppen – eigaren av Amfi-kjeda – eller finske Citycon, som står bak Sektorgruppen.
Dette fører til ei hard tevling mellom kjøpesentera. I Trondheim sakkar Byhaven akterut, medan City Syd enno held fortet. I Bergen tapar Åsane Storsenter kundar, medan det nyare Horisont veks. Men Horisont, der Coop er eigaren, kan vente kamp: Olav Thon har kjøpt Åsane Storsenter. Truleg kan vi vente oss utviding og nye tilbod.
Stor, større, størst
Vi forstår kva mekanisme som ligg bak: Det handlar om store gutar som kappast om å ha lengst og størst. Olav Thon er i gang med å utvide kjøpesenteret på Moa ved Ålesund til gigantiske 137.000 kvadratmeter. Det blir Nordens største. Coop planla 150.000 kvadratmeter i ein handelspark ved Førde, men Fylkesmannen fekk dei til å nøye seg med 70.000.
Men kan kvadratmetrane auke i det uendelege? Finst det ikkje eit mettingspunkt? Jau, og då er vi inne på den andre grunnen Derek Thompson peikar på i «What in the World Is Causing the Retail Meltdown of 2017?»: «Måltid heller enn materialisme», kallar han det. Dagens unge har andre preferansar enn etterkrigsgenerasjonen. I USA veks omsetninga i restaurant-, pub- og kafénæringa dobbelt så fort som i alle andre bransjar i detaljhandelen. Vi ser det same i Noreg: I Oslo auka omsetjinga på serveringsstader med over 60 prosent i perioden 2008–2015. Unge vil ha oppleving og sosiale møteplassar framfor stendig større TV-apparat.
I dette biletet har tradisjonelle by- og bygdesenter med trivelege gater føremoner framfor kjøpesenter ved aude vegkryss utanfor bygrensa. Men kva ser vi? Dei fleste kommunefolk sit enno og drøymer om verdiskaping gjennom identitetslause kjøpehallar, som ein Olav Thon eller ein Coop-leiar skal trylle fram over natta. Det er på tide med ei mentalitetsendring i norsk byplanlegging.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Unge vil ha oppleving og sosiale møteplassar framfor stendig større TV-apparat.
Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.