JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Når det liberale blir totalitært

Det kan synast som eit paradoks at den rørsla som skal ha æra for å avskaffa kriminalisering av homofili, no stiller seg i spissen for nettopp fengselsstraff som reaksjonsmåte.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Strafferamma for forbodet mot konverteringsterapi er i framlegget seks års fengsel, på linje med aktlaust drap, skriv Jan Inge Sørbø.

Illustrasjon: BNP Design Studio / Shutterstock / NTB

6548
20221021
6548
20221021

I år er det 50 år sidan homofile handlingar vart avkriminaliserte, og det er blitt markert på mange vis. Soga om forfylginga av homofile er både trist og stygg. Den lova som vart avskaffa i 1972, vart innført i 1902, og ho sa at seksuelle handlingar mellom menn kunne straffast med inntil eitt års fengsel, dersom allmenne omsyn kravde det. Det siste kunne lesast som ei modifisering, og rettspraksisen var strengast dersom den eine parten var svært ung.

Før 1842 var det ifylgje lovbokstaven dødsstraff for homofile handlingar. Dette er ein del av den juridiske historia som vi med rette ser på med skrekk i dag. Det trur eg også gjeld folk som har eit restriktiv syn på til dømes homofile ekteskap. Ein vil ikkje tilbake til straff og fengsel. Internasjonalt er det annleis, til dømes er det ein sentral del av dagens russiske ideologi at homofili må motarbeidast med alle middel, og fysisk vald blir brukt.

Paradoks

I vår kom så eit lovforslag som vil forby konverteringsterapi. Det kan synast som eit paradoks at den rørsla som skal ha æra for å avskaffa kriminalisering av homofili, no stiller seg i spissen for nettopp fengselsstraff som reaksjonsmåte. Og strafferamma er seks års fengsel. Det er ei seksdobling av strafferamma i forhold til lova som forbaud homofile handlingar, og på linje med aktlaust drap.

Det siste er kanskje ikkje tilfeldig, fordi det har vore mange sjølvmord blant unge menneske som har kjempa med spørsmålet om seksuell orientering, og ideologisk styrt og manipulerande «hjelp» kan faktisk vera livsfarleg. Men lova, og ikkje minst strafferamma, reiser likevel mange spørsmål.

Straks lova vart lansert, rykte Vebjørn Selbekk ut og hevda at dette var eit alvorleg åtak på religionsfridommen. Fleire religionar og trusretningar stiller seg tradisjonelt avvisande til homofil kjærleik og homofile forhold, og dei grunngjev det med heilage tekstar som kjelde. Retten til fri religiøs utfalding kolliderer med retten til å leva ut si seksuelle orientering. Dermed står vi overfor eit ekte, liberalt dilemma, der samfunnet må handtera at uforsonlege syn står mot kvarandre, og der begge partar kan hevda at rettane deira blir krenkte.

Det er også noko uklart ved lova: Er forbodet retta til psykologar og terapeutar, for å hindra at dei bistår folk som vil kvitta seg med tiltrekninga mot eige kjønn? Det er i så fall mindre problematisk, sidan den slags terapi byggjer på ei førestilling om at homofil orientering er sjukdom, noko fagfolk ikkje trur på lenger.

Litt meir uklart er det om lova kan ramma meir opne samtalar, der klienten er i reell tvil om eiga orientering. Skal det vera lov å hjelpa folk til ei homofil orientering, men ikkje til å styrka den heterofile sida dei måtte ha? Men å avvisa den typen åtferdsterapi som skulle fjerna kjenslene til denne gruppa, er neppe kontroversielt. Det er målsetningar og framgangsmåtar som høyrer til i psykiatriens tomslege historiske redselskabinett.

Det vanskelege spørsmålet er om ein skal forby etisk rettleiing som frårår homofile forhold, med religiøse argument. På det punktet kolliderer dei to omsyna: religionsfridom og retten til å velja si eiga samlivsform.

