Der nazismen vart forsona med keisarriket
Garnisjonskyrkja i Potsdam skal byggjast opp att, 50 år etter at ho vart riven av DDR-regjeringa. Det opnar mange kjenslevare spørsmål om fortida.
Postkort som minnest Potsdam-dagen 21. mars 1933, med Adolf Hitler, Hindenburg og Fredrik den store, med garnisonskyrkja i bakgrunnen.
At bygningar kan vere symbol i tre og stein, veit vi alle. Frå slott til katedralar, frå festningar til rådhus, frå enkle bustader til gigantiske skyskraparar – alle er dei evigvarande avtrykk frå historia.
For ikkje å tale om byplanar, ofte i kryssingspunktet mellom det monumentalt statsbyggjande (Ringstrasse i Wien), det politisk medvitne (Hausmanns gaterevisjonar i Paris for lettare å kunne kvele oppstandar) og det ornamentalt nasjonsbyggjande (Karl Johan i Oslo).
Nytt innhald
Ofte må slike historisk minne restaurerast. I statar med mykje historie – somme vil seie for mykje historie – som Tyskland, vil restaureringsprosjekt av denne typen alltid bere med seg ein tung arv.
Tenk berre på keisarslottet i Berlin, sprengt i lufta av DDR-styresmaktene i byrjinga av femtiåra. Dette slottet, krigsskadd, var symbolet på det autokratiske, wilhelmske Tyskland og den prøyssiske militarismen.
No vert dette slottet restaurert på staden der DDRs asbestfylte Volkspalast stod. Med gamal klassisistisk fasade, men med nytt innhald. Palasset skal verte museum for verdskulturane, basert på dei store samlingane Berlin-musea har liggjande.
Minne eller åtvaring?
Femti år etter at ho vart sprengd sund av DDR, skal no garnisjonskyrkja i Potsdam òg byggjast opp att. Denne barokkyrkja vart innvigd i 1732 etter teikningar av Philip Gerlach. I Die Zeit tidlegare i år hadde Evelyn Finger eit breitt oversyn over denne symboltunge bygningen.
Det debatten no står om, er om denne kyrkja kan medverke til forsoning. Skal bygningen bli eit minne og ei åtvaring mot ei farleg line i tysk historie, eller på ny eit samlingspunkt for nostalgiske attersyn i eit Tyskland der vi atter ser marsjar mot «dei framande»?
Symbol på militarisme
Der det i dag berre er eit rom, stod ein gong det fysiske oppdraget frå kong Fredrik Vilhelm I: eit byggmeisterpraktbygg støtta av den prøyssiske adelen med 3000 sitjeplassar. Dei som sat attmed alteret, kunne sjå opp på ei skinande sol i taket.
Kyrkja vart tidleg symbol på militarisme, nasjonalisme og til sist nasjonalsosialisme. Det var her, den 21. mars 1933, etter at NSDAP hadde vunne ein storsiger (men aldri reint fleirtal) i det ufrie valet 5. mars, at korporal Hitler rekte fram handa til marskalk Paul von Hindenburg i pigghjelm og sameinte nazismen med den prøyssiske arven av autokrati og hypernasjonalisme.
Biletet av ein audmjukt bukkande Hitler i sjakett er noko av det mest inntrykksfulle i heile den tyske 1900-talshistoria.
Framfor alteret stod keisarstolen tom. Han som ein gong sat der, var oppteken med å hogge ved i eksilet sitt i Dorn i Nederland. Vilhelm II vart den store attergløyma, men Hitler sende ein krans då vedhogginga stogga i 1941.
Å dempe angsten
Hitler skjøna at han måtte roe ned angsten i det tyske borgarskapet for den nye brutale masserørsla, nazipartiet. Forsoninga skjedde symboltungt nett i denne kyrkja. Opptrinnet, med prøyssiske pigghjelm og SA-formasjonar innimellom, eliminerte for augneblinken trugsmålet frå høgre for Hitler.
Her ligg òg mesteparten av grunngjevinga for at DDR brukte dynamitt for å gjere kyrkja om til ein ruinhaug i juni 1968. Denne kyrkja stod for alt det DDR ikkje stod for.
Arbeidet med å atterreise bygget tok til i 1990. Heile vegen åtvara kritikarane mot å få ei «militærkyrkje» i Potsdam. Skeptikarane peika på dei svarte sidene ved prøyssarideologien som kunne få sitt nyoppvekte symbol: revansjisme, krigsherleggjering, konge- og førartruskap, kadaverdisiplin.
Forsvararane svara med å lansere mottoet: «Gløym ikkje historia, kjenn ansvar, lev ut forsoning.»
Fredsvegen
På framsida av bygningen skal det rissast inn på fem språk: «Før føtene våre til fredens veg.» Det er ei helsing med bibelsitat til dei fire landa Tyskland gjekk til åtak på: Polen, Frankrike, Russland og Storbritannia. (Men kvifor ikkje Tsjekkoslovakia, Holland, Belgia, Noreg, Danmark, må vi spørja.)
Inne i kyrkjerommet skal det vere plass til mykje anna enn høgmesser: bibliotek, føredragssal, arkiv og utstillingar, 1200 kvadratmeter i alt. Folk skal få ei kyrkje som korkje osar av prøyssarovundring eller prøyssarforakt.
Tvisynet
At vedtaket om atterreising ikkje var lett, kan ein sjå på prosessen før vedtaket. Biskop Wolfgang Huber, som er knytt til kyrkjelyden, fekk eit tilbod frå ein pensjonert oberst, Max Klaar. Han ville gje seks millionar euro til atterreisinga, men på fylgjande vilkår: Ingen kvinner skulle få preike, ingen homofile, ingen vernepliktsnektarar. Tilbodet vart avvist.
Svaret hans er interessant. Det er ikkje nokon annan stad i Tyskland der ein klårare kan sjå tvisynet i tysk historie. «Eg er for å byggje kyrkja opp att nett for å syne fram denne ambivalensen», sa Huber.
Toleranse og disiplin
I debatten er det òg kome påpeikingar om at arven frå Preussen ikkje berre handla om kadaverdisiplin, men om kompetanse, umutelege offentlege tenestemenn, høge danningsideal, bismarckske velferdsordningar og religiøs toleranse. Fredrik I opplevde sjølv fleire truvedkjenningar i kyrkja.
Med andre ord: fromskap, pliktkjensle, sparsemd, lydnadsideologi kunne føre til ... ja, konsentrasjonsleirane.
20. juli
Men Finger minner oss om at det òg var prøyssiske offiserar som kom nærast til å ta livet av Hitler 20. juli 1944. Henning von Treschow, ei drivkraft bak attentatet (han drap seg sjølv på Austfronten då det var klart at attentatet var mislukka) høyrde til infanteriregiment 9 som sokna til garnisjonskyrkja i Potsdam.
Tjueein offiserar frå dette regimentet tok del i drapsfreistnaden på Hitler. Automatisert motstand mot garnisjonskyrkja tek ikkje nok høgd for denne dimensjonen ved historia. 38 millionar euro vil alt koste.
Den same arkitekten som byggjer keisarslottet i Berlin, Thomas Albrecht, skal òg stå for Potsdam-kyrkja. Dei som har vitja Hofkirche i Dresden, bygd opp delvis med bruk av datamaskinar for å få på plass steinar frå ruinhaugen etter februarraidet i 1945, skjønar kor flott Potsdam-bygget vil bli. «Preussen utanpå, nytt inni.»
Bernt Hagtvet
Bernt Hagtvet er professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo og Bjørknes Høyskole
og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Denne kyrkja stod for alt det DDR ikkje stod for.
Fleire artiklar
Carl Friedrich Abel (1723–1787). Utsnitt av måleri av Thomas Gainsborough frå 1777.
Mellom verder
Carl Friedrich Abel var den siste store viola da gamba-virtuosen.
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.