Høyringa

Nyleg gjekk høyringsfristen for lova ut. Eg har med interesse lese om svara frå kyrkjeleg hald. Den norske kyrkja har i all hovudsak støtta lova, dei ser få problem med henne. Svara er gitt av bispedøma, og varierer litt, men jamt over er dei positive. Det er også Open folkekyrkje, som samarbeider tett med dei homofile organisasjonane, dominerande i kyrkjedemokratiet. Derimot reagerer både Den katolske kyrkja og lekmannsorganisasjonane med skarp avvising.

Dette demonstrerer etter mitt syn at ein ikkje ser på konflikten mellom religionsfridom og seksuell fridom som eit dilemma. Dei som sjølv har eit liberalt syn på homofilt samliv, som den offisielle norske kyrkja har, anerkjenner ikkje noko dilemma. Dei får sitt syn stadfesta. Og på den andre sida har vi dei konservative, som ikkje anerkjenner homofilt samliv som religiøst legitimt. Dei avviser dermed forbodet mot konvertering, i alle fall dersom det skal omfatte religiøs forkynning og etisk rådgjeving.

Dette viser etter mitt skjønn at vi er komne svært kort når det gjeld reelt mangfald og faktisk liberalitet, sjølv om toleransen for homofili er blitt radikalt utvida. Kvar part vil at dei liberale rettane skal gjelda dei sjølve og deira flokk, så får dei andre greia seg så godt dei kan. Særleg påfallande er refleksjonsmangelen frå den tidlegare statskyrkja. Vi får ei lov som faktisk kan føra til at forkynnarar i andre kristne trussamfunn og andre religionar kan bli straffa dersom dei fremjar sitt syn i samtale og sjelesorg.

Dette fører tankane til den tradisjonelle praksisen til statskyrkja. Det går linjer tilbake til kampen mot å tillata dissentarsamfunna i Noreg, som statskyrkja førte på 1800-talet. Og kampen mot haugianismen, der kyrkja med stort frimot gjekk til staten for å få kasta haugianarar og metodistar i fengsel. Katolsk tru var forboden i landet langt opp på 1800-talet, og jesuittparagrafen vart ståande til 1950-talet. Ein brukte altså staten til å halde nede trusretningar ein ikkje likte.

Fleire omsyn

I den dominerande teologien i Den norske kyrkja no ser ein på konservativ kristendom som eit farleg hinder for kyrkjeleg arbeid. Når ein heilt overser dei vanskane den nye lova kan føra til for konservative trussamfunn, er det vanskeleg å oversjå eit mønster. Ein brukar staten – på same måte som i einevaldsstaten – til å tukta lekfolk og fanatikarar. Ein har berre byta ut den lutherske ortodoksien med eit ajourført syn på samliv.

Skal så religiøse og psykologiske sjarlatanar få herja fritt? Det skal dei ikkje. Det må vera mogeleg å stoppa folk som skadar unge og sårbare menneske. Men når ein skal setja grenser, må ein sjå at her er det fleire omsyn i spel. Å gje staten rett til å regulera religiøs forkynning og praksis med lange fengselsstraffer, er å setja strenge grenser for religionsutøving. Her er forslaget til lov ureflektert og farleg, og bør avvisast. Det går fint an å bli totalitær med liberale motiv. Det er det nokon som ikkje har forstått.

Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Vi er komne svært kort når det gjeld reelt mangfald og faktisk liberalitet, sjølv om toleransen for homofili er blitt radikalt utvida.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Magnus Lysberg (t.v.) og Harald Stolt Nielsen har arbeidd som krimjournalistar i Aftenposten i fleire år.

Foto: Astrid Waller

BokMeldingar

Ei vill mafiahistorie frå Noreg

Harald Stolt-Nielsen og Magnus Lysberg har skrive ei veldokumentert norsk-marokkansk mafiahistorie.

EinarHaakaas

Juliette (Izïa Higelin) dreg til heimbyen for å besøke familien. Det viser seg at faren ikkje klarer å uttrykkje kjenslene sine, mora har blitt meir eksentrisk enn nokon gong, systera er i ei midtlivskrise, og bestemora har hamna på aldersheim.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Vår Juliette har overraskande tyngde til å vera pakka inn så lett

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis